mandag 1. desember 2008

Referat frå ranking - 2.divisjon i Volda

Tambarskjelvar sitt 2 div. lag var laurdag i Volda og spelte rankingturnering.
Spelarar og lagleiarar gledde seg til å prøve seg mot andre lag enn dei som er i serien her i fylket. Det var 6 påmelde damelag i turneringa, men berre Tambarskjelvar frå Sogn og Fjordane. Vi var i pulje med Kristiansund og Ålesund. Første kampen mot Ålesund vann Tambarskjelvar 25-20, 25-21. Neste kamp mot Kristiansund vart eit klart tap for Tambarskjelvar sine unge spelarar 7-25, 16-25. Kristiansund hadde mange røynde spelarar m.a. tidlegare Tambarspelar Unn Kvendseth som også har spelt i Eliteserien :-)

Tambar vart nr 2 i si pulje og spelte deretter mot Volda som vart nr 3 i si pulje. Der opna vi bra og leia lenge i første sett, men Volda vann tilslutt 27-25. Neste sett vart Voldingane litt for lure for oss, vi leste ikkje godt nok spelet deira og sluttresultatet vart 25-17 til Volda. Då sto det att å møte Ålesund att for å spele om 5 plassen. Ålesund var sugne på revansj, i første sett slo dei oss 19-25, då vakna jentene våre opp att og dei to neste setta vart det 25-17 og 15-11.

Vi var nøgde med innsatsen og kampane sjølv om vi ikkje spelte på topp heile tida. Vi hadde det aller yngste laget (U17), Ålesund, Blindheim, Volda 2 stillte med U19 laga sine, medan Volda var U21 og Kristiansund hadde mange vaksne og rutinerte spelarar. Det vart slik mykje fin kamptrening, og vi har fått kjenne meir på kva vi bør øve vidare på for å heve oss vidare.

Siw

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar