søndag 14. mars 2010

Treningshelg

Unge lovande volleyballspelarar i Sunnfjord har hatt treningshelg 12-14.mars

Arvid Wigerstrand frå Toppvolley har vore trenar/instruktør under denne treningssamlinga for unge lovande volleyballspelarar.
I løpet av helga har ca 60 spelarar deltatt, og i underkant av 20 trenarar vore innom samlinga og fått innspirasjon gjennom å sjå på varierte og gode treningsopplegg.
Fredag var det trenings for unge gutar (94/95/96) i Førdehuset, Laurdag og søndag var det unge jentar 93/94 og 95/96 som hadde tilbodet i Naustdalshallen.

Samlinga vart arrangert som eit samarbeid mellom ToppVolley, Førde Volleyballgruppe og Volleyballgruppa i Tambarskjelvar il, men også naboklubbar var invitert til å delta med spelarar og trenarar.
Spelarane var ivrige deltakarar, og trenarane var engasjerte observatørar som vart svært inspirerte og noterte flittig, tips og øvingar. Særleg for dei trenarane som fekk med seg fleire treningar var det
imponerande å sjå for eit spekter i øvingar, og korleis Arvid bygde på enkle øvingar til å kunne nyttast på høgare nivå. Det var stor semje om at dette bør ein få til fleire gongar, gjerne i starten av sesongen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar