tirsdag 22. september 2009

Referat frå Opningsturneringa: 2.divisjon og 1.divisjon

Tambarskjelvar deltok med 3 jentelag i Opningsturneringa i Bergen i 19-20.sept.

Laurdag stilte vi med lag i 2-3.div. Det var eit blanda lag med U17 og U19 spelarar. Dei spela 3 kampar, kor det vart 2 sigar og 1 tap. Tambar - Førde 2, 2-0 (25-18, 25-22). Tambar - Kvernbit 2, 2-1 (25-14, 20-25, 15-11). Kvartfinale, Tambar - Rossvoll 0-2, (24-26, 23-25). Pluss til Annette Kalland som spelte eineoppleggar i alle kampane og Gunn Elisabet Hukset som fekk prøve seg som libero for første gang og bestod testen.

Søndag stilte vi med vårt 1.divisjonslag i 1.divisjonsklassen. Det blei ein lang dag med kampar og dømming frå kl. 10.00, til siste kamp som var ferdig kl. 18.00. Tambar stiller i år med mange nye spelarar som er tatt opp frå D2, så det blei ein verdifull dag med god speletrening. Det vart til slutt ein 4.plass etter ein jamn kamp mot Trio, som er nyopprykka i 1.div. Vi tapte 0-2, (26-28, 23-25).
Andre kampar: Tambar - Sotra 2-0, Tambar - Førde 0-2, Tambar - BSI 3 1-2, Tambar - BSI 2 2-0 og semifinale mot Rossvoll 0-2

Sturle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar