torsdag 24. september 2009

2.divisjons-kampoppsett

No har det blitt funne dato for dei 2.divisjonskampane som skulle gå på vekedagar.
Førde 4 - Tambar har blitt sett til 13.oktober 09 (kl.19.00?)
Førde 1 - Tambar har blitt sett til 10.desember 09 (kl.19.00?)
Tambar - Førde 4 har blitt sett til 13.januar 10 kl. 19.00
Tambar - Førde 3 har blitt sett til 27.januar 10 kl. 19.00

Eg har også fått på plass bileta frå Opningsturneringa i helga. Er ikkje så mange bilete fordi dei vart så dårlege på grunn av dårleg lys i hallen.
Bilete frå U16

Bilete frå 2.divisjon
Bilete frå 1.divisjon

tirsdag 22. september 2009

Referat frå Opningsturneringa: 2.divisjon og 1.divisjon

Tambarskjelvar deltok med 3 jentelag i Opningsturneringa i Bergen i 19-20.sept.

Laurdag stilte vi med lag i 2-3.div. Det var eit blanda lag med U17 og U19 spelarar. Dei spela 3 kampar, kor det vart 2 sigar og 1 tap. Tambar - Førde 2, 2-0 (25-18, 25-22). Tambar - Kvernbit 2, 2-1 (25-14, 20-25, 15-11). Kvartfinale, Tambar - Rossvoll 0-2, (24-26, 23-25). Pluss til Annette Kalland som spelte eineoppleggar i alle kampane og Gunn Elisabet Hukset som fekk prøve seg som libero for første gang og bestod testen.

Søndag stilte vi med vårt 1.divisjonslag i 1.divisjonsklassen. Det blei ein lang dag med kampar og dømming frå kl. 10.00, til siste kamp som var ferdig kl. 18.00. Tambar stiller i år med mange nye spelarar som er tatt opp frå D2, så det blei ein verdifull dag med god speletrening. Det vart til slutt ein 4.plass etter ein jamn kamp mot Trio, som er nyopprykka i 1.div. Vi tapte 0-2, (26-28, 23-25).
Andre kampar: Tambar - Sotra 2-0, Tambar - Førde 0-2, Tambar - BSI 3 1-2, Tambar - BSI 2 2-0 og semifinale mot Rossvoll 0-2

Sturle

Referat frå Opningsturneringa: J-U16

Ja da er volleyballsesongen 2009 -2010 i gang med årets første turnering i Bergen, Åpningsturneringen 09.

Med avreise fra Naustdal kl. 0615 lørdag morgen, nvar det en noe trøtt gjeng som satte av gårde mot Bergen. Vi ankom Haukelandshallen kl.0930, og skulle spille 1. kamp mot Sveio kl 1100. Den kampen vant Tambarjentene 2-0. (25-19 -25-9) Neste kamp gikk mot Gneist, en kamp der vi fikk hard motstand i første settet og tapte klart. Andre settet var jevnspilt men Gneist ble for sterke. Tap 0-2 (11-25 – 23-25). Etter de to kampene fikk jentene en god pause før neste kamp, der jentene fikk spise god niste og godt med drikke slik at lagrene ble fylt opp igjen. Tambarjentene feide over Nyborg 2-0 (25-3 – 25-10) og Sotra 2-0 (25-17 - 25-5) i de to neste kampene. Klar 2.plass i pulja, og med det var Tambar klar for finale mot Gneist igjen. Finale kampen ble veldig velspilt og spennende, men Gneist ble enda en gang litt for sterke for de unge Tambarjentene og vant 2-0 (23-25 – 18-25). Med tanke på at dette var første turneringa jentene spilte system, var dette veldig bra. Pokal og sølvmedaljer. Ankom Naustdal ca kl.2145. En lang og kjekk dag. Godt å være i gang igjen.
Følgende jenter var med: Trine, Veronika, Bente, Kristina, Martine, Kristin, Eline, Karoline, Lena og Solveig. Trenere: Gunn og Dag-Rune.

Puljeoppsett J-U16:
Sveio
Gneist
Nyborg
Tambar
Sotra


Skrevet av drm


tirsdag 15. september 2009

2.divisjons-kampoppsett og endringar i 1.divisjonsoppsettet

Kampoppsettet for 2.divisjon er no komen ut, og eg har lagt det inn i terminlista. I tillegg til dei kampane som er skrivne inn der, er det nokre kampar som skal spelast på vekedagar der dato ikkje er sett opp. Det gjeld desse kampane:
Tambar - Førde 3
Tambar - Førde 4
Førde 1 - Tambar
Førde 4 - Tambar

Dato for desse dagane vert bestemt i løpet av sesongen.

1.divisjon:
Åsheim har trekt laget sitt i 1.divisjon slik at då vert det to kampar mindre denne sesongen. Og Rossvoll har overtatt Ostery sin 1.divisjonslisens, slik at turen går til Øystese istadenfor til Osterøy.

søndag 13. september 2009

Info veke 38

Veke 38:
Trening måndag og torsdag 18-20, D1 og D2
Fredag 18-20 D1
Onsdag kl.18.30 på skulen, oppmøte for dugnad innsamlingsaksjon redningsselkapet.
Laurdag 0615, avreise Bergen turnering U17/ U19, uttak kven som reiser seinare i veka.
Søndag 0615, avreise Bergen turnering D1.
Veke 39:
Trening måndag, onsdag og torsdag 18-20.
D2 ilag med D1 måndag og onsdag viss ikkje anna blir sagt.
Fredag, avreise D1 kampar i Trondheim.
Invitasjon til STIMULERINGSSAMLING
Fosshaugane CAMPUS laurdag 17. oktober 2009
Du har tidlegare fått melding om fagsamlinga i haust.
Vedlagt følgjer infobrosjyre med program, forelesarar og
påmeldingsinfo med frist 5. oktober.

Vi følgjer opp vårsamlinga med topp kvalifiserte forelesarar.
Olav Rafoss er tilbake med tema på spesifikk trening/styrketrening/
prestasjonsfremjande aktivitet.
Han har med segNiclas Wiberg som vart nr.sju i VM 10-kamp i Berlin og sette
ny svensk rekord med 8406 poeng. Han lovprisar treningsmetodane som
Olav Rafoss arbeider med.
Elles kjem Karl Erik Bøhn, sukksessrik handballtrenar i Larvik Håndballklubb.
Damelaget til Larvik HK er det mestvinnande laget i norsk idrett dei siste 10-åra
uansett idrettsgrein. (Kjelde: Dagbladet 09.09.09)
Steinar Mundal,(utvandra trenarkapasitet frå fylket) er langrennstrenar med
lang nasjonal og internasjonal erfaring,no som assistentrenar for herrelaget i
Norges Skiforbund.Han er kjent for å vere dyktig særleg på teknikktrening og
utvikling av unge utøvarar.
Målgruppe for samlinga er dei klubbane/miljøa som deltek i prosjektet -TOPP- idrettsutvikling
ungdom for 16-19 år og elles andre deltakarar frå lag, særgrupper, sk-ar/region
i fylket.
Vel møtt!

Med venleg helsing
Ingar Breilid
plan- og utd.leiar
Sogn og Fjordane Idrettskrins
57761212 ... 41900134

torsdag 10. september 2009

Gul blogg

Bloggen har blitt GUL! I og med at draktene til Tambarskjelvar Volleyball no har blitt gule, så tenkte eg at bloggen måtte få seg ei oppfrisking også. Håpar det er greit. Kanskje heimesida skal få seg ein make-over også.

lørdag 5. september 2009

Klare for ein ny sesong

No er somaren over, og alle laga er i full gong med trening.
Det første som skjer denne hausten, er opningsturneringa i Bergen 19.-20.september. Tambar stiller med to, moglegens tre, lag. D1 og D2 spelar søndag, og dersom U16 vert med, skal dei spele laurdag.

Det har blitt laga ei aktivitetsliste over kva som skal skje denne sesongen, og den er lagt ut på heimesida.
http://www.tambarvolley.no/terminliste.html