tirsdag 25. mai 2010

No kan sandvolleyballsesongen starte!

Volleyballbanane på Sanden klar til bruk takka vere ein liten men flott dugnadsgjeng!!!
Stor takk til kommunen og, for godt grunnarbeid med å få sanden inn på banene att!
Det gjorde arbeidet for dugnadsgjengen lettare.

Sturle Standal, Solbjørg Steiro Herstad, Marina Gjøringbø, Mari Standal, Randi Horstad, Gunn Takseth Nøstdal, Hilde Karine Tandstad.

mandag 10. mai 2010

Bilete frå NM U17

Eg har no lagt ut bilete på Tambar-sida i frå finaledagen på NM U17. Desse bileta finn du her:
http://tambarvolley.no/nm1710.html

søndag 2. mai 2010

2.plass til Tambarskjelvar

Tambar enda på ein strålande 2.plass i U17-meisterskapen etter 0-2 tap mot det sterke laget Sortland.
Finalen starta etter ei lita forseinking. Jentene hadde ei god oppvarming, og gleda seg til å kome i gong med kampen. I byrjinga av settet slo Sortland til med heile 4 serveess før Tambar fekk sitt første poeng. Tambar klarte å hente seg opp på stillinga 17-17, men så rykte Sortland litt i frå att. Sortland har første settball på stillinga 22-24, men Tambar stoppa dei to settballane og reduserte til 24-24. Laga fekk kvart sitt poeng heilt fram til 25-26, då klarte Sortland å slå inn settballen.
I andre sett var det tett heilt i frå starten, og laga følgde kvarandre poeng for poeng heilt fram til stillinga 12-12. Då rykkjer Sortland i frå, og får ei leiing på 6 poeng på det meste (18-12). Tambarjentene henta deretter inn fleire poeng, men på 16 poeng sa det stopp. Sortland angreip agressivt på slutten, og stillinga i siste settet enda på 16-25.
Første seksaren i finalen bestod av: kaptein Oda Heggedal Longvasøl, Marina Gjøringbø, Randi Horstad, Annette Kalland, Bente Finsrud og Caroline Helle.

(Arrangøren hadde live-oppdatering på kampen, og den kan du sjå
HER).

Etter finalen var det premieutdeling og kåring av årets All Star-Team. Oda Heggedal Longvastøl vart kåra som meisterskapens beste diagonal! Og Kari Skei Bakketun i frå Førde vart kåra til ein av dei to beste midtane i meisterskapen. Gratulerer så mykje til begge to!

Gratulerer så mykje med sølvmedaljen til Tambarskjelvar, og gratulerer til Førde sitt jentelag som fekk bronse. Gutelaget til Førde enda på 7.plass.

Oppe f.v.: Trenar/lagleiar Siw Heggedal Longvastøl, Marina Gjøringbø, Caroline Helle, Bente Finsrud, Benedikte Kalland, Randi Horstad, Oda Heggedal Longvastøl (k) og trenar/lagleiar Sturle Standal. Midten f.v.: Annette Kalland, Astrid Marie Erdal og Silje Undal. Nedst: Gunn Elisabeth Hukset.

Tambar i NM-finale!

Tambarskjelvar U17 er på NM i Bergen i helga. Etter tre sigrar i innleiande runde mot Rossvoll, Skjeberg og Stod var dei klare for kvartfinale mot Holstad. Her vart det siger, og naboklubben Førde venta i semifinalen. Jentene i frå Tambar viste styrke og vann heile 2-0 mot Førde, og sikra seg dermed finaleplass!!!! Tambar - Sortland i finalen. Finalen går 13.30 i Haukelandshallen i morgon, 2.mai.