
Det er Sandnesklubbane Ausdtrått og Hana Idrettslag som i år har slått seg saman om å arrangere NM i Stavanger Idrettshall.
Tambar-jentene er i pulje med Bodø, Øksil og Rossvoll. Første kampen for jentene går klokka 13.15 i morgon (fredag) mot Bodø. Men før dei første innleiande kampane vert sett i gong, er det opningsseremoni klokka 12.
Dag-Rune Mallasvik er lagleiar saman med Mari Standal under meisterskapen, og han meddeler at hovudmålet er å kome til ein kvartfinale.
- Hovudmålet vårt er å kome til ein kvartfinale. Deretter tek vi kamp for kamp. Eg har sagt til jentene at dersom vi vann heile meisterskapen, så skulle eg gå heim att, hehe.
Men han er spent på nivået. Det er 16 lag totalt i jenteklassen, og 4 puljer. Tambarlaget er seeda som nr. 2, rett bak Sortland i frå Nord-Norge. Begge desse laga vart nr. 1 i sonemeisterskapet i si eiga sone. - For alle jentene, med unnatak av tre, er dette det første NM-et. Vinn vi pulja, så går vi rett til kvartfinale. Så her gjeld det å stå på i frå første kamp. Vert vi nr. 2 i pulja må vi innom ein åttandedelsfinale. Jentene har veldig lyst til å vinne og trur vi har sjans til å få medalje, men vi har hatt lite motstand i dei kampane og turneringane vi har spelt denne sesongen. Men alt kan sjølvsagt skje. Alt spelar inn, dagsform og humør blant anna.
På førehand har førebudd seg godt, blant anna med ein treningskamp mot U17-laget, som skal NM U17 i Bergen neste helg. - Vi spelte kamp mot U17 med eit toppa lag, og vi vann faktisk eitt sett. I denne kampen prøvde vi også å spele med libero, og det fungerte faktisk så bra at vi har tenkt til å bruke libero i NM. Vi har også spurt jentene om kva dei tenkjer om NM, og dei aller fleste har ambisjonar om å komme lengst mogleg. Då har vi ikkje råd til å tape kampar, og det gjeld å stå på frå første kamp.
- Vi køyrer buss saman med Førde, og det er god stemning i bussen. Jentene gler seg!
Fullstendig kampoppsett finn du her:
http://www.cupassist.com/resultater/vis.php
Oppe f.v.: Kristina Nyman, Solveig Kvellestad Jensen, Veronika Djupvik, Eline Tanstad Lillehaug, Martine Mallasvik og Lena Kvellestad.
I midten f.v.: Trine Einevoll, Kristin Standal, Annette Kalland, Karoline Salbu og Gunn Elisabeth Hukset.
Nederst f.v.: Astrid Marie Erdal og Bente Finsrud.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar