søndag 6. april 2008

Blindheimscupen

I helga deltok mange Tambar-lag på Blindheimscupen. Det var 2 lag i 16-års klassa og 3 i 14-års klassa.
Fredags ettermiddag reiste alle saman oppover. Vi var framme i 8-tida og fekk rigga oss til på klasseromma til Blindheim ungdomsskule ganske kjapt.

Dagen etter starta med frukost på klubbhuset til Blindheim idrettslag. Deretter tok vi bussen vidare til Fagerlihallen. Dagen vart lang og kvart lag spelte 6 kampar kvar.

Søndag spelte laga ein kamp kvar. Etter alle var ferdige å dusje, sette vi oss i bilane og sette kursen mot Naustdal att!
Tambar 1 enda til slutt på 6.plass medan Tambar 2 enda på 17.plass. Men sjølv om plasseringane ikkje ser så bra ut på papiret, så gjorde begge laga ein kjempegod innsats!


(Les meir i måndagsutgåva til Firda)

Resultat finn du her.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar