søndag 9. mars 2008

Søndag, 9.mars

1.divisjonslaget spelte idag semifinale og finale. I semifinalen møtte dei Dragvoll, og vann 2-0 (25-22, 25-21). Motstandar i finalen var Grim. Tambar leia nesten heile fyrste settet, men så tok Grim innpå og vann fyrste sett. I andre settet var det Grim som sjefa heile tida, og Tambar måtte innsjå at 1.plassen var tapt. Dermed vann Grim 2-0 (26-24, 25-19) over Tambar. Men sjølv om Tambar ikkje vann turneringa, vann dei 1.divisjon totalt og har dermed rett på eliteplass til neste sesong.

U-16 spelte serieturnering i Naustdalshallen idag. Tambar hadde to lag påmeldt, og laga såg slik ut:
Tambar 1:
Caroline Helle
Marina Gjøringbø
Astrid Marie Erdal
Annette Kalland
Frida Hjelle Aamot
Silje Undal

Tambar 2:
Mari Horstad
Oda Longvastøl
Gunn Elisabeth Hukset
Iselin Strømset Skaar
Randi Horstad
Kristine Larsen
Ina Steiro Herstad

Tambar 1 kom til slutt til finalen, der dei spelte mot Viksdalen. Tambar vann 2-0 (har ikkje settsiffera, men kampen var veldig jevn)! Tambar 2 klarte å fiske i land ein 5.plass. Ein super dag for Tambarskjelvar Volleyball!

lørdag 8. mars 2008

1. dag av ranking-turneringa på Lier

1. dag er over og Tambar har hatt ein svært god dag. Dagen starta med puljespel mot Stod Volley. Tambar vann 2 - 0 (25-20, 25-22). Deretter spelte dei mot Lier og vann 2-0 der også (25-21, 25-18). Tambar vann pulja si, og kom til kvartfinalen, der dei spelte mot Åsheim. Sigeren gjekk til Tambar, 2-1 (17-25, 27-25, 15-12). Imorgon ventar semifinale mot Dragvoll.

Imorgon skal også u-16 spele turnering i Naustdalshallen. Tambar har meldt på 2 lag. Dette er siste serieturneringa for sesongen.

Les Volleymedia.no sin artikkel her.


Mari, Hilde og Beate. Frå kampen mot Stod.


lørdag 1. mars 2008

1. div Tambar - Stod

Tambarskjelvar vann 3-0 over Stod frå Steinkjer i ettermiddag. Alle tre setta var jamne, men Tambar viste vinnarvilje, og vann kampen. Det var også eit stort publikum som hjalp dei med å vinne.
Dermed har Tambarskjelvar blitt seriemeister i 1.divisjon! Dei må også vinne siste ranking-turneringa for å få spørsmålet om spel i eliteserien til neste år.

Gratulerer!

Tambar - Stod.

Les Firda sin artikkel her