søndag 22. november 2009

Nytt Tambar tap mot Blindheim

Nytt Tambar tap mot Blindheim i Naustdalshallen søndag.

I dei to første setta hadde heimelage store problem med Blindheim sine servar og fekk ikkje etablert noko spel. 3.settet starta med godt servepress frå Tambar og mottaka sat mykje betre i dette settet. Dermed eit jamt sett som kunne gått begge vegar, men gjestane frå Ålesund rodde i land eit jamt sett med 25-27. 1. sett var 13-25 og 2. sett 19-25.

Desse spelte for Tambar: Caroline Helle, Oda Heggedal Longvastøl, Mari Standal, Lise Toverud, Frida Hjelle Aamot, Eva Linn Hove Ås, Randi Horstad, Marina Gjøringbø, Ina Steiro Herstad, Marte Heggedal Longvastøl og Linda Apneseth.

Sturle

fredag 20. november 2009

onsdag 18. november 2009

2.divisjon: Førde 4-Tambar 2

Onsdag 18 november var det seriekamp 2 div. mellom Førde 4 og Tambar 2
Desse spelte på Tambar 2:
Mari Horstad, Caroline Helle, Randi Horstad, Silje Undal, Annette Kalland, Benedikte Kalland, Gunn Elisabeth Horstad, Veronica Espeseth, Evita Kvammen og Astrid Marie Erdal
Tambar tapte 3-0 med settsiffera 23-25, 14-25, 11-25
Første settet starta tambarjentene godt, settet vart jemnt, men Førde drog i frå på slutten.
Dei to neste setta var det mykje personlege feil, med ma for dårlege mottak og missforståingar mellom spelarane. Når då mange av vslutningane heller ikkje satt heilt, så er det ikkje så lett å skaffe seg poeng.
Etter at seriekampen var ferdig fekk vi oss eit treningssett mot Førde, som Tambar vann 25-19, synd at innsatsen ikkje var meir på plass under sjølve kampen.....
I neste kamp (10 desember mot Førde 2 på Solvang) skal vi ha på plass flyten i spelet att :-)
Siw

tirsdag 17. november 2009

Open samling på TVN

11.-13.desember inviterar ToppVolley Noreg til ei open samling for spelarar fødd i 1992, 1993 og 1994. Skulen ynskjer å få ei oversikt over spelarar født i dei årsklassane ovanfor, samt presentere skulen og arbeidet som gjerast der.

Meir info: http://toppvolley.no/tvn2/index.php?showArticle=218

Rankingturnering 2 divisjon i Naustdalshallen laurdag 14 november

Tambar 2 deltok med desse spelarane:
Frida Hjelle Aamot, Trude Vallestad, Silje Skilbrei, Benedikte Kalland, Silje Undal, Astrid Marie Erdal, Gunn Elisabeth Hukseth og Bente Finsrud. Gunn Takseth Nøstdal og Elisabeth Bjørvik var lagleiarar

Jentene deltok med god innsats, og takla utfordringane med nye posisjonar grunna sjukdom og skader. Trur det var kjekt også å prøve seg på litt nye ting:-) Var ekstra stas at også unge Bente Finsrud fekk dispensasjon til prøve seg i 2 divisjon i denne turneringa. Ettersom Silje Skilbrei trakka over var det heilt naudsynt for å stille lag denne dagen.

Resultat:
Tambar 2 - Førde 2: 0-2 (17-25,13-25)
Førde 3 - Tambar 2: 0-2 (16-25, 14-25)
Tambar 2 - Førde 4: 0-2 (16-25, 25-27)
Tambar 2 - Førde 5: 0-2 (18-25, 18-25)

Siw

2.divisjonskamp 18.november

søndag 15. november 2009

1 divisjon: 14.11.09: Blindheim - Tambarskjelvar 1:

Kampresultat: 3-1 (25-21, 25-15, 15-25, 25-16)
Tambarskjelvar 1 spelte bortekamp mot Blindheim i Fagerlihallen laurdags kvelden. Tambarjentene hadde mykje godt spel i bortekampen sin mot Blindheim. Sjølv om Tambarjentene tapte 3-1, var her mykje tette ballvekslingar. Sjølv der settsiffra tilsynelatande har dominans frå Blindheim si side, måtte Blindheim kjempe for å vinne poenga. I 3 settet henta Tambarskjelvar seg inn etter ein litt nølande start og Blindheim kom seg aldri inn att i settet. Siste settet starta diverre med problem med ma servemottak for Tambar, jentene kjempa etterkvart godt, men kom seg aldri inn på Blindheim att.
Totalt sett mykje godt spel og jentene gler seg difor til revansj mot Blindheim på heimebane neste søndag (21.november). No kjem ei veke med god trening og så er dei klar til ny dyst.
Dei ønskjer å gjere ein god kamp for heimepublikum, så møt opp og hei dei fram :-)

Desse spelte for Tambarskjelvar:
Mari Standal, Eva Linn Hove Aas, Ina Steiro Herstad, Linda Apneseth, Randi Horstad, Marina Gjøringbø, Oda Heggedal Longvastøl og Marte Heggedal Longvastøl

