Førstkomande helg vert ei skikkeleg volleyball-helg. Laurdag 18.oktober skal 2.divisjonslaget delta i nordvestcupen. Det er lagt frå Sogn og Fjordane som deltar i den turneringa. Tambar er i pulje med Skodje, Førde 2 og Blindheim. Fyrste kampen går 10.50. Det vert ei spennande sesongopning for 2.divisjonslaget!
Søndag 19.oktober skal Tambar spele heimekamp mot Trondheimslaget Dragvoll. Kampen byrjar klokka 13.00 så det er berre å møte opp! Tambar satsar på ei reprise frå forrige helg, då dei vann 3-0 over Førde.
2.div. er igjen klar til dyst!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar