søndag 5. desember 2010

2 sigrar til Tambar sitt 2 div.lag

Søndag 5.desember var det seriekampar for 2.div i Naustdalshallen.

Tambar spelte mot Studentspretten Sogndal og vann 3-0, med settsiffera 25-21, 25-18, 25-22.
Tambar-Viksdalen enda og 3-0 med settsiffera 25-8, 25-10, 25-16

Desse spelte på Tambar: Frida Hjelle Aamot (92), Trude Vallestad (92), Randi Horstad (93), Oda Heggedal Longvastøl (93), Silje Undal (93), Gunn Elisabeth Hukset (94), Bente Finsrud (95), Kristina Nymann (95) og Karoline Salbu (95). Karoline Salbu hadde ein flott debut i 2 div og spelte 2 sett som leggar mot Viksdalen.

Tambar har dermed vunne alle 4 seriekampane i 2 div så langt i sesongen.

Det var også fleire seriekampar i Naustdalshallen søndag 5 desember:

Viksdalen- Førde 2 (Solvang): 1-3, og Studentspretten Sogndal - Førde 2 (Solvang): 0-3

Siw


lørdag 4. desember 2010

Tambar U16

Lørdag 4 desember 2010 arrangerte volleyballgr. i Tambarskjelvar turnering for U -16 jenter og gutter fra Sogn og Fjordane. Tambar sine U-16 jenter gjorde reint bord, igjen.

Tambar møtte:
Førde 1,
Førde 2,
Førde 3
Fjellhug/Vereide

Jentene vant alle kampene klart 2-0.

Disse var med: Veronika Djupvik, Karoline Salbu, Kristina Nymann, Martine Mallasvik, Lena Kvellestad, Solveig Jensen og Bente Finsrud.

Trenere Sturle Standal og Dag-Rune Mallasvik.

Takk og til Sissel Jensen som styrte Kantina og ryddinga etterpå med stødig hånd.

Referent drm

torsdag 2. desember 2010

2.divisjonskampar

Søndag skal Tambar sitt 2.divisjonslag spele kampar mot Studentspretten Sogndal og Viksdalen. Førde 2 (Solvang) skal også spele mot desse. Vi håpar at flest mogleg folk kjem for å sjå på, det vert vi glade for! Vi håpar på reprise i frå Norgescup-kampen, då var det heilt fantastisk å spele på heimebane! :)

Kampoppsett:
11.00: Viksdalen - Førde 2
13.00: Tambar - Studentspretten Sogndal
15.00: Studentspretten Sogndal - Førde 2
17.00: Tambar - Viksdalen