Siw (lagleiar denne kampen)


søndag 8. november 2009

1.divisjon: Lokaloppgjeret

Førde var sterkast i lokaloppgjeret søndag 8.november. Førde vann 1-3 mot heimelaget med settsiffer 9-25, 25-22, 15-25, 20-25. Etter ein klar Førde-dominans i 1.sett der Tambar aldri var med i kampen, snudde Tambar i 2.sett og vann det etter betre press på serv. Men i 3.sett var Førde sterkast igjen og var i føringa heile tida. Då måtte Tambar vinne 4.sett og det blei eit jamt sett, der Førde var i føringa, men ikkje mykje. God serveing av Lise Toverud tok oss heilt inn i ryggen til Førde, 19-21, men det glapp på slutten og Førde drog i frå og vann. Alt i alt ein fortent siger til Førde.

Sturle


2.divisjonskampar 8.november

To tap for 2 div laget til Tambarskjelvar på søndag, men mykje bra spel :-)

Desse spelte:
Silje Skilbrei, Silje Undal, Annette Kalland, Benedikte Kalland, Veronica Espeseth, Evita Marie Kvammen, Mari Horstad, Astri Marie Erdal og Gunn Elisabeth Hukseth.

Tambarskjelvar 2 - Førde 2 : 0-3 ( 16-25, 16-25, 12-25)
Ein litt ujamn kamp der Tambarjentene bar preg av å vere litt lite samspelte. Solvangjentene er ein del eldre enn dei unge Tambarjentene. I perioder var det likevel bra spel og motstanden var ikkje verre enn at vi skulle ha henta fleire poeng med stabil serving og jobbing på alle ballar.

Tambarskjelvar 2 - Førde 3: 1-3 (15-25, 23,25,25-17,14-25)
Her visste Tambarjentene etterkvart svært god innsats, jobba på alt og plukka dermed poeng. Dessverre haldt det ikkje heilt inn i denne kampen. Men det var ein god kamp som viser litt av det vi kan få til. No ventar ei ny veke med gode treningar så er vi klar neste helg til rankingturnering med ny kampar :-)
Siw


torsdag 5. november 2009

Volleyballgruppa sitt årlege loddsal!

No har dei aller fleste spelarane fått utdelt sine blokker med volleyballodd. Temaet for lotteriet i år er "mat". Det er totalt 17 gevinstar til ein verdi av 13.375 kr!! Vi kan friste med at 1.premien er eit gåvekort på Din Sport til ein verdi av 3000 kr. Ein annan gevinst vi kan friste med er middag for 2 vaksne og 2 born på Rica Sunnfjord Hotell.
Eitt lodd kostar berre 20 kr, og salsperioden går i frå 1.november til 19.desember. Vi håpar at folk støttar volleyballgruppa og tek vel i mot loddselgarane som kjem på døra!

Volley-dugnad på Coopen tirsdag 3.november.

Flott innsats frå U16, D2 og D1 spelarane. Ronny Søbotnen som leiar opppussinga på Coopen var kjempefornøgd med jentene og mødrene!! Dugnad er sosialt og spleisar dei ulike saman.

Sturle


Varene vart pakka i kassar...


....hyllene og reolane vart tekne ned.....


....og til slutt var butikken nesten tom!

mandag 2. november 2009

1.divisjon ranking i Trondheim 31.10-1.11

Eit ungt Tambarlag unngjekk så vidt sisteplassen etter at vi slo eit like ungt Øksillag 2-1 og 17-15 i 3.sett. Etter svake kampar laurdag der vi gjekk på tre tap mot Kristiansand, Trio og Namsos er det sjelden jentene har vore så glade for ein 14.plass. Spesielt tapet mot Namsos som spelar 2.div. var tungt å takle. Mykje feilserving og elles svak innsats i periodar prega kampane på laurdag. Kampen mot Øksil starta og slik, men frå 2.settet og utover fekk vi sjå eit betre lag som pressa på serv og jobba godt. Ina Steiro Herstad hadde fleire fine serve rekker som bidrog til siger.

No ser vi fram til lokaloppgjer mot Førde søndag 8.11 kl.1500 i hallen.

Sturle

søndag 1. november 2009

U-12 turnering i Førdehuset

Ein ny generasjon med volleyballspelarar hadde det veldig kjekt på turnering i Førdehuset laurdag 24.10.09. Det var stor speleglede og stor innsats frå alle laga. Tambarskjelvar stillte med eit jentelag i 14 årsklassen og to jentelag og eit gutelag i 12 årsklassen. For mange var dette første turnering og ein kunne sjå framgong i spelet frå kamp til kamp. Neste turnering for denne årsklassa vert i Naustdalshallen 12 og 13 desember. Vi gler oss alt! :)



For fleire bilete, trykk på lenkja: http://tambarskjelvar.no/index.php?option=com_content&view=article&id=249:volleyballturnering-i-fordehuset-laurdag-241009&catid=35:volleynyheiter&Itemid=27