fredag 19. juni 2009

Strandvik Open 2009

7.-11.juli er det sandvolleyballturnering i Strandvik. Turneringa går over 4 dagar, og det er 4 forskjellige klassar: U12, U14, U17 og Mix 4 Bedrift.

For påmelding og meir info, sjå www.strandvikopen.net

tirsdag 2. juni 2009

SOMMARTRENING VOLLEYBALL

Den startar månag 8.juni kl. 19.00 til 21.30 i Naustdalshallen. Det er for U16 (95/96), D2 og D1. Spelarar som er heime i Naustdal på sommarferie er og velkomne.

Vi forsøker å trene måndag og torsdag 19.00-21.30 i heile sommar. Det blir 1,5 t med balltrening og 1 t med styrke/sirkeltrening. Ved avlyste treningar vil det ligge melding på heimesida/bloggen.

Denne første dagen vil dei som er aktuelle for D1 sesongen 09/10 ha eit spelarmøte frå 19.00-20.15. Dei deltek på styrkedelen frå 20.30 til 21.30.
Spelarmøte D1 kl.19: Kristina Mundal, Eva Linn Hove Ås, Lise Toverud, Synnøve Øyra Iversen, Linda Fitje Apneseth, Mari Standal, Ina Steiro Herstad, Trude Vallestad, Frida Hjelle Aamot, Janne Nøstdal, Camilla Nøstdal, Paula Schultze og Tone Finsrud.
Desse møter frå D2: Marina Gjøringbø, Oda Heggedal Longvastøl, Caroline Helle og Randi Horstad.

Sturle