I helga var 1.divisjon i Bergen og spelte seriekampar mot BSI og Osterøy. Gjengen reiste sørover laurdag morgon. Vi rakk akkurat å sjå semifinalen i cupen mot BSI(elitelaget) og Oslo Volley. Dei tidlegare tambar-spelarane Hilde Elvebakk, Ingri Malene Ervik Erdal og Beate Nyhammer Hansen var med og spelte.
Då semifinalen var ferdig(BSI tapte 1-3) var det Tambar sin tur. Tambar kom ikkje heilt i gong, og tapte dei to fyrste setta(25-17, 25-19). Men Tambar-jentene gav seg ikkje og vann både 3., 4. og 5. sett(19-25, 23-25, 11-15).
Les meir på http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6330749 .
Søndag var det kamp mot tabell-toar Osterøy. Dei vann dei to første setta(18-25, 22-25), men Osterøy tok både 3. og 4.sett(25-16, 25-19). I siste sett var sleit vi i byrjinga, men tok oss inn att. Osterøy vann kampen med 18-16 i siste sett...trudde vi.. Men etter at siste ball var gått i bakken, og spelarane hadde byrja å takke for kampen, hadde dommaren sett at Osterøy hadde ein rotasjons/oppstillingsfeil. Dermed var stillinga 17-17. Tambar-jentene greip den sjansen dei hadde og tok dei to siste poenga slik at det vart 3-2 siger til Tambarskjelvar!! Dermed vart det 17-19 i siste sett.
Tambar-jente spelte to veldig gode kampar i helga, og forsvaret i søndagens kamp har vel sjeldan vore betre.
http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6331290
Bilete kjem seinare for maskina mi er øydelagt!
Desse var med:
Mari Standal
Synnøve Øyra Iversen
Anne Marit Sølvberg Rygg
Ina Steiro Herstad
Linda Fitje Apneseth
Lise Toverud
Paula Schultze
Kristina Mundal
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar