søndag 10. april 2011

Volleyball NM U16 i Bergen

Tambarskjelvar kom på ein fin 4.plass av i alt 16 lag. Etter godt spel både i pulja og kvartfinalen viste vi at Sortland i semien ville bli noko heilt anna motstand enn vi hadde hatt til no.Vi hadde eit lite håp om å spele jamt med Sortland, men dei pressa oss på serv frå første ball. Tambarjentene fekk aldri igang spelet, og vart overkøyrt av norges beste U16 lag.

Tap 0-2 (11-25 og 11-25) Sortland vann 2-0 mot Øksil i finalen.
Dermed vart det bronsefinale mot Hana frå Sandnes.
Her vart det eit 0-2 tap(21-25 og 17-25) Dermed måtte vi ta til
takke med den lite kjekke 4.plassen. Men vi er norges 4.beste U16 lag.
Det er flott:)

Spelarar: Bente Finsrud, Kristina Nyman, Karoline Salbu, Trine Einevoll,
Martine Mallasvik, Solveig Jensen, Veronika Djupvik, Lena Kvellestad
og Kristin Standal.
Trenarar:Dag Rune Mallasvik og Sturle Standal.

fredag 8. april 2011

U12 laget

No nærmar det seg sesongslutt for U12 laget til Tambar, og ei oppsummering av sesongen er på sin plass. Heile 22 jenter og gutar har vore med. Vi har hatt ein flott sesong. Før jul trente vi ein gong i veka, no etter jul har vi trent to gonger. Vi har delteke på fleire U12 turneringar og vi deltok også i KM U14. Høgdepunktet på sesongen var nok Blindheim Cup der vi stillte med 3 jentelag og 2 gutelag, der stillte vi i U 14 nybegynnar klassen. Gutane fikk 5. og 7. plass, medan jentene endte på 7,11 og 13 plass. Vi kosa oss verkeleg på denne turen, både på og utanfor volleyballbana.

Spelarane har hatt god utvikling i spelet sitt gjennom sesongen. Dei er treningsvillige og det gir resultat :) Vi legg vekt på at alle skal trivast på trening. Skal ein kunne bli ein god volleyball spelar er det viktig å vere ein god lagspelar :) Det er moro å vere trenar til slike flotte spelarar :)

No tek vi oss ein treningspause, men spelarane har lova å spele volleyball på strender, plenar, parkeringsplassar o.l i sommar:) Så møtast vi alle i august/september til ny sesong.

Elin har vore oppmann for laget denne sesongen, ho og Eilin har vore med som hjelparar på treningane. Tusen takk damer, de er toppen!!

Volleyballhelsing frå Anne Marit

søndag 3. april 2011

8.plass i NM U19

Tambar sine jenter enda til slutt på ein 8.plass av 16 lag i NM U19 som vart arrangert i Førde denne helga.

Innleiande møtte laget tre lag, Ellingsøy, Holstad og Sortland. Dei slo både Ellingsøy og Holstad 2-0 (25-21, 25-13 mot Ellingsøy og 25-22, 25-23 mot Holstad). Etter ein veldig god kamp mot Holstad, venta Sortland. Det vart eit 0-2 tap (11-25, 21-25) mot eit godt jobbande Sortland-lag.
Det vart 2.plass i pulja, og vi måtte spele ein ekstra kamp (åttandedelsfinale) for å komme med i det øvre sluttspelet. Her spelte dei mot Spirit Lørenskog og vann 2-0 (25-23, 25-18). Dette var ein kamp som jentene aldri kom heilt i gong i. Så var det kvartfinale mot KFUM Stavanger. Stavanger var betre, og jentene vart slått 0-2 (17-25, 18-25). Dei gjorde eit godt forsøk på å slå Stavanger, men vart diverre eit hakk for små i denne kampen.

I neste kamp venta naboklubb Førde. Diverre vart det tap også i denne kampen. Førde vann 2-0 (25-22, 25-22). Jentene gjorde eit godt forsøk her også, men tapte mot eit forsterka Førdelag med tre innhenta TVN-spelarar.

I kampen om 7.plassen søndag føremiddag, møtte jentene Rossvoll. Her kom dei heller aldri skikkeleg i gong. Rossvoll vann 2-0 (25-13, 25-21). Så dermed vart det ein 8.plass, som var eit mål både trenarar og spelarar hadde sett seg på førehand.
Spelarar som var med:
Trude Anette Vallestad, Frida Hjelle Aamot, Ina Steiro Herstad, Oda Heggedal Longvastøl, Randi Horstad, Benedikte Kalland, Gunn Elisabeth Hukset, Martine Mallasvik, Karoline Salbu, Kristina Nyman, Bente Finsrud og Trine Einevoll.
Trenarar/lagleiarar: Sturle Standal og Siw Heggedal Longvastøl
Ass. trenar/lagleiar: Dag-Rune Mallasvik