mandag 24. november 2008

Rankingturnering i Bergen 6.-7.desember

Helga 6.-7.desember skal 1.divisjon til Bergen og spele rankingturnering. Tambar er i pulje med Stod og Oslo Volley, og det er dei same laga som Tambar var i pulje med under rankingturneringa i Lier for 4 veker sidan.

Denne helga som kjem reiser 2.divisjon til Volda for å delta på turnering. Og 1.divisjonslaget skal til Bergen for å spele seriekampar mot BSI(laurdag) og Osterøy(søndag).

lørdag 22. november 2008

Referat frå U-16, 22.november: Tambar 1

Tambar 1 spelte i pulje med Førde 2 og Jølster.

Tambar 1 - Førde 2 - 2-0 (25-9), (25-12)
Tambar 1 - Jølster - 2-0 (25-11), (25-11)
Tambar 1 vann pulja si og gjekk rett til semifinale og vann der mot Ellingsøy 2-0 (25-16), (25-11).

Deretter vart det ei svært spanande finale mot Førde 1. Førde opna sterkt med ei serverekke, og der Tambar vart for dårlege i mottak. Førde greidde og å presse Tambar-jentene med m.a. å dippe ballen langt bak på bana. Førde 1 vann slik fortent første settet. I andre sett kom Tambar seg betre i gong og greidde å lese meir spelet til Førde 1, og etter jamne ballvekslingar i dei to neste siffera drog Tambar 1 etter kvart sigeren i land 2-1, med desse settsifra 13-25, 25-20, 15-12.

Vi som er trenarar er godt nøgde med innsatsen totalt sett under turneringa, og ikkje minst nøgde med sigeren - men som vanleg har vi også sett mykje vi vi trene vidare på for å verte endå betre og stadig gjere mindre feil!

Siw

Referat frå U-16, 22.november: Tambar 2

I dag var det U16 turnering i Førdehuset. Tambar hadde med to lag, og dei yngste jentene (dei som eg trenar) var Tambar 2.

Vi var i pulje med Førde VBK 1 og Ellingsøy.
Tambar - Førde VBK 1 0-2, (18-25, 10-25)
Tambar - Ellingsøy 0-2, (23-25, 19-25)

Vi blei nr tre i pulja, og spelte då kvartfinale mot nr 2 i pulje 1, som var Førde VBK 2.
Tambar - Førde VBK 2 1-2 (23-25, 25-23, 3-15)

Tilslutt spelte vi om 5. plassen:
Tambar - Jølster 2-0
Hugsar ikkje settresultata her, men skal prøve å finne det ut.

Jentene spelte godt. Dei er yngst i klassen, så vi er fornøgd med ein 5. plass.

Mari

mandag 17. november 2008

Tre seriekampar for 1.divisjon

I helga reiste Tambar 1.divisjon til Trondheim og Steinkjer for å spele seriekampar mot Dragvoll, Åsheim og Stod. Fredag kveld spelte dei mot Dragvoll. Sjølv om reisa vart lang og det vart lite søvn, så var Tambar-jentene i god form og vann 3-1 mot Dragvoll (25-22, 23-25, 25-8(!!!!), 25-15). Laurdag spelte dei mot Åsheim. Jentene var ikkje i nærheita av å vere på same nivå som dagen før, og tapte kampen 0-3 (14-25, 16-25, 20-25).
Søndag reiste dei heilt til Steinkjer for å spele sin siste kamp. Heller ikkje i denne kampen var det alt som stemde. Dei tapte 1-3 (27-25, 14-25, 23-25, 14-25).

lørdag 15. november 2008

Tambar-sida er oppe å går att!

Etter ei lita stund med nedetid er no Tambar-sida i gang att.

I går, fredag 14.november spelte 1.divisjon seriekamp mot Dragvoll. Tambar-jentene vann 3-1(25-22, 23-25, 25-28(!!!), 25-15). I dag spelte dei mot Åsheim, men tapte 0-3(14-25, 16-25, 20-25).

I morgon skal jentene på 2.divisjonslaget til Eid for å spele seriekampar mot Eid og Førde.

mandag 10. november 2008

Tambar sitt cupeventry er no over

I helga spelte Tambar 1.div. kvartfinale i Norgescupen mot OSI.
Kampen var veldig jamn heile tida, men det var til slutt Oslostudentane som vann.
Settsiffer: 0-3 (23-25, 22-25, 21-25)
Desse var med:
Mari Standal
Tone Finsrud
Ina Steiro Herstad
Frida Hjelle Aamot
Kristina Mundal
Siri-Line Hove Ås
Lise Toverud
Paula Schultze

mandag 3. november 2008

1.divisjon fekk 6.plass og U-16 laget har gjennomført si fyrste turnering for sesongen

I helga (1.-2.november) var det Rankingturnering i Drammen for 1.divisjonslag. Tambar vart til slutt nr. 6 etter 0-2 tap mot Austrått i siste kampen.
Resultat:
Tambar - Oslo volley 2, 2-1 (13-25, 25-18, 15-12)
Tambar - Stod, 0-2 (22-25, 21-25)
Kvartfinale:
Tambar - OSI 0-2 15-25,21-25
Spel om 5.-8.plass:
Tambar - Koll 2, 2-1 (25-17, 24-26, 15-8)
Tambar - Austrått, 0-2 (24-26, 17-25)

U-16 deltok med 2 lag på turnering i Naustdal søndag.
Resultat:
Førde 1
Tambar 1
Førde 2
Tambar 2
Jølster

Bilete frå rankingturneringa vert lagt ut på www.tambarvolley.moo.no om ikkje så altfor lang tid.