
I andre sett var det tett heilt i frå starten, og laga følgde kvarandre poeng for poeng heilt fram til stillinga 12-12. Då rykkjer Sortland i frå, og får ei leiing på 6 poeng på det meste (18-12). Tambarjentene henta deretter inn fleire poeng, men på 16 poeng sa det stopp. Sortland angreip agressivt på slutten, og stillinga i siste settet enda på 16-25.
Første seksaren i finalen bestod av: kaptein Oda Heggedal Longvasøl, Marina Gjøringbø, Randi Horstad, Annette Kalland, Bente Finsrud og Caroline Helle.
Første seksaren i finalen bestod av: kaptein Oda Heggedal Longvasøl, Marina Gjøringbø, Randi Horstad, Annette Kalland, Bente Finsrud og Caroline Helle.
(Arrangøren hadde live-oppdatering på kampen, og den kan du sjå HER).
Etter finalen var det premieutdeling og kåring av årets All
Star-Team. Oda Heggedal Longvastøl vart kåra som meisterskapens beste diagonal! Og Kari Skei Bakketun i frå Førde vart kåra til ein av dei to beste midtane i meisterskapen. Gratulerer så mykje til begge to!
Gratulerer så mykje med sølvmedaljen til Tambarskjelvar, og gratulerer til Førde sitt jentelag som fekk bronse. Gutelaget til Førde enda på 7.plass.
Oppe f.v.: Trenar/lagleiar Siw Heggedal Longvastøl, Marina Gjøringbø, Caroline Helle, Bente Finsrud, Benedikte Kalland, Randi Horstad, Oda Heggedal Longvastøl (k) og trenar/lagleiar Sturle Standal. Midten f.v.: Annette Kalland, Astrid Marie Erdal og Silje Undal. Nedst: Gunn Elisabeth Hukset.

Gratulerer så mykje med sølvmedaljen til Tambarskjelvar, og gratulerer til Førde sitt jentelag som fekk bronse. Gutelaget til Førde enda på 7.plass.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar