Invitasjon til STIMULERINGSSAMLING
Fosshaugane CAMPUS laurdag 17. oktober 2009
Du har tidlegare fått melding om fagsamlinga i haust.
Vedlagt følgjer infobrosjyre med program, forelesarar og
påmeldingsinfo med frist 5. oktober.
Vi følgjer opp vårsamlinga med topp kvalifiserte forelesarar.
Olav Rafoss er tilbake med tema på spesifikk trening/styrketrening/
prestasjonsfremjande aktivitet.
Han har med segNiclas Wiberg som vart nr.sju i VM 10-kamp i Berlin og sette
ny svensk rekord med 8406 poeng. Han lovprisar treningsmetodane som
Olav Rafoss arbeider med.
Elles kjem Karl Erik Bøhn, sukksessrik handballtrenar i Larvik Håndballklubb.
Damelaget til Larvik HK er det mestvinnande laget i norsk idrett dei siste 10-åra
uansett idrettsgrein. (Kjelde: Dagbladet 09.09.09)
Steinar Mundal,(utvandra trenarkapasitet frå fylket) er langrennstrenar med
lang nasjonal og internasjonal erfaring,no som assistentrenar for herrelaget i
Norges Skiforbund.Han er kjent for å vere dyktig særleg på teknikktrening og
utvikling av unge utøvarar.
Målgruppe for samlinga er dei klubbane/miljøa som deltek i prosjektet -TOPP- idrettsutvikling
ungdom for 16-19 år og elles andre deltakarar frå lag, særgrupper, sk-ar/region
i fylket.
Vel møtt!
Med venleg helsing
Ingar Breilid
plan- og utd.leiar
Sogn og Fjordane Idrettskrins
57761212 ... 41900134
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar