mandag 16. februar 2009

Sonemeisterskap U17 i Fagerlihallen - søndag 15.februar

Vi starta nok ein gong tidleg om morgonen frå Naustdal, denne gongen for å kvalifisere U17-laget til NM. Morgonen starta med snøkav og nullføre, planen var å køyre Strandafjellet. For å sleppe upløygde vegar over Utvikfjellet valde vi å køyre om Lote. Etter ei rask rådslaging på ferja, der vi fekk Førde til å køyre vegen om Stranda (det går raskare om ein ikkje gjer som Mathias (førde-trenar) og køyrer til Stryn utan å ta av til Hornindal) valde vi likevel ytre lei via Volda. Det vart litt venting på ferjer, men til gjengjeld var det bare vegar frå Volda.

Vi starta turneringa med å dømme Førde-Ellingsøy. Denne kampen vann Førde klart med overlegent spel. Deretter var det duka for nok eit lokaloppgjer mellom Tambar og Førde. Tambar vann solide 25-15 og 25-18 :)
Deretter spelte Tambarjentene mot Ellingsøy og vann 25-10 og 25-15. Det var ein litt rotete kamp frå Tambar si side med litt mykje fnising, så jentene fekk oppstramming frå meg om å ta motstandarane litt meir på alvor- det tok dei innover seg og avslutta kampen på ein fin måte. Dermed vart Tambar puljevinnarar og Førde nr 2.

Semifinalen vart dermed mellom Tambar og Skodje (nr 2 i si pulje). Tambar vann 2-0 med settsifra 25-16 og 25-18. Førde spelte mot Blindheim i den andre semifinalen og tapte etter å ha leia klart i begge setta, trur det var eit svært surt tap for Førde. Førdejentene greidde likevel å motivere seg til å avslutte med stil og fekk bronse etter å ha slått Skodje med mykje fint spel.

Finalen vart då mellom Tambar og Blindheim. Også i denne kampen var det heilt klart Tambar som hadde kontrollen i begge setta. Sjølv om Blindheim henta seg inn ein del poeng, greidde dei aldri å kome i posisjon til å utnytte slagkrafta si. Dei fekk heller ikkje uttelling for servinga si -Tambarjentene jobba godt både i mottak og forsvar, i tillegg var dei både lure og offansive i angrep. Kampen enda 2-0 (25-17 og 25-17).

Totalt sett har jentene grunn til å vere svært nøgde med innsatsen i Fagerlihallen! Dei gjennomførte 4 kampar utan å la noko lag kome til meir enn 18 poeng i eit einaste sett - det er imponerande!

Jentene kan samstundes gle seg over at dei ikkje får kvile så lenge på laurbæra - vi har mykje vi skal jobbe med fram mot NM :)

Siw


Glade for gullmedalje! F.v.: Siw Heggedal Longvastøl, Oda Heggedal Longvastøl, Frida Hjelle Aamot, Trude Anette Vallestad, Ina Steiro Herstad, Marina Gjøringbø, Randi Horstad og Caroline Helle.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar