torsdag 16. september 2010

Tambarjenter til Kent

Fredag 17.september reiser Sunnfjord Volley Team til Kent, venskapskommunen til Førde, Naustdal, Jølster og Gaular som ligg litt utan for Seattle i staten Washington på vestkysten av USA. Dette laget består av volleyballjenter i frå samtlege kommunar, og Tambar har heile 5 jenter med i denne troppen. Desse er: Trude, Frida, Oda, Randi og Ina.
Jentene skal vere i statane i 10 dagar, saman med reiseleiarane Solbjørg, Anne og trenar Mathias. I tillegg skal heigagutt Anders vere med.
I løpet av desse dagane skal jentene ha mange treningar og treningskampar, men hovudmålet med denne turen er ei stor turnering med deltakande lag i frå heile staten Washington. Aldersgruppa er i frå 16-19 år, så dette passar jentene perfekt. I forkant av reisa, har jentene trena ein heil del, fyrste treningsdag var i midten av august.
Vi skal også skrive litt om korleis det går med oss undervegs på reisa, og referat kan du finne på bloggen vår: http://www.sunnfjordvolleyteam10.blogg.no/.


F.v.: Linn, Elisabeth, Nora, Frida, Ina, Trude, Oda og Randi. Andrine, Anita og Camilla var fråværande då biletet vart teke.