søndag 1. mars 2009

Tap for Tambar mot Osterøy i 1.divisjonskamp i hallen søndag 1.mars

Tambarjentene tapte 0-3 (15-25, 22-25 og 19-25) mot tabelltoar Osterøy. Mykje godt forsvarspel frå Tambar som vi berre tidvis klarte å omsette i gode avslutningar. I Synnøve Øyra Iversen og Eva Linn Hove Ås sitt fråvær vart det litt for mykje ansvar på Mari Standal på sin kantposisjon.

Neste kamp er mot Åsheim, fredag 6.mars kl.18 i Naustdalshallen, og vi avsluttar sesongen i 1.div. med siste rankingturnering i Førdehuset 7-8. mars.

Sturle


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar