søndag 8. mars 2009

Resultat frå siste rankingturnering 1.divisjon damer i Førde

Tambar vart til slutt nr. 8 under rankingturneringa i Førdehuset laurdag og søndag. Laget vann kun ein kamp og tapte fire, og fekk dermed maksimalt ut av turneringa. Laget spelte først mot eit ungt Toppvolley-lag på laurdag, og vann 2-1 etter settresultat 20-25, 25-18 og 15-11. I den andre innleiingskampen vart det 0-2 tap mot Kristiansand, 19-25 og 17-25.

Kvartfinale mot Dragvoll, kanskje den beste kampen i helga, men likevl 0-2 tap etter settsiffer 22-25 og 27-29. I spelet om 5.-8.plassane på søndag, vart det først 1-2 tap mot OSI og deretter 0-2 tap mot Osterøy.

Sturle


I ein timeout under kampen mot OSI.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar