mandag 26. januar 2009

Tambar er sonemeistrar U16, og klar for NM med god seeding

Tambar U16 jentene var i pulje med Ellingsøy og KFUM Volda, og vann pulja si med 2-0 (25-11,25-15) mot Ellingsøy, og 2-1 (25-21, 24-26, 15-11) mot KFUM Volda.
Som puljevinnarar gjekk dei rett til semifinale mot Blindheim. Det vart ein jamn kamp som enda 2-1 til Tambar med settsiffera 23-25, 33-31, 15-9.
I finalen møtte Tambar Førde sine jenter, som også vart ein jamn kamp til Tambar sin favør med 2-0 (28-26, 25-19). Tambar sitt U16-lag er dermed kvalifisert til NM i Sortland og som sonemeister vil dei få god seeding i meisterskapet. Tambar sine jenter leverte ein god innsats og greidde å løfte seg i jamne kampar sjølv om dei ikkje alltid spelte på sitt beste. Det er flott levert :)

Siw

onsdag 21. januar 2009

Tambarjentene krinsmeistrar i U17

I dag var det duka for spanande lokaloppgjer mellom Tambar og Førde-jentene i U17-klassen. Første settet gjekk, etter mykje smårot på begge sider, til Førde sin favør. Utover kampen kom spelet seg på begge sider, sjølv om det framleis vart mykje poeng på begge sider av eigne feil. Tambarjenene bar preg av å ikkje ha spelt så mykje saman i det siste, så dei veksla litt med å ikkej stole heilt på kvarandre, for så i neste øyeblikk tok ingen ansvar for kvar ballen havna. Laget glimta likevel til i periodar og viste også mykje godt spel og vart fortent krinsmeistrar med 3-1 (24-26, 25-22, 25-23, 25-19).

Siw


Fornøgde jenter!

søndag 18. januar 2009

KM U14

I dag har det vore KM U14 i Naustdalshallen.

I jenteklassen var det seks lag, fordelt på to puljer:

Pulje 1:
Jølster
Førde Barneskule 1
Tambar 2

Pulje 2:
Tambar 1
Viksdalen
Førde Barneskule 2

Tambar 1: Lena Kvellestad, Trine Einevoll, Eline Tanstad Lillehaug, Kristina Nyman og Veronika Djupvik.

Tambar 2: Solveig Kvellestad Jensen, Kristin Standal, Martine Mallasvik, Bente Finsrud og Karoline Salbu.

Lagleiarar: Dag-Rune Mallasvik og Mari Standal.

Tambar 1 vant 2-0 i begge sine puljekampar mot Viksdalen og Førde Barneskule 2, og gjekk som puljevinnarar, rett til semifinalen.

Tambar 2 tapte første kamp mot Førde Barneskule 1, 0-2. Men vant 2-0 mot Jølster, og vart dermed nummer to i pulja. I kvartfinalen møtte dei Førde Barneskule 2 (som vart nummer tre i si pulje), og jentene vant kampen 2-0.

I semifinalen var det Tambar 1 mot Tambar 2. Første sett vart jamnt og spennande, og Tambar 1 vant 25-21. Tambar 1 vant også 2. sett, 25-14.

Tambar 2 møtte Viksdalen i bronsefinalen, og spelte ein god kamp. Jentene vant 2-0, med settsiffera 25-23 i begge sett. Ein jamn kamp!

Tambar 1 spelte finale mot Førde Barneskule 1. Det vart ein spennande kamp, og jentene vant kampen 2-1 etter eit siste sett med mykje god jobbing. Settresultat: 20-25, 25-21, 15-12.

Jentene tok altså både gull og bronse i KM U14, kjempebra jobba!

Mari

lørdag 17. januar 2009

Hurra! Tambar vart krinsmeistrar i jenter U16

Tambar sitt jentelag vart laurdag 17.januar 09 krinsmeistrar i U16-klassen for jenter. Meisterskapet vart spelt i Førdehuset.
Første kampen var mot Førde 2, der dei vann 2-0 med settsiffera (25-9, 25-21). 2.kampen var ein svært jamn kamp mot Førde 1 som endte 2-1 til Tambar (26-24. 20-25, 15-13). Siste kampen gjekk mot Jølster, som endte 2-0 til Tambar (25-14, 25-11).

Desse spelte for Tambar:
Silje Undal, Astrid Marie Erdal, Gunn Elisabeth Hukseth, Annette Kalland, Benedikte Kalland, Marina Gjøringbø, Randi Horstad og Oda Heggedal Longvastøl.

Siw


Bak frå venstre: Astrid Marie Erdal, Benedikte Kalland, Gunn Elisabeth Hukset, Randi Horstad og Silje Undal. I midten frå venstre: Elisabeth Bjørvik, Oda Heggedal Longvastøl, Annette Kalland og Siw Heggedal Longvastøl. Fremst: Marina Gjøringbø.

Førde - Tambar (2-3)

Laurdag 17.januar 09:
Tambar i hardt vêr mot Førde i Førdehuset laurdag 17.01.09. Men etter å ha tapt dei to første setta kom Tambar tilbake og vann dei tre neste setta, og kampen 3-2.
Det var eit litt tafatt Tambar-lag som møtte eit vinnarlystent Førde-lag. På stillinga 2-0 gjorde Tambar nokre bytte på bana: Synnøve Øyra Iversen bytta posisjon og Lise Toverud og Paula Schulze kom inn. Det gav resultat med ein gong og vi følte etter kvart at vi hadde bra kontroll på kampen.

Best på Tambar i dag: Synnøve Øyra Iversen og Mari Standal.

Resultat: Førde - Tambar, 2-3 (25-20, 25-19, 17-25, 19-25, 11-15).
Takk og til alle naustedølane som møtte opp på kampen og heia. Det verka som om vi spelte på heimebane!

Sturle


onsdag 14. januar 2009

Volleyball-helg

Laurdag 17.januar:
- 1. div. damer: Førde - Tambarskjelvar i Førdehuset kl. 13.00
- Elite herrar: Førde VBK - Nyborg kl. 16.00
- KM U16: i Førdehuset frå kl. 11.00 til 17.00

Søndag 18.januar:
- KM U14: i Naustdalhallen frå kl. 10.00 til 18.00

lørdag 10. januar 2009

Domarkurs med rekordmange deltakarar

Fredag 9. og laurdag 10.januar 09 arrangerte Tambarskjelvar domarkurs 1 i Naustdal. Med 20 deltakarar var det i følgje instruktør Terje Vallestad, truleg rekorddeltaking på domarkurs nokonsinne i Sogn og Fjordane volleyballkrets. Domaraspirantane hadde ei svært intensiv helg med teori, erfaringsutveksling og praksis. Deltakarane var U17-, U16,- og nokre U14-spelarar, samt 3 vaksne. Kurset var både inspirerande og lærerikt for oss som domar, spelar og trenar/lagleiar. Terje var flink til å gjere regelverket levande og aktuelt med døme frå si eiga karriere som domar.

Deltakarar: Ina Steiro Herstad, Mari Horstad, Trude Anette Vallestad, Frida Hjelle Aamot, Marina Gjøringbø, Randi Horstad, Silje Undal, Kristine Larsen, Benedikte Kalland, Annette Kalland, Astrid Marie Erdal, Oda Heggedal Longvastøl, Gunn Elisabeth Hukset, Lena Løvik Kvellestad, Solveig Jensen, Karoline Salbu, Trine Einevoll, Dag-Rune Mallasvik, Gunn Takset Nøstdal og Siw Heggedal Longvastøl.

Siw