lørdag 30. oktober 2010

Reportasje frå NC-kampen mot Førde

I Firda i dag (30.oktober) er det ein reportasje frå kampen i Norgescupen mellom Førde, som vi spelte på torsdag. Den står på side 18-19, og her kan du sjå eit bilete av reportasjen:

torsdag 28. oktober 2010

Tambarskjelvar slått ut av Norgescupen

Etter å ha vunne første rankingturnering i Ålesund var Tambarskjelvar sitt 2 div kvalifisert til første runde i Norgescupen.

Tambarskjelvar (2.div)- Førde (1.div) gjekk på heimbane i Naustdalshallen torsdags kveld, der Tambarjentene fekk god hjelp frå eit engasjert heimepublikum.

Første settet spelte Tambarskjelvar svært godt, og sette Førde sitt 1 div lag med mange erfarne spelarar på plass med å vinne 25-22.
Dette til tross for ein del feilserving frå Tambarjentene.

I dei neste setta kom Førde sterkare att, og Tambarskjelvar misste også litt av flyten i spelet. Jentene kom likevel sterkt tilbake, særleg i siste settet, men utan at det haldt heilt inn.
Totalt sett var det ein bra kamp med mykje godt spel. Spelarane på Tambarskjelvar er unge, så om dei fortsatt er treningivrige, vert her mykje flott vollleyball å sjå på
framover i Naustdalshallen!

Sluttresultatet vart tap til Tambarskjelvar 1-3 med settsiffera 25-22, 18-25, 14-25, 21-25

Desse spelte på Tambarskjelvar:
Tone Finsrud (91), Ina Steiro Herstad (92), Oda Heggedal Longvastøl (93), Randi Horstad (93), Benedikte Kalland (93), Silje Undal (93), Gunn Elisabeth Hukset (94) Bente Finsrud (95), Kristina Nymann (95)

Si
w

tirsdag 26. oktober 2010

Norgescupen: Tambar - Førde

Førstkomande torsdag (28.oktober) møtast Tambar sitt 2.divisjonslag og Førde sitt 1.divisjonslag til kamp i Norgescupen. Tambar vann den første rankinga i 2.divisjon som gjekk av stabelen i Ålesund, og vart dermed sendt vidare til Norgescupen. Vinnaren av denne kampen går vidare til kvartfinale mot Ålesund (2.divisjon), som slo ut Blindheim (1.divisjon).

For at Tambar skal gjere det best mogleg og yte maks, er dei avhengige av at heimepublikumet søttar dei. Derfor håpar vi at det vert stor ståhei frå Tambar sin heiagjeng på tribuna under kampen! Vi kan ikkje vere dårlegare å heie enn Førde, så derfor er det berre å møte opp i Naustdalshallen frå 19.30 og utover. Dra med dykk mor og far, bestemor og bestefar, syster og bror, jo fleire jo betre! :)

søndag 24. oktober 2010

Tambar sikra 2 sigrar i første seriekampane i 2.divisjon

Første serierunden i 2 div vart arrangert i gymsalen på Solvang søndag 24.oktober.
Tambar - Førde 1 enda 3-1 til Tambar med settsiffera 26-24, 25-21, 23-25 og 25-17
Viksdalen - Tambar vart 1-3 til Tambar med settsiffera 16-25, 9-25, 25-23 og 21-25

Begge kampane var det mykje ujamnt spel og det gjekk i periodar litt tungt for Tambar. Var difor viktig og flott å dra begge kampane i land på 4 sett.

Desse spelte på Tambar: Trude Vallestad, Frida Hjelle Aamot, Ina Steiro Herstad, Benedikte Kalland, Randi Horstad, Oda Heggedal Longvastøl, Silje Undal, Gunn Elisabeth Hukseth og Kristina Nymann.
Kristina Nymann hadde sin debut på . div i dag og gjorde ein fin jobb, ma med eit par fine blokk av midt.

Neste kamp for Tambar er Norgescup kamp mot Førde sitt 1 div lag førstkomane torsdag 28.oktober i Naustdalshallen ca kl 19:30.
Her er Førde favorittar så vi treng å mobilisere eit sterkt heimepublikum som hjelper oss til å yte vårt beste!

Siw

søndag 17. oktober 2010

Minivolleyball - oppstart

Måndag 18.oktober startar volleyballen med minivolleyball for 2-5.klasse.
2 og 3.klasse gutar og jenter blir ei gruppe.
4 og 5.klasse gutar og jenter blir ei gruppe.
Tid: 1700-1800
Fint om føresatte er med på første trening.

Volleyballgruppa

tirsdag 5. oktober 2010

Flott seriestart for 2 div laget

Tambarskjelvar sitt 2 div lag i volleyball vann i helga 1. rankingturneringa i avdeling Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i 2 div. Dette er ein sterk prestasjon av eit ungt lag med spelarar i alderen 15-18 år.

Det var 7 deltakande lag i turneringa på kvinnesida, der Tambar og Førde2 (alle f. 1993) truleg hadde dei yngste laga. I innleiande pulje vann Tambar alle kampane: Førde2 (2-0), Ålesund 2-0, og Kristiansund 2-1.

I seminfinalen vart det siger over Studenspretten (Sogndal) 2-0 (25-10, 25-16).

Finalen mot Ålesund vart ein svært spanande og jevn kamp, men der Tambar hadde full kontroll i siste settet, 2-1 (24-26, 25-23, 15-11).

Desse spelte på Tambar: Ina Steiro Herstad (1992), Frida Hjelle Aamot (1992), Oda Heggedal Longvastøl (1993), Randi Horstad (1993), Silje Undal (1993), Benedikte Kalland (1993), Gunn Elisabeth Hukset (1994), Bente Finsrud (1995).

Siw Heggedal Longvastøl







Alle foto: Silje Undal