torsdag 29. april 2010

NM U17

I helga er det klart for årets siste aldersbestemte NM, altså NM U17 i Bergen. Meisterskapen vert avvikla i Haukelandshallen.
Tambarskjelvar stiller med eitt jentelag. Laget er i pulje med Rossvoll, Skjeberg og Stod. Første kamp går kl.13.15 mot Rossvoll. Andre puljekamp går 15.45 mot Stod. Siste puljekamp går seint på kvelden mot Skjeberg 20.45. Dersom laget får 1.plass i pulja går dei rett til kvarfinale. Dersom dei vert nr.2 i pulja, må dei innom ein 1/8 finale.

Vi ynskjer Tambarskjelvar lykke til i NM 17 2010!

Referat frå NM U16

NM 16 2010!

Vi møtte Bodø Volley i første kamp, og vant greit 2-0 (25-7, 25-13). Deretter venta andre puljekamp mot Rossvoll. Første sett vant vi greit 25-13, medan andre settet vart langt meir spennande. Vi låg under 24-21, men klarte å snu settet og vant 26-24. Då venta siste kamp i pulja mot jentene frå ØKSIL. ØKSIL viste godt spel og vant klart 2-0 (25-14, 25-8). Dermed fekk vi 2. plass i pulja og var klare for åttendedelsfinale dagen etter.

I åttendedelsfinalen møtte vi Askim, ein jamn kamp som vi tilslutt vant 2-1 ( 21-25, 25-23, 15-10). I kvartfinalen spelte vi mot Sortland, som imponerte med veldig godt spel og vant klart 2-0 (25-8, 25-6).

Etter tap i kvartfinalen spelte vi om 5.-8. plass. Vi tapte mot Gneist 1-2 (21-25, 25-21, 8-15) og Skjetten 0-2 (17-25, 18-25), og dermed vart vi nummer åtte.

Før NM hadde vi som som mål å komme oss til ein kvartfinale, og det greidde vi! Men i kampane mot Gneist og Skjetten føler vi at vi kunne fått vist betre spel, og kanskje til og med vunne. Men med NM-debut for dei fleste jentene seier vi oss nøgde med 8. plass.

Spelarar denne helga: Martine Mallasvik, Kristin Standal, Karoline Salbu, Lena Kvellestad, Bente Finsrud, Kristina Nyman, Veronika Djukvik, Trine Einevoll, Solveig Jensen, Eline T. Lillehaug, Annette Kalland, Gunn Elisabet Hukset og Astrid Marie Erdal.

Trenarar: Dag-Rune Mallasvik og Mari Standal

Mari.

torsdag 22. april 2010

U16 er klar for NM!

I dag, torsdag 22.april, reiser U16-laget til Stavanger for å delta på NM. Dei har førebudd seg heile sesongen, og for nokon er dette det aller første NM-et dei er med på. Vil tru det er ein del sommarfuglar i magen til jentene, og kanskje trenarane er like spente? Klokka 16.00 er avreise, og dei er framme i Stavanger i løpet av kvelden.


Det er Sandnesklubbane Ausdtrått og Hana Idrettslag som i år har slått seg saman om å arrangere NM i Stavanger Idrettshall.
Tambar-jentene er i pulje med Bodø, Øksil og Rossvoll. Første kampen for jentene går klokka 13.15 i morgon (fredag) mot Bodø. Men før dei første innleiande kampane vert sett i gong, er det opningsseremoni klokka 12.

Dag-Rune Mallasvik er lagleiar saman med Mari Standal under meisterskapen, og han meddeler at hovudmålet er å kome til ein kvartfinale.
- Hovudmålet vårt er å kome til ein kvartfinale. Deretter tek vi kamp for kamp. Eg har sagt til jentene at dersom vi vann heile meisterskapen, så skulle eg gå heim att, hehe.

Men han er spent på nivået. Det er 16 lag totalt i jenteklassen, og 4 puljer. Tambarlaget er seeda som nr. 2, rett bak Sortland i frå Nord-Norge. Begge desse laga vart nr. 1 i sonemeisterskapet i si eiga sone. - For alle jentene, med unnatak av tre, er dette det første NM-et. Vinn vi pulja, så går vi rett til kvartfinale. Så her gjeld det å stå på i frå første kamp. Vert vi nr. 2 i pulja må vi innom ein åttandedelsfinale. Jentene har veldig lyst til å vinne og trur vi har sjans til å få medalje, men vi har hatt lite motstand i dei kampane og turneringane vi har spelt denne sesongen. Men alt kan sjølvsagt skje. Alt spelar inn, dagsform og humør blant anna.

På førehand har førebudd seg godt, blant anna med ein treningskamp mot U17-laget, som skal NM U17 i Bergen neste helg. - Vi spelte kamp mot U17 med eit toppa lag, og vi vann faktisk eitt sett. I denne kampen prøvde vi også å spele med libero, og det fungerte faktisk så bra at vi har tenkt til å bruke libero i NM. Vi har også spurt jentene om kva dei tenkjer om NM, og dei aller fleste har ambisjonar om å komme lengst mogleg. Då har vi ikkje råd til å tape kampar, og det gjeld å stå på frå første kamp.

- Vi køyrer buss saman med Førde, og det er god stemning i bussen. Jentene gler seg!


Fullstendig kampoppsett finn du her:
http://www.cupassist.com/resultater/vis.php


Oppe f.v.: Kristina Nyman, Solveig Kvellestad Jensen, Veronika Djupvik, Eline Tanstad Lillehaug, Martine Mallasvik og Lena Kvellestad.
I midten f.v.: Trine Einevoll, Kristin Standal, Annette Kalland, Karoline Salbu og Gunn Elisabeth Hukset.
Nederst f.v.: Astrid Marie Erdal og Bente Finsrud.