tirsdag 29. november 2011

Tildeling av midlar til sandvolleybaner

Tambarskjelvar Volleyball har blitt tildelt midlar som skal sørge for å oppgradere sandvolleyballbanene på Sanden!

Tambarskjelvar Volleyball har søkt om midlar til oppgradering av banene til prosjektet "1000 baner" og Sparebankstiftelsen DnB NOR, og har fått heile 40 000 kroner i midlar. Norges Volleyballforbund håpar på at dette vil føre til auka aktivitet for born og unge i området generelt, med spesiell aktivitetsauke i Tambarskjelvar Volleyball.

Sandvolleyballbanene har ikkje vore i tipptopp stand, men no skal dei altså bli fiksa på. No skal det spelast sandvolleyball!

torsdag 17. november 2011

Referat Førde 4-Tambar

Onsdag 16.november spelte Tambarskjelvar sitt 2.divisjonslag sin andre seriekamp for sesongen. I årets serie i 2.divisjon er det med 5 lag totalt, og Tambar skal spele 8 kampar totalt gjennom heile sesongen som går frå november til mars.

Tambar starta kampen mot Førde 4 (Solvang) veldig godt, lite personlege feil og eit godt trøkk i angrep og god jobbing i forsvar var med på å hale 1.settet i land; 19-25. I 2.settet mista gjengen litt piffen på bana og sleit litt i mottak, men klarte å halde oppe dampen. Gjengen i dei blå draktene på andre sida av nettet jobba iherdig på golvet, men det til tross klarte Tambar å vinne settet med same settsiffer som 1.settet; 19-25. I 3.settet var Tambar klare for å vinne kampen, mykje god jobbing i forsvar, og blokking vart det også ein del av. Godt trøkk på serv også! Alle gjorde lite personlege feil og vi vart vinnar av kampen med settsiffer 14-25 i 3. og siste sett.

Tambar er framleis i siget, og dette var ein veldig god kamp med mykje bra speling. Rett og slett ein god dag på jobben!

fredag 20. mai 2011

Sandvolleyballskule

Marcelo Penner arrangerar sandvolleyballskule i Førde i sommar. For meir info, klikk på denne lenkja. Anbefalar alle å vere med, sandvolleyball er kjempegod trening!

søndag 10. april 2011

Volleyball NM U16 i Bergen

Tambarskjelvar kom på ein fin 4.plass av i alt 16 lag. Etter godt spel både i pulja og kvartfinalen viste vi at Sortland i semien ville bli noko heilt anna motstand enn vi hadde hatt til no.Vi hadde eit lite håp om å spele jamt med Sortland, men dei pressa oss på serv frå første ball. Tambarjentene fekk aldri igang spelet, og vart overkøyrt av norges beste U16 lag.

Tap 0-2 (11-25 og 11-25) Sortland vann 2-0 mot Øksil i finalen.
Dermed vart det bronsefinale mot Hana frå Sandnes.
Her vart det eit 0-2 tap(21-25 og 17-25) Dermed måtte vi ta til
takke med den lite kjekke 4.plassen. Men vi er norges 4.beste U16 lag.
Det er flott:)

Spelarar: Bente Finsrud, Kristina Nyman, Karoline Salbu, Trine Einevoll,
Martine Mallasvik, Solveig Jensen, Veronika Djupvik, Lena Kvellestad
og Kristin Standal.
Trenarar:Dag Rune Mallasvik og Sturle Standal.

fredag 8. april 2011

U12 laget

No nærmar det seg sesongslutt for U12 laget til Tambar, og ei oppsummering av sesongen er på sin plass. Heile 22 jenter og gutar har vore med. Vi har hatt ein flott sesong. Før jul trente vi ein gong i veka, no etter jul har vi trent to gonger. Vi har delteke på fleire U12 turneringar og vi deltok også i KM U14. Høgdepunktet på sesongen var nok Blindheim Cup der vi stillte med 3 jentelag og 2 gutelag, der stillte vi i U 14 nybegynnar klassen. Gutane fikk 5. og 7. plass, medan jentene endte på 7,11 og 13 plass. Vi kosa oss verkeleg på denne turen, både på og utanfor volleyballbana.

Spelarane har hatt god utvikling i spelet sitt gjennom sesongen. Dei er treningsvillige og det gir resultat :) Vi legg vekt på at alle skal trivast på trening. Skal ein kunne bli ein god volleyball spelar er det viktig å vere ein god lagspelar :) Det er moro å vere trenar til slike flotte spelarar :)

No tek vi oss ein treningspause, men spelarane har lova å spele volleyball på strender, plenar, parkeringsplassar o.l i sommar:) Så møtast vi alle i august/september til ny sesong.

Elin har vore oppmann for laget denne sesongen, ho og Eilin har vore med som hjelparar på treningane. Tusen takk damer, de er toppen!!

Volleyballhelsing frå Anne Marit

søndag 3. april 2011

8.plass i NM U19

Tambar sine jenter enda til slutt på ein 8.plass av 16 lag i NM U19 som vart arrangert i Førde denne helga.

Innleiande møtte laget tre lag, Ellingsøy, Holstad og Sortland. Dei slo både Ellingsøy og Holstad 2-0 (25-21, 25-13 mot Ellingsøy og 25-22, 25-23 mot Holstad). Etter ein veldig god kamp mot Holstad, venta Sortland. Det vart eit 0-2 tap (11-25, 21-25) mot eit godt jobbande Sortland-lag.
Det vart 2.plass i pulja, og vi måtte spele ein ekstra kamp (åttandedelsfinale) for å komme med i det øvre sluttspelet. Her spelte dei mot Spirit Lørenskog og vann 2-0 (25-23, 25-18). Dette var ein kamp som jentene aldri kom heilt i gong i. Så var det kvartfinale mot KFUM Stavanger. Stavanger var betre, og jentene vart slått 0-2 (17-25, 18-25). Dei gjorde eit godt forsøk på å slå Stavanger, men vart diverre eit hakk for små i denne kampen.

I neste kamp venta naboklubb Førde. Diverre vart det tap også i denne kampen. Førde vann 2-0 (25-22, 25-22). Jentene gjorde eit godt forsøk her også, men tapte mot eit forsterka Førdelag med tre innhenta TVN-spelarar.

I kampen om 7.plassen søndag føremiddag, møtte jentene Rossvoll. Her kom dei heller aldri skikkeleg i gong. Rossvoll vann 2-0 (25-13, 25-21). Så dermed vart det ein 8.plass, som var eit mål både trenarar og spelarar hadde sett seg på førehand.
Spelarar som var med:
Trude Anette Vallestad, Frida Hjelle Aamot, Ina Steiro Herstad, Oda Heggedal Longvastøl, Randi Horstad, Benedikte Kalland, Gunn Elisabeth Hukset, Martine Mallasvik, Karoline Salbu, Kristina Nyman, Bente Finsrud og Trine Einevoll.
Trenarar/lagleiarar: Sturle Standal og Siw Heggedal Longvastøl
Ass. trenar/lagleiar: Dag-Rune Mallasvik



torsdag 31. mars 2011

Minivolleyball

Minivolleyball-treninga nærmar seg slutten for denne sesongen. 2 og 3.klasse avslutta no på måndag, 4. og 5. klasse trenar til påskeferien. For dei ynsgste var dette eit prøveproskjekt. Volleyballgruppa har tidlegare ikkje hatt trening for så unge utøvarar. Det har vore 18 spelarar innom treninga i vinter og på det jevne har det vore ca.10 på kvar trening. 4-5 klasse har vore ca.10-15 på trening. Vi ynskjer alle velkommen til hausten igjen og håpar nokre nye vil prøve volleyball. Det er plass til fleire. Volleyballgruppa



onsdag 30. mars 2011

Blindheimscup 26.-27.mars 2011

Heile 7 lag frå Tambarskjelvar IL deltok på Blindheimcup i år. Ingen av spelarane har deltatt i turneringa før, så det var mange spente spelarar som reiste til Ålesund denne helga. 5 jentelag og 2 gutelag stillte alle i klassen U 14 J/G nybegynner.


Tambar 1 og 2. Bak frå venstre: Thea Marie Espeland, Sara Frammasvik, Johanne Åsnes, Vilde G Halbrend, Rebekka Frammasvik, Marie Vefring, Stephanie Stubhaug, Framme frå venstre: Marianne Tveita, Lena Bjørklund, Silje K Jensen, Annika Solhem, Vilde S Åse, Martine Herstad. (foto: Lilli Ann Seljeset)


Tambar 1 jenter tok 2 plass etter å ha vunne alle sine innleiiande kampar. I finalen møtte dei Gossen 2. Gossen 2 drog sigeren i land med 2 - 0 (25-13, 25-18).

Spelarar: Annika Solheim, Johanne Åsnes, Sara Frammasvik, Silje K Jensen, Thea Marie A Espeland, Vilde G Halbrend og Rebekka Frammasvik.


Tambar 2 sikra seg ein flott 5 plass. Dei fleste av desse spelarane er nye denne sesongen. Spelarar: Vilde S Åse, Martine Herstad, Lena Bjørklund, Stephanie Stubhaug og Marie Vefring.

tirsdag 29. mars 2011

NM U19 i Førde

Til helga vert NM U19 arrangert av Førde Volleyballklubb. Det vert kampar både fredag, laurdag og søndag. Alle kampar går i Førdehuset.
Tambar sine jenter er i pulje med Sortland, Ellingsøy og Holstad. NM byrjar med opningsseremoni 12.30 fredag, og jentene spelar sin første kamp mot Ellingsøy kl.14.15. Vidare ut over ettermiddagen vert det kamp mot Holstad 16.45 og Sortland 19.15.

Både laget og trenarane har som mål å kome til det øvre sluttspelet, dvs kvartfinale eller betre.
Jentene fekk 1.plass i sonemeisterskapen i Ellingsøy etter finale mot Førde.

søndag 20. mars 2011

9.plass til U17

I kampen om 9.plassen slo Tambar Førde 2-0. Det var litt skuffande, laget tapte to jamne kampar i puljespelet, det var med på å gje dei ein vanskeleg veg til å nå det øvre sluttspelet.

Innleiande resultat:
Tambar - Holstad: 1-2 (25-23, 20-25, 6-15)
Tambar - Rossvoll: 0-2 (24-26, 22-25)
Tambar - Tromsø: 2-0 (25-10, 25-15)
1/8-finale - Tambar - KFUM Stavanger: 0-2 (10-25, 15-25)
9.-12.plass: Tambar - Grong: 2-0 (25-23, 25-21)

Neste helg ventar NM U16 i Bergen, og vi håpar på betre resultat då!

lørdag 19. mars 2011

Minivolleyball

Torsdag 17.mars var det minivolleyball på barneidretten i Naustdal. Det var ein del barn med, men det er enno plass til fleire, så dersom det er nokon som har lyst til å prøve å spele volleyball så er de hjarteleg velkomne til barneidretten torsdag 24.mars kl.18.00.



tirsdag 15. mars 2011

NM U17 i Tønsberg

NM U17 i Tønsberg 18-20.mars
Tambar i pulje med Rossvoll,Holstad og Tromsø volley.Satsar å komme i øvre sluttspel, dvs seie blant dei åtte beste.
Desse spelarane deltar: Gunn Elisabet Hukset, Bente Finsrud, Kristina Nyman, Lena Kvellestad, Karoline Salbu, Solveig Jensen, Veronika Djupvik, Martine Mallasvik og Trine Einevoll. Lagleiar er Siw Heggedal Longvastøl. Volleyballgruppa ynskjer lukke til :)

torsdag 17. februar 2011

Siger i siste seriekampen for Tambar

Siste seriekampen for Tambarskjelvar sitt 2 div lag vart gjennomført mot Førde2 tysdag 15.februar. Tambar vann 25-16, 25-9, 25-14. Tambar spelte med høgt servepress, og gjorde ellers lite feil. 2 divisjonslaget har no gjennomført serie sesongen utan tap :-)

Desse spelte kampen på tysdag:
Frida Hjelle Aamot, Ina Steiro Herstad, Oda Heggedal Longvastøl, Benedikte Kalland, Gunn Elisabeth Hukset, Bente Finsrud, Kristina Nymann, Trine Einevoll, Karoline Salbu.

Det står no att 2 rankingturneringar i Naustdalshallen, søndag 27 februar og søndag 13.mars. Vi håpar på gode kampar mot 2 divisjonslag i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, for oppkøyring til aldersbestemte NM!

Siw


Her er jentene i aksjon mot Førde sitt 1.divisjonslag tidlegare i år.

tirsdag 15. februar 2011

Sone U19

Sone U19 på Skodje. Tambar slo Ellingsøy og Skodje 2-0 innleiande, og vann semi 2-0 mot Kristiansund.
Finale, Tambar - Førde 2-0 25-17, 25-21.

Spelarar: Ina Steiro Herstad, Oda Heggedal Longvastøl, Frida Hjelle Aamot, Benedikte Kalland, Bente Finsrud, Kristina Nyman, Karoline Salbu, Trine Einevoll, Martine Mallasvik og Gunn Elisabet
Hukset.
Klar for NM U19 i Førde.


Sone U17

Sone U17 i Frænahallen, nord for Molde. Tambar vann 2-0 mot Fræna, tapte 0-2 mot Blindhein og slo Førde 2-0 innleiande. Finale Tambar-Blindheim 2-0

Spelarar: Lena Kvellestad, Solveig Jensen, Karoline Salbu, Trine Einevoll,
Bente Finsrud, Gunn Elisabet Hukset, Martine Mallasvik og Kristina Nyman.
Klar for NM U17 i Tønsberg.

søndag 23. januar 2011

KLAR FOR NM U16 I BERGEN

Tambar jenter U16 klart best i Sonemeisterskapen i Førde søndag 23.1. Etter lette kampar i puljespelet og semifinalen, var det venta at Førde 1 ville gi Tambarjentene kamp i finalen. Begge lag var klare for NM U16 i Bergen før det blei avgjort kven som vart sonemeiter.( Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.) Men eit solid Tambarlag gav aldri Førde mulegheit i finalen. Med seier 2-0 og settsiffer 25-12 og 25-6 vart det ein enkel seier. Solid serving, gode i overgangspelet og fleire flotte angrep gav vi aldri Førde mulegheit. Dette er noko å bygge vidare på til NM som blir arrangert den 8-10.april.

Kampar:Tambar-Ålesund 2-0, Tambar - Viksdalen 2-0, Tambar - Vanylven 2-0 og finale, Tambar - Førde 2-0.
Spelarar: Bente Finsrud, Lena Kvellestad, Martine Mallasvik,
Karoline Salbu, Kristina Nyman, Solveig Jensen,
Trine Einevoll og Veronica Djupvik.
Lagleiarar: Børge Einevoll og Sturle Standal

Sturle





søndag 16. januar 2011

Vinnar av KM

Lørdag 15.01.2011 arrangerte Tambarskjelvar il volleyball KM U16 i Naustdalshallen.

Tambarjentene møtte: Førde 1, Førde 2, Viksdalen, Jølster.

Jentene vant alle kampene 2-0 og var med det klar for KM finale mot Førde 1.En kamp jentene vant klart 2-0 og dermed er de KM vinnere 2011. Gratulerer..


Disse var med: Veronika Djupvik, Karoline Salbu, Kristina Nymann, Martine Mallasvik, Lena Kvellestad, Solveig Jensen, Trine Einevoll og Bente Finsrud.

Trenere Børge Einevoll og Dag-Rune Mallasvik.

Takk til Sissel Jensen med familie som styrte kantina og ryddinga etterpå med stødig hand, og stor takk til Lise Toverud som var aleine i sekretariatet og hadde full kontroll.

Ref. drm

søndag 9. januar 2011

2 volleyballsigrar for 2 div-laget til Tambar i Sogndal i dag

Tambarskjelvar sitt 2 div lag hadde tidleg avreise i dag, søndag 9 januar til Sognehallen.
Første kampen var mot Studentspretten Sogndal der Tambar vann 3-0, med settsiffera 25-9, 25-15 og 25-16
Siste kampen gjekk mot Førde 2 (Solvang), dette vart ein jamnare kamp med settsiffera 25-17, 27-25, 25-22
Neste kamp går i Naustdalshallen fredag 14 januar kl 18:30 mot Førde 2, så då kan heimepublikum få gleda av vere med å styrke innsatsen til Tambar!

På Tambar spelte i dag Frida Hjelle Aamot, Ina Steiro Herstad, Trude Vallestad, Randi Horstad, Oda Heggedal Longvastøl, Gunn Elisabeth Hukset, Bente Finsrud, Kristina Nymann og Trine Einevoll. Trine hadde sin debutkamp som libero for 2 div denne søndagen, det er tøff jobb for ein ung spelar som ho kom godt i frå!
Siw






søndag 5. desember 2010

2 sigrar til Tambar sitt 2 div.lag

Søndag 5.desember var det seriekampar for 2.div i Naustdalshallen.

Tambar spelte mot Studentspretten Sogndal og vann 3-0, med settsiffera 25-21, 25-18, 25-22.
Tambar-Viksdalen enda og 3-0 med settsiffera 25-8, 25-10, 25-16

Desse spelte på Tambar: Frida Hjelle Aamot (92), Trude Vallestad (92), Randi Horstad (93), Oda Heggedal Longvastøl (93), Silje Undal (93), Gunn Elisabeth Hukset (94), Bente Finsrud (95), Kristina Nymann (95) og Karoline Salbu (95). Karoline Salbu hadde ein flott debut i 2 div og spelte 2 sett som leggar mot Viksdalen.

Tambar har dermed vunne alle 4 seriekampane i 2 div så langt i sesongen.

Det var også fleire seriekampar i Naustdalshallen søndag 5 desember:

Viksdalen- Førde 2 (Solvang): 1-3, og Studentspretten Sogndal - Førde 2 (Solvang): 0-3

Siw


lørdag 4. desember 2010

Tambar U16

Lørdag 4 desember 2010 arrangerte volleyballgr. i Tambarskjelvar turnering for U -16 jenter og gutter fra Sogn og Fjordane. Tambar sine U-16 jenter gjorde reint bord, igjen.

Tambar møtte:
Førde 1,
Førde 2,
Førde 3
Fjellhug/Vereide

Jentene vant alle kampene klart 2-0.

Disse var med: Veronika Djupvik, Karoline Salbu, Kristina Nymann, Martine Mallasvik, Lena Kvellestad, Solveig Jensen og Bente Finsrud.

Trenere Sturle Standal og Dag-Rune Mallasvik.

Takk og til Sissel Jensen som styrte Kantina og ryddinga etterpå med stødig hånd.

Referent drm