fredag 18. desember 2009

Laurdagskafè og avslutning

I morgon, 19.desember klokka 11.00, arrangerar volleyballgruppa laurdagskafè på kyrkjelydshuset i Naustdal. Det skal vere trekning av volleyballodda som volleyballspelarane har seld dei siste månadane klokka 14, og elles vert det ein omgang med lynlodd. Det er også kaffi og kaker til sals!

Måndag 21.desember klokka 18.00 vert det felles avslutning for alle i volleyballgruppa. Det er same opplegget som dei tidlegare åra; vi miksar lag med spelarar i frå alle laga i gruppa.

Vel møtt både på kafè og avslutning!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar