mandag 27. april 2009

Referat frå NM U16 i Sortland

Tambarskjelvar sitt U16 lag var i Sortland i helga for å delta i NM saman med 21 andre jentelag og 18 gutelag.
Etter at fleire av jentene var med å vinne sølv i U17 i Stavanger forrige helg var forventningane høge til laget.


Jentene starta puljespelet sitt godt og vann 2-0 mot Bodø med settsiffera 25-13, 25-13. Etter å vore sekreteriat og linjedomar for Hana-Bodø i ein kamp med settsiffera 25-10, 21-25, 15-8, kan det vere at jentene undervurderte motstandarane sine i siste kampen i puljespelet. I alle fall forsvarte Hana sitt unge lag seg kjempegodt og vann over Tambar med 23-25, 25-23, 15-13, og dermed vart Tambar nr 2 i si pulje.

Etter å ha slått Mosjøen 25-9, 25-9 i 1/16del finale måtte Tambar møte Sortland (heime og finalefavoritt?) i kvartfinala. Der rota Tambar til første settet med mange mottaksfeil for deretter å fortsett med mykje feil serving. Første settet enda då med stygge settsiffer 25-10. I neste sett kom Tambar seg på offensiven, begge laga hadde fleire matchballar, men settet enda 30-28 til Sortland og Tambar vart slått ut av sluttspelet. Då sto det att å spele plasseringskampar om 9-16 plass. Etter å hatt som målsetting å verte mellom dei 4 beste laga, og aller helst møte Sortland i finalen :-) så gjaldt det no å motivere seg til så bruke høvet til å spele godt mot gode motstandarar som og var slått ut, og sikre seg 9.plassen.

Dei greidde jentene og fekk sikra seg 9 plassen med desse kampane:

Tambar - Flint. 2-0, 25-8, 25-18
Tambar - Eidfjord 2-0, 25-17, 25-12
Tambar- Volda 2-0, 25-20, 25-18

Vi gratulerer Førde med bronse i både jente og guteklassen, i tillegg fekk Volda i vår sone gull i guteklassen.

Under premieutdelinga fekk Tambarskjelvar ein spelar, Caroline Helle på All Star jentelaget saman med Nora Berge frå Førde, Førde fekk også med Leonard Hornnes på gutane sitt All Star lag.
Vi gratulerar alle tre med denne utmerkinga.

Det var svært kjekt for både Caroline og Tambarskjelvar og få denne utmerkinga etter å ha vorte slått ut så tidleg og ikkje få vere å spele om medaljene. I tillegg var landslagstrenar Per Arne Haarr og interressert i å snakke med 4 av tambarspelarane etter premiutdelinga. Dei fekk og vere med å trene ei lang økt på nær 3,5 t med han, med interesserte og lærevillige trenarar til stades på tribuna. Så no er fokuset å konsentrere seg om trene vidare :-)

Etter å studerte resultatlista frå NM ser vi og at det var kun Tambar som var i nærleiken av å ta Sortland i eit sett under denne cupen - sjølv om det er sterkt, er det og litt surt å vere slått ut tidleg, men jentene har nok lært leksa si i at ein er kun best, dersom ein er best når det gjelder. Og det gjeld heilt sikkert erfaringa til fleire lag som ikkje kom så langt som dei håpa på.

Jentene på Tambar som var med til NM var:

Marina Gjøringbø, Caroline Helle, Randi Horstad, Silje Undal, Kristine Larsen, Oda Heggedal Longvastøl, Annette Kalland, Astrid Marie Erdal, Gunn Elisabeth Hukseth- Lagleiarar: Elisabeth Bjørvik og Siw Heggedal Longvastøl

Siw

Tambar køyrer stil, og har med seg eigen aerobic-instruktør på tur (Elisabeth)!

1 kommentar: