tirsdag 29. november 2011

Tildeling av midlar til sandvolleybaner

Tambarskjelvar Volleyball har blitt tildelt midlar som skal sørge for å oppgradere sandvolleyballbanene på Sanden!

Tambarskjelvar Volleyball har søkt om midlar til oppgradering av banene til prosjektet "1000 baner" og Sparebankstiftelsen DnB NOR, og har fått heile 40 000 kroner i midlar. Norges Volleyballforbund håpar på at dette vil føre til auka aktivitet for born og unge i området generelt, med spesiell aktivitetsauke i Tambarskjelvar Volleyball.

Sandvolleyballbanene har ikkje vore i tipptopp stand, men no skal dei altså bli fiksa på. No skal det spelast sandvolleyball!

torsdag 17. november 2011

Referat Førde 4-Tambar

Onsdag 16.november spelte Tambarskjelvar sitt 2.divisjonslag sin andre seriekamp for sesongen. I årets serie i 2.divisjon er det med 5 lag totalt, og Tambar skal spele 8 kampar totalt gjennom heile sesongen som går frå november til mars.

Tambar starta kampen mot Førde 4 (Solvang) veldig godt, lite personlege feil og eit godt trøkk i angrep og god jobbing i forsvar var med på å hale 1.settet i land; 19-25. I 2.settet mista gjengen litt piffen på bana og sleit litt i mottak, men klarte å halde oppe dampen. Gjengen i dei blå draktene på andre sida av nettet jobba iherdig på golvet, men det til tross klarte Tambar å vinne settet med same settsiffer som 1.settet; 19-25. I 3.settet var Tambar klare for å vinne kampen, mykje god jobbing i forsvar, og blokking vart det også ein del av. Godt trøkk på serv også! Alle gjorde lite personlege feil og vi vart vinnar av kampen med settsiffer 14-25 i 3. og siste sett.

Tambar er framleis i siget, og dette var ein veldig god kamp med mykje bra speling. Rett og slett ein god dag på jobben!