lørdag 13. mars 2010

Siger for Tambar 2 mot Førde 3 i 2.div

Fredag 12 mars spelte Tambar 2 kamp mot Førde 3 (92-årgang) i Naustdalshallen.

Tambar kom godt i gang i første settet og vann klart 25-14, ma pga svært god serving. I dei to neste setta sleit Tambar med å stoppe Førde sine angiparar, og slutta nesten å angripe sjølve og tapte dermed desse setta 17-25 og 19-25. Det nytta lite med gratis ballar over til Førdejentene som jobba godt i forsvar. Ut i 4.settet starta Tambarjentene å angripe meir aggresivt og drog i land settet med 25-23. Siste settet starta Tambar med god servering og fortsatte å angripe og vann dermed 15-6. Etter ujemnt spel heva Tambar jentene seg i siste del av kampen og drog slik sigeren i land.

Desse spelte på Tambar 2:
Silje Undal, Silje Skilbrei, Annette Kalland, Benedikte Kalland, Astrid Marie Erdal, Gunn Elisabeth Hukset, Ina Steiro Herstad og Marina Gjøringbø.


Tambarjentene fekk støtte i frå denne vesle gjengen på tre med sjølvlaga plakat og praktfulle kamprop under kampane onsdag og fredag! Stå på! :)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar