Sunnfjord reiste med full buss til Stavanger torsdag føremiddag for å kjempe om edelt metall i NM U17 i helga. Jentene frå Tambar reiste i felles buss med jente- og gutelaget til Førde til Stavanger, og hadde både eit sosialt og volleyballmessig flott meisterskap. På bussen heim att hadde vi alle medaljar med unntak av sjåføren :)
Tambarskjelvar var seeda som nr. 1 og fekk difor ikkje det tøffaste puljeoppsettet å kjempe seg gjennom, men jentene gjorde jobben sin og kom seg heilt til finale utan å tape ein einaste kamp. Førde hadde ei tøffare pulje saman med Koll, og måtte difor slå Stavanger i kvartfinalen for å komme seg til semifinale.
Førde slo Stavanger i kvarten, og dermed vart det duka for nok eit Sunnfjordoppgjer om kven som skulle få spele finalen. Det enda med at Tambar gjekk sigrande ut av dette oppgjeret og møtte dermed Koll i finalen søndag.
Det var ei stor oppleving for dei unge Tambarjentene å få spele finale med nasjonalsang, flagg og fulsette tribuner i Stavangerhallen. Og det var tøffe jenter som møtte eit Koll-lag som var suveren finaefavoritt i jenter U17-klassen. Tambar sitt lag var litt nølande første settet, og dei ga Koll motstand med god serving, men sleit sjølve endå meir med mottaka og greidde ikkje angripe offansivt nok. Det første settet enda 13-25 til Koll. Men Tambarjentene hadde gleda seg heile turneringa til å skulle møte Koll i finalen, og ville vise kva dei var gode for, og kom sterkt og overraskande tilbake i andre settet. Ved stillinga 10-6 tok Koll første time-out, og ved 19-11 var Koll verkeleg på vikande front og tok nok ein time-out. Då byrja Koll å ete seg innpå att, Tambar heldt stand til 23-23 og deretter for Koll forbi og vann 23-25. Trur nesten det vart litt for overveldande mentalt og verkeleg ta slik innersvingen på favoritten? Sjølv om det var surt å verte innhenta på den måten, og vi gjerne skulle tatt settet og eit til, trur eg jentene følte at dei vann sølvet!
Koll har heile tida hatt eit svært godt jenter f. 92-lag, som er godt samspelte, høge og fleire av dei er også juniorlangslagsspelarar.
Med dei tidlegare Tambarskjelvarspelarane Gunnvor og Ingrid Aase, med henhaldsvis 88 og 100 landskampar, som trenarar kan kanskje tidlegare Tambar-trenarar føle at dei har vore med å danna litt av grunnlaget for nye generasjonar - vi gratulerar iallefall Koll med gullet!
Førdejentene vann bronsefinalen over Øksil, 2-0. Føregutane gjorde det òg godt og kom til finale mot Volda. Her vart motstanden for stor og Volda vann finalen 2-0.
Det vart altså ei stor helg for Sunnfjord med 2 sølv og ei bronse.
Siw
Sølvjentene til Tambarskjelvar! Oppe f.v.: Siw Heggedal Longvastøl (trenar/lagleiar), Ina Steiro Herstad, Trude Anette Vallestad, Caroline Helle, Marina Gjøringbø, Randi Horstad, Oda Heggedal Longvastøl og Sturle Standal (trenar).
Midten f.v.: Mari Horstad, Annette Kalland, Benedikte Kalland og Elisabeth Bjørvik (trenar/lagleiar).
Nedst: Kaptein Frida Hjelle Aamot med pokalen.