søndag 15. mars 2009

2.divisjon-ranking

Laurdag 14.mars deltok Tambar sitt Jenter U17-lag i 2 div. ranking-turnering i Førdehuset.
Målsettinga med turneringa var å få samspelt JU17-laget i ei turnering som førebuing til NM, dessutan er det kjekt å møte nye lag. Det var 4 kampar på 4 timar, deretter måtte spelarane dømme 2 paralelle kampar for så å spele 2 plasseringskampar til slutt. Eit rimeleg tøft opplegg når vi har Mari, Ina og etterkvar også Trude av dei 10 spelarane ute med sjukdom/skade. Resten av gjengen måtte dermed stå på for fullt gjennom alle kampane.
Sjølv om vi ikkje fekk prøvd ut alt vi hadde tenkt i løpet av turneringa med så få spelarar (7), sikra vi oss 4.plassen både i innleiande serie og i sluttspelet som var mellom dei tre siste laga. Vi var særleg nøgde med at vi fekk ein god kamp mot Førde/Sunnfjord og ein svært godt sett mot Volda i sluttspelet. Ellers fekk vi blokka mykje og kjenne på at vi byrjar å få til timinga på det. Trur det gjorde særleg godt for dei som fekk oppleve å blokke tidlegare Tambar- og elitespelar Unn Kvennset.
Sjølv om jentene helst ville vinne alle kampar, så er dette svært god innsats med det aller yngste laget i turneringa.

Kampresultata:

Innleiande serie:
Tambar- Førde/Sunnfjord: 0-2 (23-25, 20-25)
Tambar - Førde: 2-1 (23-25, 25-16, 15-9)
Volda - Tambar: 2-0 (25-18, 26-16)
Tambar- Kristiansund: 0-2 (15-25, 18-25)
Sluttspel (om 3 plassen)
Førde - Tambar: 1-2 (25-18, 10-25, 14-16)
Volda - Tambar: 2-1 (25-12, 22-25, 15-7)

Sluttresultat:
1. Førde/Sunnfjord, 2. Kristiansund, 3 KFUM Volda, 4. Tambar, 5. Førde

Siw


U-17 spelarane. Oppe f.v.: Marina Gjøringbø, Ina Steiro Herstad, Trude Anette Vallestad, Randi Horstad og Caroline Helle.
Nede f.v.: Frida Hjelle Aamot, Oda Heggedal Longvastøl, Benedikte Kalland og Annette Kalland. Mari Horstad var ikkje til stades.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar