søndag 28. september 2008

Tambar - BSI 2

Tambar 1.div. spelte mot BSI 2 på heimebane idag, men sjølv om Tambar var på heimebane, enda det med 1-3 (14-25, 25-18, 20-25 og 18-25) tap. BSI fekk mykje motstand frå Tambar, men det haldt ikkje. 2.settet gjekk til Tambar.

Desse spelte:
Mari Standal
Kristina Mundal
Janne T. Nøstdal
Tone Finsrud
Lise Toverud
Linda F. Apneseth
Ina Steiro Herstad
Trude Vallestad
Synnøve Øyra


Synnøve

lørdag 27. september 2008

God innsats av Tambar-spelarar i årets SSFOPEN.

I årets SSFOPEN var det nokre tambar-spelarar som utmerka seg. Marina og Frida kom på delt 1.plass i U-18 jenteklassen samanlagt, og Annette og Oda vann U-16 jenteklassen samanlagt. Synnøve og Hilde vann dameklassen samanlagt.
GRATULERER!

Tambar VS. Førde

Sidan det er seriestart for dei aller fleste volleyball-laga rundt om i landet søndag 28.september, har Firda laga ein reportasje om begge 1.div.laga til Sunnfjord. Reportasjen kan du sjå i Firda laurdag 27.september, på sportssidene.


Tambar-kaptein Mari Standal, og Førde-kaptein Grethe Heieren.

fredag 26. september 2008

Sesongstart søndag 28.september

Søndag 28.september er det sesongstart, og Tambar skal spele mot BSI 2 på heimebane. Kampen byrjar klokka 13.oo, så ta turen i hallen for å heie på TAMBAR!


Tambar - Stod tidlegare i vår.

mandag 22. september 2008

Vel overstått opningsturnering

I helga (20.-21.sept) hadde Tambar med 2 lag, eitt på laurdag (2.div.) og eitt på søndag (1.div.).

2.divisjon:

Nyborg - Tambar: 0-2 (20 - 25, 22 - 25)
Tambar - Rossvoll: 0-2 (20 - 25, 15 - 25)
KFUM Volda - Tambar: 2-1 (17 - 25, 25 - 13, 15 - 9)
Tambar - Førde: 1-2 (11 - 25, 25 - 17, 7 - 15)

1.divisjon:

Kvernbit - Tambar: 0 - 2 (14 - 25, 17 - 25)
BSI - Tambar: 2 - 0 (25 - 14, 25 - 13)
Tambar - Førde 2/Sunnfjord FHS: 2 - 0 (25 - 15, 25 - 18)
Førde - Tambar: 2 - 1 (25 - 18, 21 - 25, 15 - 13)
Tambar - Osterøy: 0 - 2 (16 - 25, 15 - 25)


Tone og Kristina i blokk mot BSI.


mandag 15. september 2008

Opningsturnering i Bergen

Helga 20.-21.september er det opningsturnering i Bergen. Tambar stiller med eit 2.div.lag laurdag og eit 1.div.lag søndag.

Laurdag:
12.20: Tambar - Nyborg 2
13.10: Tambar - Hardanger

Søndag:
09.00: Tambar - Førde 2
10.00: Tambar - Kvernbit
11.30: Tambar - BSI

Info om opningsturneringa kan du finne her: www.hordalandvbk.net

lørdag 6. september 2008

Snart sesongstart

I heile sommar det vore felles trening for alle to gongar i veka. Det var stort sett bra oppmøte kvar gong!
No er det snart sesongstart, og 1.divisjonslaget spelte torsdag kveld treningskamp mot Førde. Resultatet vart uavgjort: 2-2 i sett.

2.divisjonslaget skal stille på Opningsturneringa i Bergen 20.-21.september, og 1.div. spelar sin fyrste kamp 28.september mot BSI.