søndag 14. februar 2010

Referat frå sonemeisterskap U17

Laurdag 13 februar var det soneturnering for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i U17 klassa. Dei tre beste laga kvalifiserar seg til NM.
Tambarjentene vann sitt innleiiande puljespel, med 2-0 (25-18, 25-20) mot Førde, 2-0 mot Volda (25-16, 25-19) og 2-0 mot Ellingsøy (25-19, 25-21).
Tambarjentene var dermed klare for semifinale mot Kristiansund som vart nr 2 i pulje 1. Denne kampen drog tambarjentene heim med svært godt spel, og vann 2-0 med settsiffera 25-9, 25-11.

Førde som vart nr 2 i vår pulje, spelte semifinale mot Blindheim og tapte, og måtte dermed møte Kristiansund i bonsefinalen. Denne vann dei 2-1 og vart dermed kvalifiserte til NM

Tambar spelte finale mot Blindheim. Tambar leia klart i første settet med overbevisande 25-12, og greidde deretter å tape 21-25 og 13-15 mot eit Blindheimlag som kjempe på alle ballane gjennom heile kampen.
Blinheimslaget kunne reise heim med gullet, og Tambar fekk sølv. Med dette er altså Blindheim, Tambarskjelvar og Førde sine jenter U17 lag kvalifiserte til NM i Bergen første helga i mai.


Desse spelte på Tambar i Sone U17:
Martine Mallasvik (96), Bente Finsrud (95), Annette Kalland (94), Gunn Elisabeth Husketh (94), Benedikte Kalland (93), Randi Horstad (93), Silje Undal (93),Caroline Helle (93), Marina Gjøringbø (93), Oda Heggedal Longvastøl (93)

Fullstendig resultatliste:
Jenter:
1. Blindheim
2. Tambarskjelvar
3. Førde
4. Kristiansund
5. Volda
6. Ellingsøy
7. Jølster

Gutar:
1. Førde
2. Ålesund
3. Jølster


1 kommentar:

  1. Blindheim kjempet bra gjennom alle kampene og fikk en vellfortjent seier hjem til Ålesund!

    SvarSlett