søndag 8. februar 2009

U19 KM-finale i Førde og U19-sonemeisterskap i Blindheim

Tambar U19 vann mot Førde i Førdehuset torsdag, og dermed har Tambar vunne alle KM-finalane på jentesida denne sesongen. Tambarjentene hadde god kontroll på kampen og vann 2-0 etter settresultat 25-21 og 25-20. Bra spel og vi fekk brukt alle spelarane. Randi Horstad og Oda Heggedal Longvastøl frå D2/U16/U17, debuterte på U19-laget. Desse to vil også vere med på tre NM i vår, så det vert travelt for dei.

Laurdag morgon reiste vi til Blindheim for å spele SM U19. Vi møtte Førde 2 (17-årslaget til Førde) i første kamp og kampen enda 2-0 (25-9 og 25-18). Nestekamp var mot Blindheim. Dei spelte med 5 spelarar som spelar fast på elitelaget. Utan at det gjorde dei til ein så veldig stor favoritt, dei har ikkje vunne kampar i eliteserien og ville hatt problem med å hevde seg i toppen av 1.divisjon. Første sett enda me klar Blindheimsiger, i 2.sett leia Tambar 21-16 men så stoppa det heilt opp og vi tapte 21-25. Dermed vart vi nummer 2 i pulja, og sidan Førde vann den andre pulja vart det duka for revansjeoppgjer. Dette vart ein thriller av ein kamp, der Førde leia i alle sett og Tambar kom tilbake. Førde leia 24-20 i første sett, men så serva Linda oss inn til siger, 24-26. I andre sett leia Førde 24-21, men Tambar kom tilbake og hadde matchball på 24-25. Men desverre glapp den og Førde vann til slutt 29-27. I tredje sett, som gjekk til 15 poeng, hadde Førde klart den beste starten og leia så mykje som 11-3. Også i dette settet kom vi tilbake og var oppe i 12-11. Desverre glapp det, og Førde vann 15-12. Då vart det bronsefinale mot Volda, der vi vann 2-0 (25-13 og 26-24). I finalen vann Blindheim 2-0 mot Førde (25-23 og 25-17).
Laget i helga: Mari Standal, Tone Finsrud, Linda Apneseth, Ina Steiro Herstad, Paula Schultze, Frida Hjelle Aamot, Trude Vallestad og Randi Horstad.

Dermed er Blindheim, Førde, Tambar og Volda klare for NM-sluttspel i Bergen 1.-3.mai. Så til alle foreldre, no er det berre å bestille hotell i Bergen første helga i mai!

Sturle

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar