søndag 27. april 2008

NM u-16 og NM u-21

Som tidlegare nemnt var det NM for 16-års lag denne helga her, men det har ikkje blitt nemnt at det også skulle vere NM u-21 i Stavanger!

Tambarskjelvar stilte med eit lag i 21 års NM, og dei enda på ein god 2.plass etter 0-3 tap mot BSI. 16-års laget måtte til slutt ta til takke med ein 13.plass. Sjølv om plasseringa ikkje er noko å skryte av, så avslutta vi med stil! 2-0 mot Øksil i siste kampen.

torsdag 24. april 2008

NM u-16 i Trondheim

Torsdag morgon reiser mange spente jenter + trenarar til NM for 16-årslag i Trondheim.
Tambar er i pulje med Holstad og Rossvoll. Vi skal spele fyrste kampen fredag morgon klokka 9.00 mot Rossvoll. Klokka 14.00 vert det kamp mot Holstad.

Vi gler oss!

NM u-19 i Øystese/Norheimsund

Torsdag ettermiddag reiste 19-årslaget til Hordaland.
Fredag morgon 9.00 spelte vi vår fyrste kamp mot Tromsø Volley. Der vann vi 2-1 (22-25, 25-14, 16-14). Seinare på dagen spelte vi mot Nyborg og der vann vi 2-0 (25-9, 25-4).

Laurdagen starta med 1/8 finale mot Flint. Til tross for god sørving frå deira side, vann vi 2-0 (25-23, 25-16) her også.
I kvartfinalen møtte vi Øksil. Dei slo oss 0-2 (17-25, 15-25). Med dette tapet vart vi slått ut. Bittert, men slik er det berre.

Søndag morgon møtte vi favorittane Koll. Koll vart slått ut av Kolbotn i kvartfinalen. Tambar vann 1.sett (25-16), men Koll kom sterkt tilbake og tok dei to siste setta (15-25, 11-15).
I siste kampen vår møtte vi Førde sitt lag. Det vart eitt surt tap for Tambar, Førde stakk av med begge setta (0-2). (12-25, 20-25).
Dermed enda Tambar på 8.plass.

mandag 14. april 2008

NM u-19

Torsdag ettermiddag reiser 19-årslaget til Hardanger for å delta i NM for 19-årslag. Dei som er med er:
Beate Nyhammer
Camilla Nøstdal
Silje Vallestad
Mari Standal
Ina Steiro Herstad
Marina Gjøringbø
Frida Hjelle Aamot
Linda Apneseth
Amalie Gravir
Guro Hjelle Aamot

Sturle Standal og Lise Toverud er lagleiarar. Terje Vallestad er med som dommar.

Oppe f.v: Frida, Marina, Ina, Camilla, Silje. Nede f.v: Mari, Beate, Jeanette, Amalie. Linda og Guro var ikkje til stades. Jeanette skal ikkje vere med.

Tambar er i pulje med Tromsø Volley og Nyborg.
Vi skal spele fyrste kampen mot Tromsø Volley 11.40 på fredag. Deretter skal vi spele mot Nyborg 17.30. Om vi vert nr.2 i pulja spelar vi 1/8 finale på fredag. Vert vi nr.1 eller nr.3 skal vi spele kamp på laurdag.

NM kan følgjast på www.volleyball.no eller www.volleymedia.no
Arrangør for NM 19 er Rossvoll VBK. Her er heimesida deira.


Vi satsar på å få ei triveleg helg i Hardanger! :)

søndag 6. april 2008

Blindheimscupen

I helga deltok mange Tambar-lag på Blindheimscupen. Det var 2 lag i 16-års klassa og 3 i 14-års klassa.
Fredags ettermiddag reiste alle saman oppover. Vi var framme i 8-tida og fekk rigga oss til på klasseromma til Blindheim ungdomsskule ganske kjapt.

Dagen etter starta med frukost på klubbhuset til Blindheim idrettslag. Deretter tok vi bussen vidare til Fagerlihallen. Dagen vart lang og kvart lag spelte 6 kampar kvar.

Søndag spelte laga ein kamp kvar. Etter alle var ferdige å dusje, sette vi oss i bilane og sette kursen mot Naustdal att!
Tambar 1 enda til slutt på 6.plass medan Tambar 2 enda på 17.plass. Men sjølv om plasseringane ikkje ser så bra ut på papiret, så gjorde begge laga ein kjempegod innsats!


(Les meir i måndagsutgåva til Firda)

Resultat finn du her.