søndag 26. oktober 2008

1.div. er vidare i norgescupen, og 2.div. har spelt sine fyrste seriekampar

Laurdag vart 1.runde i norgescupen arrangert i Naustdalshallen. Tambar og Førde/Sunnfjord spelte fyrste kampen og Tambar vann 3-0(25-22,25-12,26-24). I andre kampen mellom Førde 1 og Blindheim var det Blindheim som stakk av med sigeren (1-3 22-25, 9-25, 25-19,17-25). Dermed vart det Tambar og Blindheim so møttast i finalen. Blindheim leia 0-2 i sett, men Tambar snudde kampen totalt og vann kampen 3-2 (14-25,17-25,25-20,25-12,15-10)

Søndag spelte 2.div. seriekampar mot Førde/Sunnfjord og Eid. Tambar spelte fyrste kampen mot Eid. Det var godt spel av jentene, men til tross for godt spel vart det 0-3 tap mot dei rutinerte damene på Eid sitt lag. Andre og siste kampen vart spelt mot Førde/Sunnfjord. Også i denne kampen var det svært mykje god speling, men det vart til slutt Førde/Sunnfjord som trakk det lengste strået og vann 2-3.


Førde/Sunnfjord - Tambar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar