mandag 17. november 2008

Tre seriekampar for 1.divisjon

I helga reiste Tambar 1.divisjon til Trondheim og Steinkjer for å spele seriekampar mot Dragvoll, Åsheim og Stod. Fredag kveld spelte dei mot Dragvoll. Sjølv om reisa vart lang og det vart lite søvn, så var Tambar-jentene i god form og vann 3-1 mot Dragvoll (25-22, 23-25, 25-8(!!!!), 25-15). Laurdag spelte dei mot Åsheim. Jentene var ikkje i nærheita av å vere på same nivå som dagen før, og tapte kampen 0-3 (14-25, 16-25, 20-25).
Søndag reiste dei heilt til Steinkjer for å spele sin siste kamp. Heller ikkje i denne kampen var det alt som stemde. Dei tapte 1-3 (27-25, 14-25, 23-25, 14-25).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar