onsdag 9. juli 2008

Dugnad på Sanden

Torsdag 10.juli vert det dugnad på Sanden. Det skal vere turnering der nede førstkomande søndag, så då må bana vere fin! Etter dugnaden vert det kanskje litt spel.

MØT OPP ALLE SOM KAN!

Beachvolleyturnering i Naustdal

Søndag 13.juli er det beachvolleyturnering i Naustdal, rettare sagt på Sanden. Det er berre å melde seg på! Det er også meldt bra vêr.
For meir info og påmelding, besøk Sparebanken Sogn og Fjordane Open sin blogg: http://ssfopen.blogspot.com/

Om du ikkje skal delta, så kan du stille opp som publikum og heie!


Sommartrening

I sommar er det trening i hallen måndag og onsdag frå 19.00 til 21.00.
Alle har godt av litt trening, så møt opp!