Tambar 1 spelte i pulje med Førde 2 og Jølster.
Tambar 1 - Førde 2 - 2-0 (25-9), (25-12)
Tambar 1 - Jølster - 2-0 (25-11), (25-11)
Tambar 1 vann pulja si og gjekk rett til semifinale og vann der mot Ellingsøy 2-0 (25-16), (25-11).
Deretter vart det ei svært spanande finale mot Førde 1. Førde opna sterkt med ei serverekke, og der Tambar vart for dårlege i mottak. Førde greidde og å presse Tambar-jentene med m.a. å dippe ballen langt bak på bana. Førde 1 vann slik fortent første settet. I andre sett kom Tambar seg betre i gong og greidde å lese meir spelet til Førde 1, og etter jamne ballvekslingar i dei to neste siffera drog Tambar 1 etter kvart sigeren i land 2-1, med desse settsifra 13-25, 25-20, 15-12.
Vi som er trenarar er godt nøgde med innsatsen totalt sett under turneringa, og ikkje minst nøgde med sigeren - men som vanleg har vi også sett mykje vi vi trene vidare på for å verte endå betre og stadig gjere mindre feil!
Siw
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar