mandag 28. desember 2009

Volleyballtrening i romjula og vareteljing

Trening i veke 53:
Måndag 28.12 kl.18-20
Onsdag 30.12 kl.16-18 (merk tida)
Dette er trening for D1/ D2 og spelarar som er på juleferie.
Vareteljing på Coop, Naustdal søndag 3.januar kl.1100 til ca.1600.

Desse spelarane er oppsett:Trude Vallestad, Evita Kvammen, Veronica Espeseth, Oda Heggedal Longvastøl, Linda Apneseth, Caroline Helle, Mari Standal, Marina Gjøringbø, Randi Horstad, Marte Heggedal Longvastøl, Benedikte Kalland, Annette Kalland, Astrid Marie Erdal, Mari Horstad, Gunn Elisabeth Hukset og Silje Skilbrei. Eg vil ha ein bekreftelse at du stiller/ ikkje kan stille (god grunn). SMS til 95131666.

Sturle

tirsdag 22. desember 2009

Volleyballavslutning 09

I går, 21.desember, var det avslutning for alle lag i Tambarskjelvar Volleyball (ikkje dei aller minste). Det vart laga til 6 lag, med 6 spelarar på kvar, nokre lag hadde 7. Etter at alle kampane var ferdigspelte, vart det utdeling av diverse premiar/gåver.







fredag 18. desember 2009

Laurdagskafè og avslutning

I morgon, 19.desember klokka 11.00, arrangerar volleyballgruppa laurdagskafè på kyrkjelydshuset i Naustdal. Det skal vere trekning av volleyballodda som volleyballspelarane har seld dei siste månadane klokka 14, og elles vert det ein omgang med lynlodd. Det er også kaffi og kaker til sals!

Måndag 21.desember klokka 18.00 vert det felles avslutning for alle i volleyballgruppa. Det er same opplegget som dei tidlegare åra; vi miksar lag med spelarar i frå alle laga i gruppa.

Vel møtt både på kafè og avslutning!

tirsdag 8. desember 2009

Volleyball NM

Tre tidlegare Tambar-spelarar til NM -cupfinale. Randi Marie Berntsen, Hilde Elvebakk og Ingri Malene Erdal var på laget då BSI slo Blindheim 3-0 25-12, 25-15 og 25-18 tirsdag kveld. Dermed er laget klar for cupfinale i Bergen 9 eller 10.januar 2010 mot Koll frå Oslo.


(Bilete henta i frå www.bsivolley.blogg.no. Hilde nr.1, Randi nr. 12 (raud), Ingri med ryggen til)

Landslagstrenar på besøk

Ex-sandvolleyballstjerna Nila Håkedal er på rundtur i Fjaler-området denne veka saman med leiar i Oslo volley, John Walstad. Ho vil og ta ein tur til Naustdal torsdag den 10.12. I anledning besøket, spelar Tambar og Førde ein kamp som vil bli sett saman av spelarar frå U17- og U19-laga til klubbane. Ho er no assisterande landslagstrenar for Norge U19 jenter. Dette blir ei fin anledning for nokre av våre spelarar å få vist seg fram på.

Tambar stiller med desse spelarane på torsdag:
Marina Gjøringbø, Oda Heggedal Longvastøl, Caroline Helle, Randi Horstad, Frida Hjelle Aamot, Ina Steiro Herstad, Trude Vallestad, Gunn Elisabet Hukset, Annette Kalland (viss frisk), Benedikte Kalland og
Astid Marie Erdal.

Oppmøte kl.1645

Sturle

(Foto: Mette Bugge (Aftenposten))



Julegristurnering 09

Julegristurneringa 2009

Sogn og Fjordane Volleyballkrins i samarbeid med Førde VBK Elite inviterer til den tradisjonelle Julegristurneringa.

Turneringa vert arrangert i Naustdalshallen 2.juledag (26.des.)
Denne unike turneringa femnar om alt frå profesjonelle til amatørar, frå veteranar til juniorar.

Det vert konkurrert i dame- og herreklasse. Startkontingenten er kr 600 pr lag.

Vi oppfordrar både klubbar og veneflokkar til å tromme saman lag og vere med på å skape god julevolleyballstemning i Naustdal.

Dei siste åra har vi fylt hallen til randa, og vi vil setje ei grense på 10 lag i kvar klasse. Her gjeld første-mann-til-mølla prinsippet, så det er berre å melde seg på i god tid. Detaljar blir publisert på http://julegristurnering.blogspot.com/

Påmelding innan 20.desember:
Mail: dag.storoy@enivest.net
SMS: 45 03 93 97


Med venleg helsing


Sogn og Fjordane Volleyballkrins

Førde VBK Elite

mandag 7. desember 2009

2 div, Førde 2 - Tambar 2 i Naustdalshallen mandag 7.desember

Siste seriekampen for Tambar 2 var flytta frå torsdag 10. til mandag 7. desember grunna kampkollisjon for Tambar sine spelarar.
Ettersom lagleiar Magne Hornnes ynskte å spele i Naustdalshallen, vart det ein ekstra "heimekamp" for Tambar laget :-), og med Magne sine displar som dommarar.
Det vart ein ujemn kamp på begge sider, men til Førde 2 sin endelege favør, med eit siste sett der Tambar vart ma sterkt pressa på serv og ikkje fekk på plass mottaka.
Kampen mellom Tambar2 og Førde 2 enda altså med 2-3 tap til Tambar 2, med settsiffera 11-25, 25-23, 16-25, 25 -13, 5-15.

Desse spelte for Tambar 2: Benedikte Kalland, Silje Undal, Evita Kvammen, Mari Horstad, Astrid Marie Erdal, Silje Skilbrei, Gunn Elisabeth Hukseth, Marina Gjøringbø og Oda Heggedal Longvastøl. Annette var sterk support på benken :-)

'



(Foto: Ivar Longvastøl)

Marina på landslagssamling

I går kom lista med jenter som er tekne ut til landslagssamling til det norske U19-laget. Ei av dei som vart tekne ut til å vere med på denne samlinga var Marina Gjøringbø.
12 klubbar og alle regionane i Noreg er representerte. Det er 22 jenter som skal vere med på denne samlinga, og desse 22 skal etter samlinga bli til 12.

Her er alle jentene som er tekne ut:
# Name Club Hight Birth Position
1 Andrea Aase Hole Koll IL 173 1992 Opplegger
2 Agnethe Lie Øyri Rossvoll 180 1992 Opplegger
3 Hanna Skårdal Vølstad KFUM Stavanger 177 1992 Opplegger
4 Martine Bye Stod 170 1993 Opplegger
5 Kari S. Ingebritsen Koll IL 181 1992 Midtspiller
6 Inger B. Pedersen Koll IL 180 1993 Midtspiller
7 Oda Ulveseth Koll IL 180 1993 Midtspiller/Dia
8 Ane Guro T. Hjortland Rossvoll 186 1992 Midtspiller
9 Ragni Hafnor Tromsø Volley 186 1992 Midtspiller
10 Hazel Perrens KFUM Stvg/TVN 174 1992 Midtspiller
11 Nora B. Lavik Flint IL/TVN 183 1993 Midtspiller
12 Ragna Torås Halseth Stod 180 1993 Midtspiller
13 Vilde W. Loland Koll IL 173 1992 Kantspiller
14 Camilla Elise Nergård Flint IL 169 1992 Kant/Libero
15 Irmelin T. Sannarnes BSI 180 1992 Kant/Libero
16 Rikke Marthinsen Holstad/TVN 174 1992 Kantspiller
17 Rebekka Aase Bahr Koll IL/TVN 181 1992 Kant/Diagonal
18 Kristine Hjembo Blindheim/TVN 177 1993 Kantspiller
19 Eline Henriksen KFUM Volda/TVN 171 1993 Kantspiller
20 Alicia Wennberg Randaberg/TVN 173 1993 Kantspiller
21 Hanna A.Enoksen KFUM Stavanger 174 1992 Kantspiller
22 Arina Gjøringbø Tambarskjelvar 174 1993 Kantspiller

Volleyball U19-ranking

Tambarsiger mot Førde i Førdehuset søndag 6.12 Etter eit svakt førstesett spela Tambar seg opp og vann 3-1. Settresultat: 14-25, 25-19, 25-20, 25-23. Begge lag stilte litt redusert, Tambar mangla Linda Apneseth og Førde mangla fleire spelarar frå 1.div.som hadde fått fri. Likevel ei fin gjennomkøyring for begge lag. Tambar stilte med desse: Oda Heggedal Longvastøl, Ina Steiro Herstad, Marina Gjøringbø, Caroline Helle, Randi Horstad, Frida Hjelle Aamot,
Trude Vallestad og Benedikte Kalland.

Sturle


Oda på serv under bortekampen mot Blindheim i november.

lørdag 5. desember 2009

Volleyball 1.div.damer

Tap mot naboen Førde laurdag 5.desember.På førehand hadde vi håp at denne gangen skulle det vere vår tur og etter ein god start på første settet såg det lyst ut. Litt mykje servefeil på slutten av settet førte til at Førde kom likt med oss men vi rodde i land settet med 28-26. Men etter dette gode settet falt vi i saman og mot eit ikkje alt for godt Førde lag tapte vi tre strake sett med15-25, 18-25 og 20-25.
På plussida i dag, mykje god serving spesielt av Mari Standal som hadde ein god dag og skapte mykje problem for Førde. Tambar idag: Lise Toverud, Marte Heggedal Longvastøl, Ina Steiro Herstad, Linda Apneseth, Frida Hjelle Aamot, Randi Horstad, Mari Standal, Caroline Helle, Marina Gjøringø og Oda Heggedal Longvastøl.

Til slutt, vi var best på tribuna idag.
Takk til Tambarfolk som heia på laget.

Sturle


U-16 turnering

Referat ranking turnering i Førde 5.12.09.J U-16.

I første kamp møtte vi Viksdalen, I den kampen avga vi vårt eneste sett for dagen, Tambar vant 2-1 (20-25, 25-7, 15-10). Neste kamp var mot Jølster, jevnt 1. Sett men Tambarjentene Var sterkest og vant kampen 2-0 (28-26, 25-18). Førde 2 var motstander i tredje kampen. Tambarjentene vant klart 2-0 (25-10, 25-18). I siste kampen møtte vi Førde 1,der hadde vi venta sterk motstand, men vi vant klart 2-0 (25-20, 25-6).

Tambarskjelvar stilte med disse spillerene:
Kristina N. Eline T. L. Karoline S. Solveig J. Anette K.Gunn Elisabeth H. Veronika D. Martine M. Kristin S. Trenere-lagledere Gunn T.N. Dag-Rune M.

Referent:
drm

fredag 4. desember 2009

Førde - Tambar

I morgon, laurdag 5.desember, skal 1.divisjonsjentene spele kamp mot Førde att. Det er duka for lokaloppgjer for andre gong denne sesongen! Sist gong laga møttast vann Førde 3-1. Tambar er revansjelystne, og treng absolutt hjelp i frå PUBLIKUM! Då Tambar møtte Førdep på bortebane i fjor, var bortepublikumet større og kraftigare enn heimepublikumet. Vi satsar på reprise denne gongen! Staden er Førdehuset og klokkeslettet er 15.00!!

Spre ordet til alle kjende. Jentene ser fram til å sjå DEG på kamp :)