lørdag 28. februar 2009

Tambar - Osterøy

Sundag 1.mars skal 1.divisjonslaget spele sin nest siste seriekamp denne sesongen mot Bergenslaget Osterøy.
Kampen byrjar klokka 13.00 så det er berre å møte opp! Det vert også kiosksal.

Tambarskjelvar ligg på ein førebels 4.plass med 10 poeng i avdeling 1 i 1.divisjon. Osterøy ligg på 3.plass med 12 poeng. Etter denne kampen gjenstår ein seriekamp mot Trondheimslaget Åsheim, og ei rankingturnering i Førde som skal avgjere kva plasseringar alle 1.divisjonslaga får samanlagt. På rankingturneringane samlar alle 1.divisjonslaga seg, frå avdeling 1 og avdeling 2.

lørdag 21. februar 2009

2.div. seriekampar i dag

I dag, 21.februar, vart det spelt seriekampar i 2.divisjon. Tambar var vert og Førde 2 og Eid var gjestar. Første kamp var mellom Førde og Eid. Eid vann 3-0 (25-21, 25-18 og 25-15). Deretter spelte Eid mot Tambar. Også der vann Eid 3-0 (25-10, 25-9 og 25-11). Siste kampen vart nok eit lokaloppgjer mellom Tambar og Førde. Førde vann 3-1 over Tambar (20-25, 25-21, 25-10 og 25-19).


onsdag 18. februar 2009

Volleysamling på Toppvolley i Sand.

Tambarspelarane Ina Steiro Herstad og Marina Gøringbø reiser til Sand i Ryfylket den 20-22.februar for å delta på ei talentsamling og uttaksamling for alderbestemte landslag. Oda Heggedal Longvastøl vart også tatt ut, men takka nei i denne omgang, pga bestilt utanlandstur.
Tambar volleyball ynskjer dei god tur og lukke til.

Sturle

tirsdag 17. februar 2009

U14-turnering

Søndag 15.02.09 var det U14-turnering i Naustdalshallen. Tambar stilte med to jentelag. På Tambar 1 spelte: Lena Kvellestad, Veronika Djupvik, Martine Mallasvik, Karoline Salbu og Kristina Nyman. Og på Tambar 2 spelte: Trine Einevoll, Kristin Standal, Eline T. Lillehaug, Solveig K. Jensen og Bente Finsrud.

Tambar 1 vart nr. 2 i pulja si, etter siger mot Gaular IL (2-0, 25-11 og 25-14), og tap mot Førde Barneskule 1 (1-2, 13-25, 25-23 og 15-17).

Tambar 2 vart nr. 1 i si pulje. Dei spelte innleiande kampar mot Førde Slåtten 1 og Førde Barneskule 2.
Tambar 2 - Førde Slåtten 1, 2-0 (25-14 og 25-19)
Tambar 2 - Førde Barneskule 2, 2-0 (25-15 og 25-10)

Etter puljespelet var begge Tambarlaga klare for kvartfinale. Tambar 2 spelte mot Fjellhug Vereide, og vann 2-0 (25-15 og 25-11), medan Tambar 1 spelte mot Førde Slåtten 1, og også dei vann 2-0 (25-17 og 25-21).

Då var det klart for semifinalar. I KM 14 møttest Tambarlaga i semifinalen, men denne gongen kom dei i kvar sin semifinale, så vi hadde sjansen til å få to lag til finalen.

Tambar 2 - Førde Barneskule 1, 1-2 (25-23, 20-25 og 9-15).
Tambar 1 - Viksdalen, 2-0 (25-22 og 25-15).

Tambar 2 vann bronsefinalen mot Viksdalen 2-0 (25-16 og 25-17), og fekk dermed 3. plass i turneringa.

Tambar 1 møtte Førde Barneskule 1 i finalen, ein kamp som vart veldig jamn og spennande. I første settet vant Tambar 27-25, medan Førde tok andre settet 25-23. Siste settet vart endå meir spennande, og kampen vart ikkje avgjort før på stillinga 19-17 til Førde.

Begge Tambarlaga spelte godt i turneringa, og vi er fornøgde med 2. og 3. plass :)

Mari


Tambar 1: Lena Kvellestad, Veronika Djupvik, Kristina Nyman, Martine Mallasvik og Karoline Salbu.


Tambar 2: Eline T. Lillehaug, Trine Einevoll, Bente Finsrud, Kristin Standal og Solveig K. Jensen.

mandag 16. februar 2009

U-12 turnering

Laurdag var det turnering for årsklassen under 12 år. Tambar stilte med 1 lag i jenteklassen og 1 lag i guteklassen. Både jentene og gutane gjorde ein strålande innsats. Våre spelarar var av dei aller yngste som var med, og det var første gong dei var med og spelte turnering. Kvart av laga spelte 4 kampar. Heilt utruleg kor spelarane utvikla seg utover turneringa! Kjempeflott!
Kjempekjekt å vere trenarar for slike flotte spelarar.

Anne Marit, Tone og Linda



Sonemeisterskap U17 i Fagerlihallen - søndag 15.februar

Vi starta nok ein gong tidleg om morgonen frå Naustdal, denne gongen for å kvalifisere U17-laget til NM. Morgonen starta med snøkav og nullføre, planen var å køyre Strandafjellet. For å sleppe upløygde vegar over Utvikfjellet valde vi å køyre om Lote. Etter ei rask rådslaging på ferja, der vi fekk Førde til å køyre vegen om Stranda (det går raskare om ein ikkje gjer som Mathias (førde-trenar) og køyrer til Stryn utan å ta av til Hornindal) valde vi likevel ytre lei via Volda. Det vart litt venting på ferjer, men til gjengjeld var det bare vegar frå Volda.

Vi starta turneringa med å dømme Førde-Ellingsøy. Denne kampen vann Førde klart med overlegent spel. Deretter var det duka for nok eit lokaloppgjer mellom Tambar og Førde. Tambar vann solide 25-15 og 25-18 :)
Deretter spelte Tambarjentene mot Ellingsøy og vann 25-10 og 25-15. Det var ein litt rotete kamp frå Tambar si side med litt mykje fnising, så jentene fekk oppstramming frå meg om å ta motstandarane litt meir på alvor- det tok dei innover seg og avslutta kampen på ein fin måte. Dermed vart Tambar puljevinnarar og Førde nr 2.

Semifinalen vart dermed mellom Tambar og Skodje (nr 2 i si pulje). Tambar vann 2-0 med settsifra 25-16 og 25-18. Førde spelte mot Blindheim i den andre semifinalen og tapte etter å ha leia klart i begge setta, trur det var eit svært surt tap for Førde. Førdejentene greidde likevel å motivere seg til å avslutte med stil og fekk bronse etter å ha slått Skodje med mykje fint spel.

Finalen vart då mellom Tambar og Blindheim. Også i denne kampen var det heilt klart Tambar som hadde kontrollen i begge setta. Sjølv om Blindheim henta seg inn ein del poeng, greidde dei aldri å kome i posisjon til å utnytte slagkrafta si. Dei fekk heller ikkje uttelling for servinga si -Tambarjentene jobba godt både i mottak og forsvar, i tillegg var dei både lure og offansive i angrep. Kampen enda 2-0 (25-17 og 25-17).

Totalt sett har jentene grunn til å vere svært nøgde med innsatsen i Fagerlihallen! Dei gjennomførte 4 kampar utan å la noko lag kome til meir enn 18 poeng i eit einaste sett - det er imponerande!

Jentene kan samstundes gle seg over at dei ikkje får kvile så lenge på laurbæra - vi har mykje vi skal jobbe med fram mot NM :)

Siw


Glade for gullmedalje! F.v.: Siw Heggedal Longvastøl, Oda Heggedal Longvastøl, Frida Hjelle Aamot, Trude Anette Vallestad, Ina Steiro Herstad, Marina Gjøringbø, Randi Horstad og Caroline Helle.

søndag 8. februar 2009

Eg (og fleire andre) har funne ut at det har lykkast å komme inn på Tambar-sida den siste tida. Om du ikkje kjem inn på sida, så kan du prøve denne adressa: www.tambarvolley.110mb.com

Ina

U19 KM-finale i Førde og U19-sonemeisterskap i Blindheim

Tambar U19 vann mot Førde i Førdehuset torsdag, og dermed har Tambar vunne alle KM-finalane på jentesida denne sesongen. Tambarjentene hadde god kontroll på kampen og vann 2-0 etter settresultat 25-21 og 25-20. Bra spel og vi fekk brukt alle spelarane. Randi Horstad og Oda Heggedal Longvastøl frå D2/U16/U17, debuterte på U19-laget. Desse to vil også vere med på tre NM i vår, så det vert travelt for dei.

Laurdag morgon reiste vi til Blindheim for å spele SM U19. Vi møtte Førde 2 (17-årslaget til Førde) i første kamp og kampen enda 2-0 (25-9 og 25-18). Nestekamp var mot Blindheim. Dei spelte med 5 spelarar som spelar fast på elitelaget. Utan at det gjorde dei til ein så veldig stor favoritt, dei har ikkje vunne kampar i eliteserien og ville hatt problem med å hevde seg i toppen av 1.divisjon. Første sett enda me klar Blindheimsiger, i 2.sett leia Tambar 21-16 men så stoppa det heilt opp og vi tapte 21-25. Dermed vart vi nummer 2 i pulja, og sidan Førde vann den andre pulja vart det duka for revansjeoppgjer. Dette vart ein thriller av ein kamp, der Førde leia i alle sett og Tambar kom tilbake. Førde leia 24-20 i første sett, men så serva Linda oss inn til siger, 24-26. I andre sett leia Førde 24-21, men Tambar kom tilbake og hadde matchball på 24-25. Men desverre glapp den og Førde vann til slutt 29-27. I tredje sett, som gjekk til 15 poeng, hadde Førde klart den beste starten og leia så mykje som 11-3. Også i dette settet kom vi tilbake og var oppe i 12-11. Desverre glapp det, og Førde vann 15-12. Då vart det bronsefinale mot Volda, der vi vann 2-0 (25-13 og 26-24). I finalen vann Blindheim 2-0 mot Førde (25-23 og 25-17).
Laget i helga: Mari Standal, Tone Finsrud, Linda Apneseth, Ina Steiro Herstad, Paula Schultze, Frida Hjelle Aamot, Trude Vallestad og Randi Horstad.

Dermed er Blindheim, Førde, Tambar og Volda klare for NM-sluttspel i Bergen 1.-3.mai. Så til alle foreldre, no er det berre å bestille hotell i Bergen første helga i mai!

Sturle

søndag 1. februar 2009

KM 19 og SM 19

Torsdag 5.februar kl. 18.30 skal 19-årslaget til Tambar spele KM finale mot Førde i Førdehuset. Møt opp!!

Også lauradg 7.februar skal 19-årslaget i aksjon. Denne gongen er det sonemeisterskapen som står for tur. SM vert avvikla i Ålesund, Blindheimshallen. Tambar er i pulje med Blindheim og Førde 2. Det er tilsaman 6 lag i jenteklassen. Tambar sin første kamp går klokka 11.00 mot Førde 2.