fredag 8. april 2011

U12 laget

No nærmar det seg sesongslutt for U12 laget til Tambar, og ei oppsummering av sesongen er på sin plass. Heile 22 jenter og gutar har vore med. Vi har hatt ein flott sesong. Før jul trente vi ein gong i veka, no etter jul har vi trent to gonger. Vi har delteke på fleire U12 turneringar og vi deltok også i KM U14. Høgdepunktet på sesongen var nok Blindheim Cup der vi stillte med 3 jentelag og 2 gutelag, der stillte vi i U 14 nybegynnar klassen. Gutane fikk 5. og 7. plass, medan jentene endte på 7,11 og 13 plass. Vi kosa oss verkeleg på denne turen, både på og utanfor volleyballbana.

Spelarane har hatt god utvikling i spelet sitt gjennom sesongen. Dei er treningsvillige og det gir resultat :) Vi legg vekt på at alle skal trivast på trening. Skal ein kunne bli ein god volleyball spelar er det viktig å vere ein god lagspelar :) Det er moro å vere trenar til slike flotte spelarar :)

No tek vi oss ein treningspause, men spelarane har lova å spele volleyball på strender, plenar, parkeringsplassar o.l i sommar:) Så møtast vi alle i august/september til ny sesong.

Elin har vore oppmann for laget denne sesongen, ho og Eilin har vore med som hjelparar på treningane. Tusen takk damer, de er toppen!!

Volleyballhelsing frå Anne Marit

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar