Tap mot naboen Førde laurdag 5.desember.På førehand hadde vi håp at denne gangen skulle det vere vår tur og etter ein god start på første settet såg det lyst ut. Litt mykje servefeil på slutten av settet førte til at Førde kom likt med oss men vi rodde i land settet med 28-26. Men etter dette gode settet falt vi i saman og mot eit ikkje alt for godt Førde lag tapte vi tre strake sett med15-25, 18-25 og 20-25.
På plussida i dag, mykje god serving spesielt av Mari Standal som hadde ein god dag og skapte mykje problem for Førde. Tambar idag: Lise Toverud, Marte Heggedal Longvastøl, Ina Steiro Herstad, Linda Apneseth, Frida Hjelle Aamot, Randi Horstad, Mari Standal, Caroline Helle, Marina Gjøringø og Oda Heggedal Longvastøl.
Til slutt, vi var best på tribuna idag.
Takk til Tambarfolk som heia på laget.
Sturle

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar