Søndag var sonemeisterskap med kvalifisering til NM U19.
Tambar vart nr 2 i si pulje etter å vunne over Førde2: 25-17, 25-8, og tapt mot Blindheim: 16-25, 10-25. I semifinalen møtte Tambar Førde 1, der vi i perioder presterte bra spel i andre settet utan å greie å halde det heilt ut og tapte 12-25, 21-25.
I bronsefinalen møtte vi Volda, og dette var ein svært spanande og jevn kamp som var avgjerande for kven som er kvalifisert til NM U19.
Linda Apneseth fekk diverre ein kraftig overtrakk i første settet, så Tambar måtte greie seg utan den mest rutinerte spelaren i mesteparten av kampen. Spelarane lot dette likevel ikkje få styre den vidare innsatsen i kampen og kjempa på vidare med stor innsats og tidvis svært godt spel. Diverre tapte Tambar knepent 1-2 med settsifra 23-25, 25-23, 11-15.
Førde 1 vant finalen mot Blindheim etter at Blindheim punkterte i siste settet. Settsiffera vart 29-27, 25-8.
Med dette er altså Førde, Blindheim og Volda kvalifiserte til NM U19 i år.
Tambar med sine unge spelarar leverte jamnt over ei god turnering, men greidde diverre ikkje å kvalifisere seg i denne omgang.
Desse spelte på Tambar: Bente Finsrud (95), Annette Kalland (94), Gunn Elisabeth Husketh (94), Benedikte Kalland (93), Randi Horstad (93), Caroline Helle (93), Marina Gjøringbø (93), Oda Heggedal Longvastøl (93), Frida Hjelle Aamot (92), Trude Vallestad (92), Ina Steiro Herstad (92), Linda Fitje Apneseth (91).
Fullstendig resultatliste:
1. Førde VBK 1
2. Blindheim
3. KFUM Volda
4. Tambar
5. Førde VBK 2
6. Kristiansund
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar