Fredag morgon 9.00 spelte vi vår fyrste kamp mot Tromsø Volley. Der vann vi 2-1 (22-25, 25-14, 16-14). Seinare på dagen spelte vi mot Nyborg og der vann vi 2-0 (25-9, 25-4).
Laurdagen starta med 1/8 finale mot Flint. Til tross for god sørving frå deira side, vann vi 2-0 (25-23, 25-16) her også.
I kvartfinalen møtte vi Øksil. Dei slo oss 0-2 (17-25, 15-25). Med dette tapet vart vi slått ut. Bittert, men slik er det berre.
Søndag morgon møtte vi favorittane Koll. Koll vart slått ut av Kolbotn i kvartfinalen. Tambar vann 1.sett (25-16), men Koll kom sterkt tilbake og tok dei to siste setta (15-25, 11-15).
I siste kampen vår møtte vi Førde sitt lag. Det vart eitt surt tap for Tambar, Førde stakk av med begge setta (0-2). (12-25, 20-25).
Dermed enda Tambar på 8.plass.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar