søndag 3. april 2011

8.plass i NM U19

Tambar sine jenter enda til slutt på ein 8.plass av 16 lag i NM U19 som vart arrangert i Førde denne helga.

Innleiande møtte laget tre lag, Ellingsøy, Holstad og Sortland. Dei slo både Ellingsøy og Holstad 2-0 (25-21, 25-13 mot Ellingsøy og 25-22, 25-23 mot Holstad). Etter ein veldig god kamp mot Holstad, venta Sortland. Det vart eit 0-2 tap (11-25, 21-25) mot eit godt jobbande Sortland-lag.
Det vart 2.plass i pulja, og vi måtte spele ein ekstra kamp (åttandedelsfinale) for å komme med i det øvre sluttspelet. Her spelte dei mot Spirit Lørenskog og vann 2-0 (25-23, 25-18). Dette var ein kamp som jentene aldri kom heilt i gong i. Så var det kvartfinale mot KFUM Stavanger. Stavanger var betre, og jentene vart slått 0-2 (17-25, 18-25). Dei gjorde eit godt forsøk på å slå Stavanger, men vart diverre eit hakk for små i denne kampen.

I neste kamp venta naboklubb Førde. Diverre vart det tap også i denne kampen. Førde vann 2-0 (25-22, 25-22). Jentene gjorde eit godt forsøk her også, men tapte mot eit forsterka Førdelag med tre innhenta TVN-spelarar.

I kampen om 7.plassen søndag føremiddag, møtte jentene Rossvoll. Her kom dei heller aldri skikkeleg i gong. Rossvoll vann 2-0 (25-13, 25-21). Så dermed vart det ein 8.plass, som var eit mål både trenarar og spelarar hadde sett seg på førehand.
Spelarar som var med:
Trude Anette Vallestad, Frida Hjelle Aamot, Ina Steiro Herstad, Oda Heggedal Longvastøl, Randi Horstad, Benedikte Kalland, Gunn Elisabeth Hukset, Martine Mallasvik, Karoline Salbu, Kristina Nyman, Bente Finsrud og Trine Einevoll.
Trenarar/lagleiarar: Sturle Standal og Siw Heggedal Longvastøl
Ass. trenar/lagleiar: Dag-Rune Mallasvik



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar