torsdag 30. oktober 2008

2.divisjon: Tambar - Førde

Tambar sitt 2.divisjonslag møtte i går kveld Førde i Førdehuset. Tambar vann 3-0. Førde leia litt i starten, men Tabmar tok raskt innpå og vann alle tre setta med god margin.
Desse spelte:
Marina Gjøringbø
Annette Kalland
Oda Heggedal Longvastøl
Ina Steiro Herstad
Mari Horstad
Randi Horstad
Frida Hjelle Aamot
Caroline Helle

På fredag reiser heile 1.divisjonslaget til Drammen/Lier for å delta på rankingturnering. Tambar er i pulje med OSI og Stod.

mandag 27. oktober 2008

Kvartfinalane er trekt!

I dag føremiddag var det trekning om kven som skulle møte kven og kvar dei forskjellige laga skulle møtast i kvartfinalane i norgescupen. Tambar skal møte OSI i Oslo helga 8.-9.november.

søndag 26. oktober 2008

1.div. er vidare i norgescupen, og 2.div. har spelt sine fyrste seriekampar

Laurdag vart 1.runde i norgescupen arrangert i Naustdalshallen. Tambar og Førde/Sunnfjord spelte fyrste kampen og Tambar vann 3-0(25-22,25-12,26-24). I andre kampen mellom Førde 1 og Blindheim var det Blindheim som stakk av med sigeren (1-3 22-25, 9-25, 25-19,17-25). Dermed vart det Tambar og Blindheim so møttast i finalen. Blindheim leia 0-2 i sett, men Tambar snudde kampen totalt og vann kampen 3-2 (14-25,17-25,25-20,25-12,15-10)

Søndag spelte 2.div. seriekampar mot Førde/Sunnfjord og Eid. Tambar spelte fyrste kampen mot Eid. Det var godt spel av jentene, men til tross for godt spel vart det 0-3 tap mot dei rutinerte damene på Eid sitt lag. Andre og siste kampen vart spelt mot Førde/Sunnfjord. Også i denne kampen var det svært mykje god speling, men det vart til slutt Førde/Sunnfjord som trakk det lengste strået og vann 2-3.


Førde/Sunnfjord - Tambar.

fredag 24. oktober 2008

Laurdag: 1.runde i Norgescupen(1.div) og søndag: 2.div.kampar

I morgon skal Tambar arrangere fyrste 1.runde i Norgescupen. Fyrste kamp går klokka 13.00 så det er berre å møte opp! Tambar skal då spele fyrste kampen mot Førde/Sunnfjord. Og om dei går vidare så skal dei møte vinnaren av kampen mellom Blindheim og Førde/Sunnfjord.

Søndag skal 2.divisjon spele seriekampar mot Førde/Sunnfjord og Eid. Kampane skal spelast i gymsalen på Solvang, og fyrste kampen går klokka 13.00.

søndag 19. oktober 2008

Tambar - Dragvoll 0-3 (16-25, 25-27, 23-25)

Tambar tapte i dag 0-3 mot Dragvoll. I byrjinga sleit vi litt, men vi klarte å hengje oss på trønderane. I 2.sett hadde vi to settballar, men Dragvoll tok til slutt 2.settet. I 3. og siste sett låg vi tett opp under trønderane heile tida, men dei vart til slutt for sterke.



Anne Marit and Lise in action

torsdag 16. oktober 2008

2.div. nordvestcup og Tambar - Dragvoll

Førstkomande helg vert ei skikkeleg volleyball-helg. Laurdag 18.oktober skal 2.divisjonslaget delta i nordvestcupen. Det er lagt frå Sogn og Fjordane som deltar i den turneringa. Tambar er i pulje med Skodje, Førde 2 og Blindheim. Fyrste kampen går 10.50. Det vert ei spennande sesongopning for 2.divisjonslaget!

Søndag 19.oktober skal Tambar spele heimekamp mot Trondheimslaget Dragvoll. Kampen byrjar klokka 13.00 så det er berre å møte opp! Tambar satsar på ei reprise frå forrige helg, då dei vann 3-0 over Førde.


2.div. er igjen klar til dyst!

søndag 12. oktober 2008

Tambar - Førde 3-0!!

Endeleg fekk Tambar vise kva dei eigentleg er god for! I dag slo dei Førde 3-0 (25-21, 25-22, 25-19). Alle setta var jamne, men det var Tambar som stakk av med sigeren til slutt. Tambar knalla til frå start og leia 6-0 i fyrste settet før Førde greidde å ta poeng. I andre settet leia Førde ein liten periode, men Tambar henta seg inn att.
Dagens publikum bestod av mange Tambar-tilhengjarar og mange Førde-tilhengjarar. Det var ganske bra trøkk under heile kampen, men nokre gongar dabba det litt av..

Neste helg skal 1.div. spele mot NTNUI, og 2.div. skal delta på turnering i Førde.

søndag 5. oktober 2008

Tambar - Stod (1-3)

Søndag 5.oktober møtte Tambar Steinkjer-laget Stod i Naustdalshallen. Tambar tapte første sett 11-25. Vi kom seint i gong, men vann 2.sett 25-20. Dei to neste setta vart vi hengande etter, og klarte ikkje heilt å ta igjen Stod.

Desse spelte:
Mari Standal
Anne Marit Rygg
Lise Toverud
Synnøve Øyra
Linda Fitje Apneseth
Ina Steiro Herstad
Frida Hjelle Aamot
Trude Vallestad
Eva Linn Hove Ås
Tone Finsrud
Kristina Mundal