tirsdag 8. desember 2009

Julegristurnering 09

Julegristurneringa 2009

Sogn og Fjordane Volleyballkrins i samarbeid med Førde VBK Elite inviterer til den tradisjonelle Julegristurneringa.

Turneringa vert arrangert i Naustdalshallen 2.juledag (26.des.)
Denne unike turneringa femnar om alt frå profesjonelle til amatørar, frå veteranar til juniorar.

Det vert konkurrert i dame- og herreklasse. Startkontingenten er kr 600 pr lag.

Vi oppfordrar både klubbar og veneflokkar til å tromme saman lag og vere med på å skape god julevolleyballstemning i Naustdal.

Dei siste åra har vi fylt hallen til randa, og vi vil setje ei grense på 10 lag i kvar klasse. Her gjeld første-mann-til-mølla prinsippet, så det er berre å melde seg på i god tid. Detaljar blir publisert på http://julegristurnering.blogspot.com/

Påmelding innan 20.desember:
Mail: dag.storoy@enivest.net
SMS: 45 03 93 97


Med venleg helsing


Sogn og Fjordane Volleyballkrins

Førde VBK Elite

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar