søndag 5. desember 2010

2 sigrar til Tambar sitt 2 div.lag

Søndag 5.desember var det seriekampar for 2.div i Naustdalshallen.

Tambar spelte mot Studentspretten Sogndal og vann 3-0, med settsiffera 25-21, 25-18, 25-22.
Tambar-Viksdalen enda og 3-0 med settsiffera 25-8, 25-10, 25-16

Desse spelte på Tambar: Frida Hjelle Aamot (92), Trude Vallestad (92), Randi Horstad (93), Oda Heggedal Longvastøl (93), Silje Undal (93), Gunn Elisabeth Hukset (94), Bente Finsrud (95), Kristina Nymann (95) og Karoline Salbu (95). Karoline Salbu hadde ein flott debut i 2 div og spelte 2 sett som leggar mot Viksdalen.

Tambar har dermed vunne alle 4 seriekampane i 2 div så langt i sesongen.

Det var også fleire seriekampar i Naustdalshallen søndag 5 desember:

Viksdalen- Førde 2 (Solvang): 1-3, og Studentspretten Sogndal - Førde 2 (Solvang): 0-3

Siw


lørdag 4. desember 2010

Tambar U16

Lørdag 4 desember 2010 arrangerte volleyballgr. i Tambarskjelvar turnering for U -16 jenter og gutter fra Sogn og Fjordane. Tambar sine U-16 jenter gjorde reint bord, igjen.

Tambar møtte:
Førde 1,
Førde 2,
Førde 3
Fjellhug/Vereide

Jentene vant alle kampene klart 2-0.

Disse var med: Veronika Djupvik, Karoline Salbu, Kristina Nymann, Martine Mallasvik, Lena Kvellestad, Solveig Jensen og Bente Finsrud.

Trenere Sturle Standal og Dag-Rune Mallasvik.

Takk og til Sissel Jensen som styrte Kantina og ryddinga etterpå med stødig hånd.

Referent drm

torsdag 2. desember 2010

2.divisjonskampar

Søndag skal Tambar sitt 2.divisjonslag spele kampar mot Studentspretten Sogndal og Viksdalen. Førde 2 (Solvang) skal også spele mot desse. Vi håpar at flest mogleg folk kjem for å sjå på, det vert vi glade for! Vi håpar på reprise i frå Norgescup-kampen, då var det heilt fantastisk å spele på heimebane! :)

Kampoppsett:
11.00: Viksdalen - Førde 2
13.00: Tambar - Studentspretten Sogndal
15.00: Studentspretten Sogndal - Førde 2
17.00: Tambar - Viksdalen

lørdag 30. oktober 2010

Reportasje frå NC-kampen mot Førde

I Firda i dag (30.oktober) er det ein reportasje frå kampen i Norgescupen mellom Førde, som vi spelte på torsdag. Den står på side 18-19, og her kan du sjå eit bilete av reportasjen:

torsdag 28. oktober 2010

Tambarskjelvar slått ut av Norgescupen

Etter å ha vunne første rankingturnering i Ålesund var Tambarskjelvar sitt 2 div kvalifisert til første runde i Norgescupen.

Tambarskjelvar (2.div)- Førde (1.div) gjekk på heimbane i Naustdalshallen torsdags kveld, der Tambarjentene fekk god hjelp frå eit engasjert heimepublikum.

Første settet spelte Tambarskjelvar svært godt, og sette Førde sitt 1 div lag med mange erfarne spelarar på plass med å vinne 25-22.
Dette til tross for ein del feilserving frå Tambarjentene.

I dei neste setta kom Førde sterkare att, og Tambarskjelvar misste også litt av flyten i spelet. Jentene kom likevel sterkt tilbake, særleg i siste settet, men utan at det haldt heilt inn.
Totalt sett var det ein bra kamp med mykje godt spel. Spelarane på Tambarskjelvar er unge, så om dei fortsatt er treningivrige, vert her mykje flott vollleyball å sjå på
framover i Naustdalshallen!

Sluttresultatet vart tap til Tambarskjelvar 1-3 med settsiffera 25-22, 18-25, 14-25, 21-25

Desse spelte på Tambarskjelvar:
Tone Finsrud (91), Ina Steiro Herstad (92), Oda Heggedal Longvastøl (93), Randi Horstad (93), Benedikte Kalland (93), Silje Undal (93), Gunn Elisabeth Hukset (94) Bente Finsrud (95), Kristina Nymann (95)

Si
w

tirsdag 26. oktober 2010

Norgescupen: Tambar - Førde

Førstkomande torsdag (28.oktober) møtast Tambar sitt 2.divisjonslag og Førde sitt 1.divisjonslag til kamp i Norgescupen. Tambar vann den første rankinga i 2.divisjon som gjekk av stabelen i Ålesund, og vart dermed sendt vidare til Norgescupen. Vinnaren av denne kampen går vidare til kvartfinale mot Ålesund (2.divisjon), som slo ut Blindheim (1.divisjon).

For at Tambar skal gjere det best mogleg og yte maks, er dei avhengige av at heimepublikumet søttar dei. Derfor håpar vi at det vert stor ståhei frå Tambar sin heiagjeng på tribuna under kampen! Vi kan ikkje vere dårlegare å heie enn Førde, så derfor er det berre å møte opp i Naustdalshallen frå 19.30 og utover. Dra med dykk mor og far, bestemor og bestefar, syster og bror, jo fleire jo betre! :)

søndag 24. oktober 2010

Tambar sikra 2 sigrar i første seriekampane i 2.divisjon

Første serierunden i 2 div vart arrangert i gymsalen på Solvang søndag 24.oktober.
Tambar - Førde 1 enda 3-1 til Tambar med settsiffera 26-24, 25-21, 23-25 og 25-17
Viksdalen - Tambar vart 1-3 til Tambar med settsiffera 16-25, 9-25, 25-23 og 21-25

Begge kampane var det mykje ujamnt spel og det gjekk i periodar litt tungt for Tambar. Var difor viktig og flott å dra begge kampane i land på 4 sett.

Desse spelte på Tambar: Trude Vallestad, Frida Hjelle Aamot, Ina Steiro Herstad, Benedikte Kalland, Randi Horstad, Oda Heggedal Longvastøl, Silje Undal, Gunn Elisabeth Hukseth og Kristina Nymann.
Kristina Nymann hadde sin debut på . div i dag og gjorde ein fin jobb, ma med eit par fine blokk av midt.

Neste kamp for Tambar er Norgescup kamp mot Førde sitt 1 div lag førstkomane torsdag 28.oktober i Naustdalshallen ca kl 19:30.
Her er Førde favorittar så vi treng å mobilisere eit sterkt heimepublikum som hjelper oss til å yte vårt beste!

Siw

søndag 17. oktober 2010

Minivolleyball - oppstart

Måndag 18.oktober startar volleyballen med minivolleyball for 2-5.klasse.
2 og 3.klasse gutar og jenter blir ei gruppe.
4 og 5.klasse gutar og jenter blir ei gruppe.
Tid: 1700-1800
Fint om føresatte er med på første trening.

Volleyballgruppa

tirsdag 5. oktober 2010

Flott seriestart for 2 div laget

Tambarskjelvar sitt 2 div lag i volleyball vann i helga 1. rankingturneringa i avdeling Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i 2 div. Dette er ein sterk prestasjon av eit ungt lag med spelarar i alderen 15-18 år.

Det var 7 deltakande lag i turneringa på kvinnesida, der Tambar og Førde2 (alle f. 1993) truleg hadde dei yngste laga. I innleiande pulje vann Tambar alle kampane: Førde2 (2-0), Ålesund 2-0, og Kristiansund 2-1.

I seminfinalen vart det siger over Studenspretten (Sogndal) 2-0 (25-10, 25-16).

Finalen mot Ålesund vart ein svært spanande og jevn kamp, men der Tambar hadde full kontroll i siste settet, 2-1 (24-26, 25-23, 15-11).

Desse spelte på Tambar: Ina Steiro Herstad (1992), Frida Hjelle Aamot (1992), Oda Heggedal Longvastøl (1993), Randi Horstad (1993), Silje Undal (1993), Benedikte Kalland (1993), Gunn Elisabeth Hukset (1994), Bente Finsrud (1995).

Siw Heggedal Longvastøl







Alle foto: Silje Undal

torsdag 16. september 2010

Tambarjenter til Kent

Fredag 17.september reiser Sunnfjord Volley Team til Kent, venskapskommunen til Førde, Naustdal, Jølster og Gaular som ligg litt utan for Seattle i staten Washington på vestkysten av USA. Dette laget består av volleyballjenter i frå samtlege kommunar, og Tambar har heile 5 jenter med i denne troppen. Desse er: Trude, Frida, Oda, Randi og Ina.
Jentene skal vere i statane i 10 dagar, saman med reiseleiarane Solbjørg, Anne og trenar Mathias. I tillegg skal heigagutt Anders vere med.
I løpet av desse dagane skal jentene ha mange treningar og treningskampar, men hovudmålet med denne turen er ei stor turnering med deltakande lag i frå heile staten Washington. Aldersgruppa er i frå 16-19 år, så dette passar jentene perfekt. I forkant av reisa, har jentene trena ein heil del, fyrste treningsdag var i midten av august.
Vi skal også skrive litt om korleis det går med oss undervegs på reisa, og referat kan du finne på bloggen vår: http://www.sunnfjordvolleyteam10.blogg.no/.


F.v.: Linn, Elisabeth, Nora, Frida, Ina, Trude, Oda og Randi. Andrine, Anita og Camilla var fråværande då biletet vart teke.

torsdag 17. juni 2010

Sommaren 2010

Denne sommaren skjer det saker og ting rundt om i volleyball-Noreg. Rundt om i heile landet vert det arrangert ulike sommarleirar, for dei som er interessert i å lære meir volleyball. På volleyball.no kan du finne ei oversikt over nokre av desse leirane: http://www.volleyball.no/t2.asp?p=63747.
Toppvolley-Norge arrangerar også ein leir i sommar, og info kan du finne her: http://toppvolley.no/index.php?option=com_content&view=article&id=80&Itemid=136

Aukraleiren 2010:
Aukraleiren går av stabelen 19.-23.juni i Stavanger, og er open for jenter og gutar i frå 14 år 0g oppover. Meir info finn du her: http://www.aukraleiren.no/.

World Tour i Stavanger:
28.juni til 4.juli vert det arrangert ei Grand Slam-sandvolleyballturnering i Stavanger. For meir info, gå inn på: http://www.fivb.org/EN/BeachVolleyball/Competitions/WorldTour/2010/?sm=15.

Sandvolleyballturneringar

Den brasilianske trenaren Marcelo Penner har eit ynskje om å arrangere nokre sandvolleyballturneringar i sanden ved Rica Sunnfjord Hotell. Han har eit ynskje om å arrangere to turneringar i løpet av sommaren. Her er ei oversikt over den første turneringa:

Torsdag 24.juni, kl 09.30: jentene til Øyvind B + Halbrend
Torsdag 24.juni, kl 17.00: JU17 + 1 div. damer
Fredag 25.juni, kl 09.30: GU16 + junior G
Fredag 25.juni, kl 17.00: elite + eldste junior

tirsdag 25. mai 2010

No kan sandvolleyballsesongen starte!

Volleyballbanane på Sanden klar til bruk takka vere ein liten men flott dugnadsgjeng!!!
Stor takk til kommunen og, for godt grunnarbeid med å få sanden inn på banene att!
Det gjorde arbeidet for dugnadsgjengen lettare.

Sturle Standal, Solbjørg Steiro Herstad, Marina Gjøringbø, Mari Standal, Randi Horstad, Gunn Takseth Nøstdal, Hilde Karine Tandstad.

mandag 10. mai 2010

Bilete frå NM U17

Eg har no lagt ut bilete på Tambar-sida i frå finaledagen på NM U17. Desse bileta finn du her:
http://tambarvolley.no/nm1710.html

søndag 2. mai 2010

2.plass til Tambarskjelvar

Tambar enda på ein strålande 2.plass i U17-meisterskapen etter 0-2 tap mot det sterke laget Sortland.
Finalen starta etter ei lita forseinking. Jentene hadde ei god oppvarming, og gleda seg til å kome i gong med kampen. I byrjinga av settet slo Sortland til med heile 4 serveess før Tambar fekk sitt første poeng. Tambar klarte å hente seg opp på stillinga 17-17, men så rykte Sortland litt i frå att. Sortland har første settball på stillinga 22-24, men Tambar stoppa dei to settballane og reduserte til 24-24. Laga fekk kvart sitt poeng heilt fram til 25-26, då klarte Sortland å slå inn settballen.
I andre sett var det tett heilt i frå starten, og laga følgde kvarandre poeng for poeng heilt fram til stillinga 12-12. Då rykkjer Sortland i frå, og får ei leiing på 6 poeng på det meste (18-12). Tambarjentene henta deretter inn fleire poeng, men på 16 poeng sa det stopp. Sortland angreip agressivt på slutten, og stillinga i siste settet enda på 16-25.
Første seksaren i finalen bestod av: kaptein Oda Heggedal Longvasøl, Marina Gjøringbø, Randi Horstad, Annette Kalland, Bente Finsrud og Caroline Helle.

(Arrangøren hadde live-oppdatering på kampen, og den kan du sjå
HER).

Etter finalen var det premieutdeling og kåring av årets All Star-Team. Oda Heggedal Longvastøl vart kåra som meisterskapens beste diagonal! Og Kari Skei Bakketun i frå Førde vart kåra til ein av dei to beste midtane i meisterskapen. Gratulerer så mykje til begge to!

Gratulerer så mykje med sølvmedaljen til Tambarskjelvar, og gratulerer til Førde sitt jentelag som fekk bronse. Gutelaget til Førde enda på 7.plass.

Oppe f.v.: Trenar/lagleiar Siw Heggedal Longvastøl, Marina Gjøringbø, Caroline Helle, Bente Finsrud, Benedikte Kalland, Randi Horstad, Oda Heggedal Longvastøl (k) og trenar/lagleiar Sturle Standal. Midten f.v.: Annette Kalland, Astrid Marie Erdal og Silje Undal. Nedst: Gunn Elisabeth Hukset.

Tambar i NM-finale!

Tambarskjelvar U17 er på NM i Bergen i helga. Etter tre sigrar i innleiande runde mot Rossvoll, Skjeberg og Stod var dei klare for kvartfinale mot Holstad. Her vart det siger, og naboklubben Førde venta i semifinalen. Jentene i frå Tambar viste styrke og vann heile 2-0 mot Førde, og sikra seg dermed finaleplass!!!! Tambar - Sortland i finalen. Finalen går 13.30 i Haukelandshallen i morgon, 2.mai.

torsdag 29. april 2010

NM U17

I helga er det klart for årets siste aldersbestemte NM, altså NM U17 i Bergen. Meisterskapen vert avvikla i Haukelandshallen.
Tambarskjelvar stiller med eitt jentelag. Laget er i pulje med Rossvoll, Skjeberg og Stod. Første kamp går kl.13.15 mot Rossvoll. Andre puljekamp går 15.45 mot Stod. Siste puljekamp går seint på kvelden mot Skjeberg 20.45. Dersom laget får 1.plass i pulja går dei rett til kvarfinale. Dersom dei vert nr.2 i pulja, må dei innom ein 1/8 finale.

Vi ynskjer Tambarskjelvar lykke til i NM 17 2010!

Referat frå NM U16

NM 16 2010!

Vi møtte Bodø Volley i første kamp, og vant greit 2-0 (25-7, 25-13). Deretter venta andre puljekamp mot Rossvoll. Første sett vant vi greit 25-13, medan andre settet vart langt meir spennande. Vi låg under 24-21, men klarte å snu settet og vant 26-24. Då venta siste kamp i pulja mot jentene frå ØKSIL. ØKSIL viste godt spel og vant klart 2-0 (25-14, 25-8). Dermed fekk vi 2. plass i pulja og var klare for åttendedelsfinale dagen etter.

I åttendedelsfinalen møtte vi Askim, ein jamn kamp som vi tilslutt vant 2-1 ( 21-25, 25-23, 15-10). I kvartfinalen spelte vi mot Sortland, som imponerte med veldig godt spel og vant klart 2-0 (25-8, 25-6).

Etter tap i kvartfinalen spelte vi om 5.-8. plass. Vi tapte mot Gneist 1-2 (21-25, 25-21, 8-15) og Skjetten 0-2 (17-25, 18-25), og dermed vart vi nummer åtte.

Før NM hadde vi som som mål å komme oss til ein kvartfinale, og det greidde vi! Men i kampane mot Gneist og Skjetten føler vi at vi kunne fått vist betre spel, og kanskje til og med vunne. Men med NM-debut for dei fleste jentene seier vi oss nøgde med 8. plass.

Spelarar denne helga: Martine Mallasvik, Kristin Standal, Karoline Salbu, Lena Kvellestad, Bente Finsrud, Kristina Nyman, Veronika Djukvik, Trine Einevoll, Solveig Jensen, Eline T. Lillehaug, Annette Kalland, Gunn Elisabet Hukset og Astrid Marie Erdal.

Trenarar: Dag-Rune Mallasvik og Mari Standal

Mari.

torsdag 22. april 2010

U16 er klar for NM!

I dag, torsdag 22.april, reiser U16-laget til Stavanger for å delta på NM. Dei har førebudd seg heile sesongen, og for nokon er dette det aller første NM-et dei er med på. Vil tru det er ein del sommarfuglar i magen til jentene, og kanskje trenarane er like spente? Klokka 16.00 er avreise, og dei er framme i Stavanger i løpet av kvelden.


Det er Sandnesklubbane Ausdtrått og Hana Idrettslag som i år har slått seg saman om å arrangere NM i Stavanger Idrettshall.
Tambar-jentene er i pulje med Bodø, Øksil og Rossvoll. Første kampen for jentene går klokka 13.15 i morgon (fredag) mot Bodø. Men før dei første innleiande kampane vert sett i gong, er det opningsseremoni klokka 12.

Dag-Rune Mallasvik er lagleiar saman med Mari Standal under meisterskapen, og han meddeler at hovudmålet er å kome til ein kvartfinale.
- Hovudmålet vårt er å kome til ein kvartfinale. Deretter tek vi kamp for kamp. Eg har sagt til jentene at dersom vi vann heile meisterskapen, så skulle eg gå heim att, hehe.

Men han er spent på nivået. Det er 16 lag totalt i jenteklassen, og 4 puljer. Tambarlaget er seeda som nr. 2, rett bak Sortland i frå Nord-Norge. Begge desse laga vart nr. 1 i sonemeisterskapet i si eiga sone. - For alle jentene, med unnatak av tre, er dette det første NM-et. Vinn vi pulja, så går vi rett til kvartfinale. Så her gjeld det å stå på i frå første kamp. Vert vi nr. 2 i pulja må vi innom ein åttandedelsfinale. Jentene har veldig lyst til å vinne og trur vi har sjans til å få medalje, men vi har hatt lite motstand i dei kampane og turneringane vi har spelt denne sesongen. Men alt kan sjølvsagt skje. Alt spelar inn, dagsform og humør blant anna.

På førehand har førebudd seg godt, blant anna med ein treningskamp mot U17-laget, som skal NM U17 i Bergen neste helg. - Vi spelte kamp mot U17 med eit toppa lag, og vi vann faktisk eitt sett. I denne kampen prøvde vi også å spele med libero, og det fungerte faktisk så bra at vi har tenkt til å bruke libero i NM. Vi har også spurt jentene om kva dei tenkjer om NM, og dei aller fleste har ambisjonar om å komme lengst mogleg. Då har vi ikkje råd til å tape kampar, og det gjeld å stå på frå første kamp.

- Vi køyrer buss saman med Førde, og det er god stemning i bussen. Jentene gler seg!


Fullstendig kampoppsett finn du her:
http://www.cupassist.com/resultater/vis.php


Oppe f.v.: Kristina Nyman, Solveig Kvellestad Jensen, Veronika Djupvik, Eline Tanstad Lillehaug, Martine Mallasvik og Lena Kvellestad.
I midten f.v.: Trine Einevoll, Kristin Standal, Annette Kalland, Karoline Salbu og Gunn Elisabeth Hukset.
Nederst f.v.: Astrid Marie Erdal og Bente Finsrud.

mandag 22. mars 2010

Tambar U16 og U17 til topps i Blindheimcup

Etter å ha møtt Førde i begge finalene var det fornøgde spelarar og trenarar som
tok bussen tilbake til Naustdal søndag kveld.

U16 slo Førde 2-0 i finalen med settsifra 25-22 og 25-21.
Laget vann alle sine kampar 2-0 og fekk ei fin oppkøyring til NM i Stavanger i april.
Spelarar: Martine Mallasvik, Eline Tandstad Lillehaug, Veronica Djupvik, Solveig Jensen,
Lena Kvellestad, Bente Finsrud, Kristina Nyman, Kristin Standal, Trine Einevoll
og Karoline Salbu.
Trenarar: Mari Standal og Dag Rune Mallasvik.

U17 slo Førde 2-1 i finalen etter settsifra:25-19, 25-27 og 15-11.
På vei til finalen vann laget 2-0 mot Fræna, 1-1 mot Blindheim og Førde.
Dermed vann dei pulja og slo Fjellmann 2-0 i kvartfinale og Ellingsøy
2-0 i semifinale.
Spelarar: Astrid Marie Erdal, Oda Heggedal Longvastøl, Randi Horstad,
Benedikte Kalland, Annette Kalland, Marina Gjøringbø, Silje Undal,
og Gunn Elisabet Hukset.
Trenar: Sturle Standal
No er fokus retta mot NM U17 i Bergen 30.april til 2.mai.

Takk til Margunn Thune som var med som foreldrer.
Takk til sjåfør John Mallasvik køyrte vederlagsfritt for volleyballgruppa.

Sturle




fredag 19. mars 2010

Treningssamling

Bilete i frå treningssamlinga med Arvid Wigerstrand og 2.divisjonskampen mot Førde 4 er lagt ut her: http://tambarvolley.no/treningssamling10.html

Foto: Silje Undal

tirsdag 16. mars 2010

Tambar 2 vann over Førde 5 i siste seriekamp i år

Tysdag 16 mars var det det siste seriekamp for Tambar 2 på Solvang.
Tambar har sise veka spesialisert seg på 3-2 sigrar, og denne vart den tredje kampen i rekka med settsiffera 24-26, 25-14, 25-15, 21-25, 15-7.
Og med desse resultata i innspurten, ser det ut til å verte 2 plass for Tambarlaget i 2 div i år.

desse spelte på tambar 2
Annette Kalland, Benedikte Kalland, Astrid Marie Erdal, Gunn Elisabet Hukset, Silje Undal, Bente Finsrud, Marina Gjøringbø og Oda Heggedal Longvastøl

søndag 14. mars 2010

Tambar 2-Førde 4

Søndag 14 mars spelte Tambar2 seriekamp i 2 div mot Førde 4 (93).
Etter å hatt ei travel treningshelg avslutta dei Tambarspelarane med å slå Førde 3-2.
Det var ein jevn kamp og spanande kamp, som fekk desse settsiffera 23-25, 23-25, 25-14, 25-23, 15-9

Desse spelte på Tambar 2
Annette Kalland, Benedikte Kalland, Gunn Elisabeth Hukset, Astrid Marie Erdal, Silje Undal, Frida Hjelle Aamot, Marina Gjøringbø, Bente Finsrud

Siste seriekampen i 2 div vert tysdag 16 mars mot Førde5 kl 18:15 på Solvang

Siw

Treningshelg

Unge lovande volleyballspelarar i Sunnfjord har hatt treningshelg 12-14.mars

Arvid Wigerstrand frå Toppvolley har vore trenar/instruktør under denne treningssamlinga for unge lovande volleyballspelarar.
I løpet av helga har ca 60 spelarar deltatt, og i underkant av 20 trenarar vore innom samlinga og fått innspirasjon gjennom å sjå på varierte og gode treningsopplegg.
Fredag var det trenings for unge gutar (94/95/96) i Førdehuset, Laurdag og søndag var det unge jentar 93/94 og 95/96 som hadde tilbodet i Naustdalshallen.

Samlinga vart arrangert som eit samarbeid mellom ToppVolley, Førde Volleyballgruppe og Volleyballgruppa i Tambarskjelvar il, men også naboklubbar var invitert til å delta med spelarar og trenarar.
Spelarane var ivrige deltakarar, og trenarane var engasjerte observatørar som vart svært inspirerte og noterte flittig, tips og øvingar. Særleg for dei trenarane som fekk med seg fleire treningar var det
imponerande å sjå for eit spekter i øvingar, og korleis Arvid bygde på enkle øvingar til å kunne nyttast på høgare nivå. Det var stor semje om at dette bør ein få til fleire gongar, gjerne i starten av sesongen.

lørdag 13. mars 2010

Siger for Tambar 2 mot Førde 3 i 2.div

Fredag 12 mars spelte Tambar 2 kamp mot Førde 3 (92-årgang) i Naustdalshallen.

Tambar kom godt i gang i første settet og vann klart 25-14, ma pga svært god serving. I dei to neste setta sleit Tambar med å stoppe Førde sine angiparar, og slutta nesten å angripe sjølve og tapte dermed desse setta 17-25 og 19-25. Det nytta lite med gratis ballar over til Førdejentene som jobba godt i forsvar. Ut i 4.settet starta Tambarjentene å angripe meir aggresivt og drog i land settet med 25-23. Siste settet starta Tambar med god servering og fortsatte å angripe og vann dermed 15-6. Etter ujemnt spel heva Tambar jentene seg i siste del av kampen og drog slik sigeren i land.

Desse spelte på Tambar 2:
Silje Undal, Silje Skilbrei, Annette Kalland, Benedikte Kalland, Astrid Marie Erdal, Gunn Elisabeth Hukset, Ina Steiro Herstad og Marina Gjøringbø.


Tambarjentene fekk støtte i frå denne vesle gjengen på tre med sjølvlaga plakat og praktfulle kamprop under kampane onsdag og fredag! Stå på! :)

Tap for Tambar 2 mot Førde 2 i 2.div

Onsdag 10. mars spelte Tambar 2 mot Førde 2 (Solvangelevar) i Naustdalshallen.
Tambar 2 hadde i perioder bra spel og jobba på, men sleit med å stoppe slagkrafta til dei eldre spelarane som er serieleiarar i 2 div i regionen. Det vart då også vanskeleg å kome offensivt i gang med gode angrep. Kampen enda 0-3, med settsiffera 17-25, 15-25, 21-25.

Desse spelte for Tambar 2:
Silje Undal, Silje Skilbrei, Annette Kalland, Benedikte Kalland, Astrid Marie Erdal, Gunn Elisabeth Hukset, Bente Finsrud, Randi Horstad og Oda Heggedal Longvastøl


Foto: Silje Undal

mandag 8. mars 2010

7. mars 2010, Volley 2000 i Førdehuset. - jenter 98.

Etter å ha starta sesongen i 14- årsklassen valde 98- jentene å spele dei to siste turneringane i 12- årsklassen. Søndag stillte dei som Tambar 1 i Førdehuset. Det vart ein travel dag med heile 6 kampar i strekk. Med god innsats og mykje vilje vann dei 4 av 6 kampar. Dette vart ei flott avslutning av kamp- sesongen for i år.

Etter jul har det byrja to nye jenter på laget: Marte Hove Haugen og Lena Bjørklund. Velkommen til dei!

Oppmann Wenche G. Halbrend

søndag 7. mars 2010

Tambar sitt 1.div.lag klar for 2.divisjon

Kom på siste plass i den tredje og siste rankingturneringa, og må dermed ta turen ned ein divisjon.
Etter eit godt resultat mot leiarlaget NTNUI volley forrige helg, var det litt optimisme i laget før siste turnering. Vi var i ei pulje der det var mogleg å komme til ein kvartfinale. Men laget fekk kun i korte periodar spelet til å sitte, og det var ikkje nok til å ta eit einaste sett i helga.

Resultat:
Tambar Blindheim 0-2 14-25, 23-25
Tambar - Austrått 0-2 15-25, 11-25
Tambar - Koll 2 0-2 19-25, 10-25
Tambar - Førde 0-2 20-25, 18-25
Tambar - Oslo volley 2 0-2 23-25, 18-25

Laget:
Marte Heggedal Longvastøl, Lise Toverud, Mari Standal,
Ina Steiro Herstad, Marina Gjøringbø, Caroline Helle,
Oda Heggedal Longvastøl, Trude Vallestad, Frida H. Aamot
og Randi Horstad.
Sturle

Rankingturnering JU-16 i Naustdalshallen 7.mars 2010

Tambar stillte med 2 lag i JU-16 i Naustdalshallen i dag.
Begge laga gikk ubeseira igjennom gruppespillet og semifinaler.
Tambar 1 møtte Førde 1 2-0 (25-19 25-19) deretter Viksdalen 2-0 (25-15 25-19).
Semifinale Tambar 1-Blindheim 2-0 (25-8 25-3).
Tambar 2 møtte Førde 2 2-0 ( 25-4 25-18) Blindheim 2-0 (25-10 25-09).
Semifinale Tambar 2-Førde 1 2-0 (25-19 25-19).

I finalen ble det en jevn og spennende kamp mellom Tambar 1 og Tambar 2. Der tambar 2 vant 2-1 (25-21 13-25 15-11)

Tambar 1 spillte :

Eline T. Lillehauge, Martine Mallasvik, Astrid Marie Erdal, Bente Finsrud, Trine Einevoll og Karoline Salbu.

Tambar 2 Spillte:

Gunn Elisabeth Hukseth, Kristin Standal, Annette Kalland, Solveig Jensen, Kristina Nymann, Veronika Djupvik og Lena K.Løvik.

Trenere / lagledere: Benedikte Kalland og Dag-Rune Mallasvik.

drm


lørdag 27. februar 2010

Referat Tambar-NTNUI

Nesten for Tambardamene i sesongen siste kamp på heimebane.
Tap 2-3 mot ubeseira NTNUI volley frå Trondheim.
Settres.:19-25, 25-15,25-17,14-25,12-15
På stillinga 11-11 i siste sett glapp det litt i mottak, pluss at NTNUI sin
beste spelar fekk slå inn to ballar.
Laget visste i lange periodar at dei kunne spele jamt mot topplaget.
Vi var solide i mottak gjennom stort sett heile kampe, plukka opp
mange ballar i forsvar og det var mykje god serving.
Der det manglar er nok at vi blir litt for enkle i angrep og vi er for
lite flinke til å "drepe" ballen.
Tambar idag: Lise Toverud, Marte Heggedal Longvastøl, Mari Standal,
Linda Apneseth, Ina Steiro Herstad, Oda Heggedal Longvastøl,
Marina Gjøringbø og Randi Horstad.
Sturle

fredag 26. februar 2010

mandag 15. februar 2010

Tambar tapte bronsefinalen knepent 1-2 mot Volda

Søndag var sonemeisterskap med kvalifisering til NM U19.
Tambar vart nr 2 i si pulje etter å vunne over Førde2: 25-17, 25-8, og tapt mot Blindheim: 16-25, 10-25. I semifinalen møtte Tambar Førde 1, der vi i perioder presterte bra spel i andre settet utan å greie å halde det heilt ut og tapte 12-25, 21-25.
I bronsefinalen møtte vi Volda, og dette var ein svært spanande og jevn kamp som var avgjerande for kven som er kvalifisert til NM U19.
Linda Apneseth fekk diverre ein kraftig overtrakk i første settet, så Tambar måtte greie seg utan den mest rutinerte spelaren i mesteparten av kampen. Spelarane lot dette likevel ikkje få styre den vidare innsatsen i kampen og kjempa på vidare med stor innsats og tidvis svært godt spel. Diverre tapte Tambar knepent 1-2 med settsifra 23-25, 25-23, 11-15.
Førde 1 vant finalen mot Blindheim etter at Blindheim punkterte i siste settet. Settsiffera vart 29-27, 25-8.

Med dette er altså Førde, Blindheim og Volda kvalifiserte til NM U19 i år.
Tambar med sine unge spelarar leverte jamnt over ei god turnering, men greidde diverre ikkje å kvalifisere seg i denne omgang.

Desse spelte på Tambar: Bente Finsrud (95), Annette Kalland (94), Gunn Elisabeth Husketh (94), Benedikte Kalland (93), Randi Horstad (93), Caroline Helle (93), Marina Gjøringbø (93), Oda Heggedal Longvastøl (93), Frida Hjelle Aamot (92), Trude Vallestad (92), Ina Steiro Herstad (92), Linda Fitje Apneseth (91).

Fullstendig resultatliste:
1. Førde VBK 1
2. Blindheim
3. KFUM Volda
4. Tambar
5. Førde VBK 2
6. Kristiansund

søndag 14. februar 2010

Referat frå sonemeisterskap U17

Laurdag 13 februar var det soneturnering for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i U17 klassa. Dei tre beste laga kvalifiserar seg til NM.
Tambarjentene vann sitt innleiiande puljespel, med 2-0 (25-18, 25-20) mot Førde, 2-0 mot Volda (25-16, 25-19) og 2-0 mot Ellingsøy (25-19, 25-21).
Tambarjentene var dermed klare for semifinale mot Kristiansund som vart nr 2 i pulje 1. Denne kampen drog tambarjentene heim med svært godt spel, og vann 2-0 med settsiffera 25-9, 25-11.

Førde som vart nr 2 i vår pulje, spelte semifinale mot Blindheim og tapte, og måtte dermed møte Kristiansund i bonsefinalen. Denne vann dei 2-1 og vart dermed kvalifiserte til NM

Tambar spelte finale mot Blindheim. Tambar leia klart i første settet med overbevisande 25-12, og greidde deretter å tape 21-25 og 13-15 mot eit Blindheimlag som kjempe på alle ballane gjennom heile kampen.
Blinheimslaget kunne reise heim med gullet, og Tambar fekk sølv. Med dette er altså Blindheim, Tambarskjelvar og Førde sine jenter U17 lag kvalifiserte til NM i Bergen første helga i mai.


Desse spelte på Tambar i Sone U17:
Martine Mallasvik (96), Bente Finsrud (95), Annette Kalland (94), Gunn Elisabeth Husketh (94), Benedikte Kalland (93), Randi Horstad (93), Silje Undal (93),Caroline Helle (93), Marina Gjøringbø (93), Oda Heggedal Longvastøl (93)

Fullstendig resultatliste:
Jenter:
1. Blindheim
2. Tambarskjelvar
3. Førde
4. Kristiansund
5. Volda
6. Ellingsøy
7. Jølster

Gutar:
1. Førde
2. Ålesund
3. Jølster


torsdag 11. februar 2010

Siger til Tambar 2 mot Førde 3 i 2 div

Tambar 2 møtte Førde 3 i Førdehuset torsdag 11 februar, der det vart siger til Tambar 3-2, med settsiffera : 25-20, 25-20, 19-25, 19-25, 15-11.

Kampen byrja godt for Tambar, med klar siger i dei dei to første setta, I dei to neste setta fekk Tambar meir motstand i frå eit skjerpa Førde lag, men tapte likevel mest poeng på eigne feil. Ut i siste settet henta jentene seg innatt og det vart endeleg ein siger att.
Lena Kvellestad hadde sin debùt på 2 div laget i denne kampen, og det greidde ho fint :-)

Desse spelte på Tambar 2:
Gunn Elisabeth Hukseth, Silje Undal, Veronica Espeseth, Benedikte Kalland, Ina Steiro Herstad, Frida Hjelle Aamot, Trude Vallestad, Lena Kvellestad

Siw

tirsdag 9. februar 2010

mandag 8. februar 2010

Tambar sitt 1.div.lag nr.14 i ranking i Oslo

Seier i siste kamp mot TVN 2 retta opp litt av ei dårleg turnering.
Kampen mot Topp volley 2 vart vunne med 2-0 26-24, 25-17
Men helga starta dårleg med dårleg spel og tap mot Trio og Kristiansand.
Dermed kom vi ikkje til åttendelsfinale men måtte spele om
plassane frå 11 og nedover.
Første kamp mot Bø, der det vart 1-2 tap 24-26, 26-24, 10-15
Spelarar i helga: Lise Toverud, Mari Standal, Linda Apneseth,
Ina Steiro Herstad, Frida Hjelle Aamot, Marina Gjøringbø,
Oda Heggedal Longvastøl og Randi Horstad.
Sturle

fredag 5. februar 2010

Sonemesterskap U16 - Ålesund

Tambar sitt u-16 lag drog til Ålesund for å spille sonemesterskap / kvalifisering til nm. J U 16. i Ålesund 31 januar.

Med avreise laurdag i privat biler gikk turen nordover i dårlig vær og dårlig føre. Vi kom oss vel opp og hadde en fin opplading til søndagens turnering med felles pizza og bowling lørdagskvelden.

Vi kom i pulje med Blindheim 1 og Hessa, derfor ble det kun 2 kamper på jentene i gruppespillet.Vi vant begge våre kamper og var dermed kvalifisert direkte til semifinale.Semifinalen gikk bra , vi slo Førde 2-0. Jentene var dermed kvalifisert til NM i Stavanger i april.
I Finalen møtte vi Blindheim 1 igjen og vi slo de 2-1 .

Blindheim 1 - Tambar 1 - 2 (17-25, 25-17, 12-15)

Hessa IL - Tambar 0 - 2 (13-25, 16-25)

Semifinale Tambar - Førde VBK 2 - 0 (25-19, 25-16)

Finale Tambar - Blindheim 1 2 - 1 (25-20, 17-25, 15-7)

På Tambar spilte: Kristin Standal, Karoline Salbu, Bente Finsrud, Martine Mallasvik, Astrid Marie Erdal, Trine Einevoll, Gunn Elisabeth Hukset, Lena Kvellestad, Eline Tanstad Lillehaug, Veronika Djupevik, Annette Kalland, Solveig Jensen, og Kristina Nyman

Trenere/lagledere: Gunn Takset Nøstdal, og Dag-Rune Mallasvik.

Vil få takke Merete Løvik som stilte som forelder /sjåfør og vaktmester på denne turen. J

drm

Sonemesterskap U16 - Plesund

Tambar sitt u 16 lag drog til Ålesund for å spille sonemesterskap / kvalifisering til nm. J U 16. i Ålesund 31 januar.

Med avreise laurdag i privat biler gikk turen nordover i dårlig vær og dårlig føre. Vi kom oss vel opp og hadde en fin opplading til søndagens turnering med felles pizza og bowling lørdagskvelden.

Vi kom i pulje med Blindheim 1 og Hessa, derfor ble det kun 2 kamper på jentene i gruppespillet.

Vi vant begge våre kamper og var dermed kvalifisert direkte til semifinale.

Semifinalen gikk bra , vi slo Førde 2-0.

Jentene var dermed kvalifisert til nm i Stavanger i april.

I Finalen møtte vi Blindheim 1 igjen og vi slo de 2-1 .

Blindheim 1 - Tambar 1 - 2 (17-25, 25-17, 12-15)

Hessa IL - Tambar 0 - 2 (13-25, 16-25)

Semifinale Tambar - Førde VBK 2 - 0 (25-19, 25-16)

Finale Tambar - Blindheim 1 2 - 1 (25-20, 17-25, 15-7)


På Tambar spilte: Kristin Standal, Karoline Salbu, Bente Finsrud, Martine Mallasvik, Astrid Marie Erdal, Trine Einevoll.

Gunn Elisabeth Hukset, Lena Kvellestad, Eline Tanstad Lillehaug, Veronika Djupevik, Annette Kalland, Solveig Jensen,

Og Kristina Nyman

Trenere/lagledere: Gunn Takset Nøstdal, og Dag-Rune Mallasvik.

Vil få takke Merete Løvik som stilte som forelder /sjåfør og vaktmester på denne turen. J

drm

mandag 1. februar 2010

Tambar 2 tapte 1-3 mot Førde 4 etter fleire jemne og spanande sett

Desse spelte på Tambar 2:

Annette Kalland, Astrid Marie Erdal, Benedikte Kalland, Veronica Espeseth, Evita Kvammen, Silje Undal, Silje Skilbrei, Trude Vallestad, Frida Hjelle Aamot, Bente Finsrud

Tambar starta noko bakpå og tapte første settet klart 14-25, andre settet vart 26-28, deretter vann Tambar2 3.settet 25-21. Siste settet leda Tambar 2 heile vegen heilt til slutt, men tapte likevel 22-25.

Totalt sett ein god, jevn og spanande kamp med mange fine ballvekslingar på begge sider. Synd at jentene ikkje fekk full uttelling, slik at det enda med tap.

Siw

mandag 25. januar 2010

Tap for 1.div.damene i Hordaland

Laurdag 30.1 Rossvoll - Tambar 3-0 25-11, 25-20, 25-20
Søndag 31.1 BSI 2 - Tambar 3-1 25-22,20-25,25-15,25-21

Spelarar: Lise Toverud, Eva Linn Hove Ås, Marte Heggedal Longvastøl,
Mari Standal, Linda Apneseth, Ina Steiro Herstad, Oda Heggedal Longvastøl,
Caroline Helle, Marina Gjøringbø og Randi Horstad,

Mykje bra spel men ingen poeng betyr at Tambar ligg sist i si avdeling
og treng to gode resultat i dei siste rankingturneringane for å berge
plassen i 1.div. Spelet i helga skal vi ta med oss til desse turneringane
og satse på god trekning og avansement til iallefall kvartfinale.
Sturle

søndag 17. januar 2010

Krinsmeisterskap U-16 i Naustdalshallen 17.januar 2010

Det var med 6 lag i jenteklassen i årets KM U-16. Tambar stilte med to lag.

Tambar 1 var først i ilden, og møtte Jølster i sin første kamp, og vant 2-0 (25-13 og 25-16). Deretter møtte Tambar 1 Førde 2, en kamp Tambar vant greit 2-0 (25-10 og 25-9). Med det var Tambar 1 puljevinner og klar for semifinale.
Tambar 2 møtte Viksdalen i sin første kamp, og vant greit 2-0 (25-13 og 25-16). Deretter møtte Tambar 2 Førde 1 og vant kampen 2-0 (25-19 og 25-20). Tambar 2 ble og puljevinner, og klar for semifinale.
Dette var veldig bra, for da møttes ikke Tambarlagene før i en eventuell finale.

I første semifinale skulle Tambar 1 møte Førde 1, og vant 2-0 (25-16 og 25-20). Og var klar for finale.
Tambar 2 møtte Jølster i sin semifinale og vant 2-0 (25-16 og 28-26). Dermed ble det en ren Tambar-finale.
Finalen ble en gysare av en kamp. Tambar 1 vant første sett 26-24. Tambar 2 kom sterkt utover i andre sett, og vant fortjent 25-21. Dermed måtte det tredje sett til for å kåre en vinner. Lagene fulgte hverandre tett hele veien, og byttet på å lede, men Tambar 2 hadde mest "guts" og vant til slutt 21-19 i tredje og siste sett.
Dermed ble Tambar 2 kretsmestere JU-16.
På Tambar 1 spilte: Veronika Djupvik, Kristina Nyman, Annette Kalland, Solveig Jensen, Gunn Elisabeth Hukset, Lena Kvellestad og Eline Tanstad Lillehaug.
På Tambar 2 og Kretsmestere 2010 spilte: Martine Mallasvik, Kristin Standal, Karoline Salbu, Bente Finsrud, Astrid Marie Erdal og Trine Einevoll.

Trenere/lagledere: Mari Standal, Gunn Takset Nøstdal, Børge Einevoll og Dag-Rune Mallasvik.

Tekst: drm
Foto: Merete Standal




F.v.: Martine, Kristin, Karoline, Bente, Trine og Astrid Marie.

KRINSMEISTERSKAP U-14, 2010

KRINSMEISTERSKAP U-14 I NAUSTDALSHALLEN 16. JANUAR -2010.

Det var 23 lag som deltok i meisterskapet. Førde stillte med heile 14 lag.
I guteklassen deltok 14 lag. Førde 1 gjekk av med sigeren framfor Halbrend 3. Viksdalen tok ein fin 3.plass. Tambar har ikkje gutelag i denne aldersgruppa.
I jenteklassen deltok 9 lag. Førde 1 tok førsteplassen. Førde 2 kom på 2. plass. Fjellhug Vereide tok 3. plassen.
Tambar stillte med to jentelag. 98- jentene hadde med seg to forsterkningar i Kristin Standal (-96 ) og Martine Mallasvik (-96). Tambar 1 tok ein flott 6 plass, og Tambar 2 slo Jølster 2 og havna tilslutt på 8.plass.
Begge laga til Tambar kjempa godt og skal ha skryt for sitt gode lagspel. Dei syner stor framgang ettersom dette er første året med kamperfaring. At dei tilslutt vert litt små i møte med nokon av dei andre laga vil rette seg etter kvart. Dei har endå 2 1/2 år att i pulja jenter under 14 år. Stå på!!
Tambar 1:
Thea - Marie, Sara, Vilde og Kristin
Tambar 2:
Silje, Rebekka, Kristiane, Annika og Martine.

Tekst og foto:
Wenche Grimseth Halbrend - oppmann JU-14






torsdag 14. januar 2010

Krinsmeisterskap U14 og U16

Bilete i frå Tambar 2 - Førde 5

Eg har lagt ut nokre bilete i frå kampen som var i går. Bileta er tekne av Silje Undal.
http://tambarvolley.no/2divtambarforde5.html

onsdag 13. januar 2010

Endeleg siger til Tambar 2 på heimebane

2 div: Tambar 2 - Førde 5: 3-0, 25-19, 25-17, 25-20

Desse spelte på Tambar 2:
Frida Hjelle Aamot, Annette Kalland, Benedikte Kalland, Silje Skilbrei, Silje Undal, Veronica Espeseth, Evita Kvammen, Astrid Marie Erdal, Gunn Elisabeth Hukseth og Bente Finsrud

Kampen starta godt for Tambar 2 med ei god serverekke frå Silje Undal. Det var mange gode ballvekslingar gjennom kampen på begge sider, men Tambar hadde god kontroll og leda gjennom heile kampen. Flott innsats av dei unge Tambar jentene, og ikkje minst hadde Bente Finsrud ein fin seriedebut i 2 divisjon :-)

Siw

tirsdag 12. januar 2010

Endringar i terminlista

Eg har lagt inn nokre 2.divisjonskampar i terminlista. Kampane som er lagt inn er:
http://tambarvolley.no/terminliste.html

Torsdag 11 februar:
Førde 3 - Tambar 2: kl. 19:00 Førdehuset
Onsdag 10. mars:
Tambar 2 - Førde 2 : kl. 19:00 Naustdalhallen
Laurdag 13 mars:
Tambar 2 - Førde 4: kl. 11:00 Naustdalhallen
Tysdag 16.mars:
Førde 5 - Tambar 2: kl. 20:00 Solvang

søndag 3. januar 2010

Trekningslista frå årets volleyballotteri

19.desember vart vinnarane i årets volleyballotteri trekt. Her er finnarane:

Gevinst nr:
1 - Gåvekort Din Sport, verdi 3000 ,- : Kirsten og Alf Vindheim
2 - Gåvekort Din Sport, verdi 2000,- : John Arne Grimset
3 - Gåvekort Coop Naustdal, verdi 1500,- : Ove Semshaug
4 - Gåvekort Løyten Lys, verdi 1200,- : Oda Bruland
5 - Middag for 2 vaksne og 2 barn Rica Sunnfjord Hotell, verdi 950,- : Ann Elin Valaker
6 - Spekeskinke frå Spar, verdi 700, - : Arild Stubhaug
7 - Fenalår frå ICA Naustdal, verdi 600,- : Martin Bygstad
8- Lokalmat frå Håjen Kafè, verdi 500,- : Mari Horstad
9 - Gåvekort frå Comfort Førde Hotell/Restaurant, verdi 500,- : Karstein Bergset
10 - Kransekake frå Naustdal Dampbakeri, verdi 455,- : Ola Andreas Itland
11 - Middag for 2 på Håjen Kafè, verdi 400,- : Sunniva Johannesen
12 - Hill's Kattefor, verdi 360,- : Dag Finn Nøstdal
13 - Spekebrett frå Domus/Mega, verdi 300,- : Mari Horstad
14 - Ostetine frå Ivar Horstad, verdi 300,- : Sigvor Mortensbakke
15 - Pinnekjøt frå Firda Avis, verdi 250,- : Espen Finsrud
16 - Hamburgermeny for 2 på Best Naustdal, verdi 230,- : Ragnhild Svoen
17 - Sekk frå Sparebanken Sogn og Fjordane Naustdal, verdi 130,- : Olaug Hårklau

Gratulerer til alle vinnarane!