mandag 4. mai 2009

Referat frå NM U19 1.-3.mai 09

Tambar sitt U19-lag avslutta sesongen med ein flott 6.plass i Bergen. Med i alt 23 jentelag i dette NM-et var dette ei fin avslutning på sesongen. Målet før NM var å kome til kvartfinale, dvs ein plass blant dei 8 beste.

Tambar møtte KFUM Volda og Tromsø Volley i pulja. Dei vann 2-1 (26-24, 20-25, 25-11) mot Volda og 2-0 (25-14 og 25-22) mot Tromsø. Då vart det kvartfinale mot Førde. På førehand vart Førde kanskje rekna som ein liten favoritt, og skulle vi slå dei måtte alle spelarane ha full klaff på same tid. I tillegg var det viktig å stoppe Førde sine beste spelarar Brita Kirkeeide og Linn Nesje Bakke. Det klarte vi nok ikkje, så det vart eit greitt 0-2 tap (21-25 og 22-25).

Då vart det spel om 5.-9.plass. Vi slp KFUM Stavanger 2-1 (25-13, 17-25 og 15-7). Siste kamp vart ein tett og spennande kamp mot Stod. Diverre vart det tap der også, 1-2 (30-28, 24-26 og 14-16). Jentene spelte i heile ein og ein halv time!

Spelarar denne helga var: Mari Standal, Paula Schulze, Linda Fitje Apneseth, Tone Finsrud, Frida Hjelle Aamot, Ina Steiro Herstad, Trude Anette Vallestad, Randi Horstad og Marina Gjøringbø.
Lagleiar: Sturle Standal




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar